Musikkterapi hjelper elevar til å meistre skulekvardagen

Språkvanskar, indre uro eller frykt for å falle utanfor? Eit toårig prosjekt på tre vidaregåande skular i Vestland viser at musikkterapi treff dei elevane som strevar mest. No blir prosjektet utvida fram til 2029.

Ungdomar som spelar gitar og andre instrument.
MUSIKKTERAPI: Skulane som har delteke i musikkterapiprosjektet har hatt ulike tilbod og aktivitetar. Det har vore til dømes å lytte til musikk, lage musikk og å spele saman, som elevar ved Årstad vidaregåande skule gjer her. (Foto: Karoline Ørnegård)
  • Eit toårig prosjekt ved tre vidaregåande skular i Vestland viser at musikkterapi er eit treffsikkert tiltak for elevar med psykiske utfordringar, traumeerfaring eller behov for ein alternativ meistringsarena.
  • Frivillig deltaking utan vurderingspress er ein føresetnad for at elevane opplever tryggleik og meistring.
  • Deltaking i musikkterapi bidrog til auka tryggleik, mindre einsemd, betre oppmøte, motivasjon, og at det vart enklare å følgje med i andre fag.
  • Tilbodet kan spare samfunnet for store summar som eit førebyggjande tiltak mot fråfall i vidaregåande opplæring.
  • Fylkesutvalet vedtok 21. mai å vidareføre og samordne prosjektet med forskingsprosjektet RESONATE, som går fram til 2029. Det er leia av Griegakademiet og finansiert med 12 millionar kroner frå Forskingsrådet.
  • RESONATE er del av det fireårige prosjektet Inkludering i Vest, som er eit samarbeid mellom Vestland fylkeskommune, NAV, NHO, LO og KS.

Oppsummeringa er laga av Mimir, den interne KI-tenesta til Vestland fylkeskommune. Innhaldet er kvalitetssikra av kommunikasjonsseksjonen før publisering.


– Gjennom dette prosjektet har vi lært at musikkterapi i vidaregåande opplæring framstår som eit treffsikkert, inkluderande og konstnadseffektivt tiltak. Det har fleire positive verknadar på psykisk helse, sosial tilhøyrsle, skulemiljø og oppmøte, seier fylkesordførar Jon Askeland.

Fylkesutvalet tok i møtet 21. mai til vitande rapporten om prosjektet og vedtok samstundes å vidareføre prosjektet.

Rapport om prosjektet Musikkterapi i vidaregåande opplæring (pdf). 

Arena utan karakterpress

Eit gjennomgåande funn i prosjektet er at frivillig deltaking utan karakter- og vurderingspress er ein avgjerande føresetnad for å oppleve tryggleik og meistring.

Målgrupper for prosjektet, som har gått føre seg sidan 2026, har vore elevar

  • med psykiske utfordringar, og som er i behandling (Bergen katedralskole, avd. Kyrre)
  • som har opplevd traume som til dømes krig (Bergen katedralskole, innføringsklasse)
  • som av ulike grunnar treng ein alternativ meistringsarena (Bergen katedralskole, avd. Kyrre og Årstad vgs.)
Når eg ikkje orket noe skole i det hele tatt var musikkterapi noe eg følte eg kunne mestre sjølv om alle andre fag virket umulig for meg. Eg tror musikkterapi tilbudet var akkurat det eg trengte for å få selvtilliten til å mestre skolen igjen.

Sitat frå elev

Viktig å hindre fråfall

Musikkterapitilboda har synt seg å vere treffsikre, og dei kan spare samfunnet for potensielt store summar som førebyggjande tiltak mot fråfall i vidaregåande opplæring.

– Noko av det viktigaste Vestland fylkeskommune gjer, er å få flest mogleg elevar til å fullføra vidaregåande opplæring. Det er viktig for å hindre at ungdomane blir ståande utanfor arbeidslivet seinare i livet. Vi ser difor svært positivt på alle tiltak som kan bidra til dette, og tykkjer resultata frå musikkterapiprosjektet er både interessante og oppløftande. Difor forlengar vi no prosjektet og håpar fleire får ta del i det, seier fylkesordføraren.

