No blir 30-dagarsbilletten på kollektivtransport billegare

Det betyr blant anna 144 kr billegare periodebillett for vaksne som reiser innanfor ei sone.

Buss på busstopp med folk.
REDUSERER PRISEN: Grunna tilskot frå staten, blir prisen på 30-dagars periodebillett redusert frå 1. mai og eitt år fram i tid. Foto: Bjarte Brask Eriksen/Vestland fylkeskommune.

Grunna tilskot frå staten, blir prisen på 30-dagars periodebillett redusert frå 1. mai og eitt år fram i tid. 

Jobbar med nasjonalt månadskort 

Stortinget ønskjer å innføre eit nasjonalt månadskort for kollektivtransport i løpet av 2027. Dei har bedt regjeringa om å gå i dialog med fylkeskommunane for å greie ut moglegheitene for ei slik ordning. I påvente av utgreiinga er det løyvd 620 millionar til ei midlertidig søknadsordning for fylkeskommunane i 2026. Om lag 81 millionar av desse går til Vestland fylkeskommune. 

– Dette er ei god nyheit for alle kollektivbrukarar som kjøper 30-dagarsbilett i fylket vårt. Midlane frå staten skal vere med å sikre eit best mogleg kollektivtilbod, i tillegg til reduserte prisar for dei reisande i heile landet, seier fylkesordførar Jon Askeland.  

Gjeld midlertidig 

Prisavslaget er midlertidig og vil falle bort ved utgangen av avtaleperioden i april 2027, dersom staten ikkje erstattar det med nye tilskot, eller innfører ein nasjonal periodebillett. Fylkestinget vedtok 24. mars korleis prisreduksjonen skal fordelast mellom dei ulike kategoriane reisande. 

Tilskotet skal gje reduserte prisar på månadskort for fylkeskommunal kollektivtransport, noko som inkluderer buss, båt og bane, i tillegg til tog der dette er del av takstsamarbeidsavtale til fylket. 

Tilskotet skal redusere prisane på månadskort med om lag 100 kroner i gjennomsnitt. Prisreduksjonen gjeld for 30-dagars periodebillett og vil ikkje påverke prisane på andre typar billettar. 

Slik blir dei nye prisane på 30-dagarsbillett for ei sone frå 1. mai 2026

  • Vaksne: Ny pris er 700 kr, ein nedgang på 144 kr frå 844 kr. 
  • Barn: Ny pris er 350 kr, ein nedgang på 72 kr frå 422 kr. 
  • Studentar: Ny pris er 420 kr, ein nedgang på 86 kroner frå 506 kr. 
  • Ungdommar: Ny pris er 350 kr, ein nedgang på 63 kroner frå 413 kr 
  • Honnør: Ny pris er 350 kroner, ein nedgang på 72 kroner frå 422 kr. 

Større reduksjon for fleire sonar

Omlag 99 prosent av tal selde periodebillettar gjeld reise innanfor ei sone. Prisavslaget er lagt opp slik at kundane får større prisavslag dersom dei kryssar fleire soner for buss, bane og båt eller fleire trinn for hurtigbåtruter med avstandsbasert prising. 

Ønskjer du utfyllande informasjon om tilskotsordninga, og lurer på kva prisen blir dersom 30-dagarsbilletten gjeld fleire sonar? Sjå saksframlegget frå fylkestinget