Hardangerviddarådet ber staten leggja sti- og løypeplan til grunn for villreintiltak
Den nyleg vedtekne planen til Hardangerrådet vart overlevert Klima- og miljødepartementet sist veke.
På grunn av den utfordrande tilstanden for reinen på Hardangervidda, har departementet varsla ein eigen tiltaksplan. Målet er å snu den negative utvikla for villreinen, og sikre ein god tilstand på denne ikoniske arten på Hardangervidda.
– Planarbeidet har hatt ein grundig og inkluderande prosess, der mange aktørar lokalt og regionalt har bidrege med kunnskap og erfaring. I tillegg har samarbeidet mellom fylkeskommunane vore særs godt, og vist at vi står samla om å finne løysingar som både tek omsyn til friluftsliv og til den sårbare villreinen. Eg oppfordrar sentrale myndigheiter til følge dei klare og samstemte anbefalingane frå lokal- og regionalpolitisk nivå, seier fylkesordførar Jon Askeland.
Hardangerviddarådet og fylkeskommunane ventar no på departementet si endelege vurdering av friluftslivsferdsel og andre faktorar som påverkar villreinen på Hardangervidda. Den felles sti- og løypeplanen er overlevert som eit viktig fagleg og politisk bidrag til staten sitt arbeid med tiltaksplanen for Hardangervidda villreinområde, som etter planen skal lanserast til sommaren.
– Den nye sti- og løypeplanen for Hardangervidda er eit godt og konkret steg på vegen mot ein meir villreinvennleg bruk av Hardangervidda, og vert forhåpentlegvis nytta av regjeringa inn i deira arbeid med tiltaksplan for Hardangervidda villreinområde, seier David Underdal, som representerte Vestland fylkeskommune i Hardangerviddarådet førre veke. Underdal er utpekt av fylkestinget til å sitte i rådet.
Brei politisk forankring
Felles sti- og løypeplan for Hardangervidda er resultatet av eit omfattande samarbeid mellom kommunar, næringsaktørar, frivillige organisasjonar, forvaltningsstyresmakter og fagmiljø på og rundt Hardangervidda. Planen skal bidra til å balansera omsynet til friluftsliv og bruk av vidda opp mot behovet for betre ivaretaking av villreinen og naturgrunnlaget.
Hardangerviddarådet er eit politisk samansett samarbeidsorgan med representantar frå kommunar og fylkeskommunar rundt Hardangervidda, i tillegg til leiaren av Villreinnemnda og representantar frå dei tre statsforvaltarane. Vedtaket gir sti- og løypeplanen ei tydeleg politisk forankring på tvers av forvaltningsnivå og kommunegrenser.
Parallelt har arbeidet vore fagleg forankra gjennom ei administrativ gruppe som har bidrege med kunnskap, analysar og vurderingar knytte til ferdsel og naturverdiar. Planen er òg grundig konsekvensvurdert av eksterne fagmiljø.
Styrer ferdsel i tid og rom
Villreinen er nomadisk og brukar ulike delar av Hardangervidda til ulike tider av året. Dette gir moglegheiter nokre stader og avgrensingar andre stader. Gjennom å dele vidda i soner, der det kjem tydeleg fram kvar villreinvennleg ferdsel kan gå føre seg, kan friluftsfolk og besøkande i større grad vera trygge på at dei tek omsyn til sårbart naturmangfald.
Fylkeskommunane si rolle
Vestland, Telemark og Buskerud fylkeskommunar samarbeider om sekretariatet og finansieringa av prosjektet. Fylkeskommunane si rolle har vore å leggja til rette for dialog, sikra brei medverknad og samla ulike interesser i framforhandla løysingar.
I møtet med Klima- og miljødepartementet la statssekretær Kristoffer Hansen vekt på det grundige faglege og politiske arbeidet som er lagt ned, og på betydninga av den breie forankringa som er oppnådd gjennom prosessen.