Ung gut med gitar.
Prosjektet syner at det å delta i musikkterapi blant anna gjer at elevane opplever meir tryggheit og å fungere betre i skulekvardagen. Dei har også fått auka motivasjon for å møte opp på skulen. (Foto: Karoline Ørnegård)

Nokre av hovudfunna i prosjektet:

  • Musikkterapitilboda støttar opp om lovpålagde oppgåver i opplæringslova og svarer til fleire mål i temaplanen «Fornye og forbetre – auka gjennomføring».
  • Musikkterapitilbodet viser seg som eit treffsikkert og potensielt kostnadseffektivt samfunnsøkonomisk førebyggjande tiltak mot fråfall.
  • Funn syner at deltaking i musikkterapi bidrog til
    • auka oppleving av tryggheit
    • at elevane har fleire å snakke med og såleis opplever mindre einsemd
    • at elevane opplevde å fungere betre i skulekvardagen
    • motivasjon for å møte opp på skulen
    • at det vart enklare å følgje med i dei andre skuletimane
    • auka deltaking i andre kulturtilbod utanfor skulen
    • å bryte språkbarrierar og motverke utanforskap
    • betre skulemiljø
    • at skulane ønska at tilsette og elevar får meir kunnskap om faget musikkterapi
    • å syne at musikkterapi krev god organisering og nok ressursar for å fungere godt og verke som alternativ lærings- og meistringsarena

Varierte aktivitetar

Prosjektet har mellom anna hatt som mål å gje fylkeskommunen kunnskap om korleis musikkterapi kan bidra, og kva det gjer med ein skule når dei får ein musikkterapeut. Ei utfordring har vore korleis dette skal koplast til læreplanen og lovpålagde oppgåver. Samstundes har prosjektet sett på ulike former for aktivitetar, og korleis elevane opplever dei.

Gjennom prosjektperioden har aktivitetane vore å lytte til og snakke om musikk, lage musikk, spele saman, og snakke. Kvar av aktivitetane har gitt sine verknader på elevane, og bidrege inn i skulekvardagen på forskjellig vis.

På Årstad vgs. har dei mellom anna starta ei lågterskel, open samspelsgruppe etter skuletid. Denne har vore populær, og bidrege til å binde saman skule og fritid. På Bergen katedralskole, avd. Kyrres har hovudaktiviteten vore individuelle musikktimar med musikkterapeut og lyttegruppe leia av rådgjevar ved skulen. På Bergen katedralskole var tilboda knytt mot innføringsklassane. Her var det godt samarbeid med miljøarbeidar og praksisstudentar i musikkterapi frå Griegakademiet og musikkterapeutar på utveksling via Erasmus +.

Skal samordnast med forskingsprosjekt

Fylkesutvalet vedtok 21. mai at musikkterapiprosjektet i vidaregåande opplæring skal samordnast med forskingsprosjektet RESONATE, som går fram til 2029. Griegakademiet leiar prosjektet, og Vestland fylkeskommune er samarbeidspart. Prosjektet skal undersøke korleis musikk kan bidra til å redusere skulefråvær og auka tilhøyrsle og deltaking i skulen gjennom samskapte musikkaktivitetar.

– Det er heilt essensielt at vi ser alle gode tiltak i samanheng og jobbar i same retning. Difor vil vi no knyta prosjektet med musikk i vidaregåande opplæring tettare til RESONATE. Det å delta i samfunnet og vere del av både skule- og arbeidsliv er heilt vesentleg for helse- og livskvalitet, seier Askeland.

Fylkesutvalet ønskjer også at tilboda og behova til menneske med funksjonsvariasjonar blir del av det vidare arbeidet i RESONATE. RESONATE har fått 12 millionar kroner frå Forskingsrådet. Det er også del av Inkludering i Vest, som er eit fireårig samarbeidsprosjekt mellom Vestland fylkeskommune, NAV, NHO, LO og KS.