Fylkesordførar Jon Askeland talte til fylkestinget

Nokre stikkord: auka fullføring og mindre utanforskap i opplæringssektoren, fordeling av styreverv, ferjeavløysingsordninga og beredskap.

Fylkesordførar Jon Askeland på talarstolen.
TALE: Fylkesordførar Jon Askeland opna fylkestinget med å snakka til fylkestinget om blant anna veg og ferjeavløysing, bereskap og opplæring. (Foto: Silje Alvsaker/Vestland fylkeskommune)

Fylkestinget har møte på Vestlandshuset i Bergen 24. og 25. mars. Tingseta starta med at fylkesordførar Jon Askeland heldt denne talen til fylkestinget:

Gode vestlandsting!

Velkommen til samarbeid, Robert Rastad! Det er ei glede for oss alle å ønskja deg varmt velkomen til di første tingsete som fylkesdirektør. Du har vore i sving sidan nyttår, og det er inspirerande å samarbeide med deg, og sjå korleis du har gått inn jobben og formar organisasjonen vidare saman med tilsette, folkevalde og alle me samarbeider med.

Eg vil framover i større grad dra opp problemstillingar eg ser og melder tilbake sidan sist, sjølv om det berre vert eit lite utval i kvart møte:

Opplæringssektoren

Me har vurdert, og nokre stader innført, felles leiing av ein del distriktsskular. Men kva spørsmål stiller me ved drifta av dei mest komplekse utfordringane våre i Bergen, i stor-Bergen. Har me nok merksemd på storbytematikken i innsatsen for at alle skal fullføra vidaregåande utdanning? Jobbar me godt nok på tvers mellom bergensskulane for å lukkast med den særlege storbytematikken? Her ligg skulane tett som hagl, og eg har ikkje tankar om å slå dei store skulane saman, men spør om fagmiljø og skular deler utfordringar og beste praksis med utanforskap og fullføring i lys av storbyutfordringane. Er me målretta nok, for det er her me vil ha størst gevinst av auka fullføring og mindre utanforskap?

Dette har modna fram hjå meg etter at me i vinter skreiv under samarbeidsavtale med Bergen kommune. Avtalen handlar om kor lista skal liggja på faget utdanningsval i ungdomsskulen, og der også ideen er å sikra at alle elevane fullfører og tek rette val, og i samtalar med dei dyktige folka våre i oppfølgingstenesta. Det er fint om hovudutval for opplæring og kompetanse saman med administrasjonen vurderer om me skal sjå ekstra på auka fullføring i Bergen og storbyområdet.

Styreverv

Det dreg seg sakte mot val, og eg vil få trekkja opp ei lita tankeboble. Eg personleg meiner at me som kollegium skulle hatt langt færre styreverv i denne salen. Me stiller til val, går gjennom valkamp, og endar opp som inhabile på grunn av styreverv når me skal utforma politikk. I Bergen og nokre kommunar går partifordelte verv til partimedlemmer utanfor by- og kommunestyret. Det er ein betre modell.

Og så har eg ei tilleggsvurdering, færre partifordelte verv og å bruka verva våre til utvida alliansebygging. Døme: Vestland har to styreplassar i Festspillene, og skjøttar verva godt, så eg har intet at bemerka i så måte. Men kunne me styrkt vennskapsavtalen gjennom å tilby City of Edinburgh ein styreplass i Festspillene? Då kunne me kanskje gitt Festspillene endå betre teneste, for Edinburgh har jo ein tilsvarande klassisk/scenekunstfestival i Edinburgh International Festival. De treng ikkje replisera på desse tankane i dag, men eg håpar me kan tenkja litt ope om styreverva si fordeling og formål før me sit og riv i den sokalla beinboka i november 2027. Eg nemner også at vurdering av styringsform må handsamast i år, men treng ikkje fatta vedtak.

Næringsutvikling

Næringslivet vårt går så det susar om dagen. Men no er det ganske så tomme ordrebøker i oljeindustrien på Stord, og det ser skummelt ut frå neste år. Me må sikra at verdiskapinga held seg, for elles vert velferda vår trua, og verftsarbeidarane på Stord skal ikkje inn i offentleg sektor.

Me har nyleg hatt toppmøte med styreleiar og administrerande direktør i Innovasjon Noreg og peikt på utfordringane. Det er også svært bekymringsfullt at dei norske ordningane med finansiering av innovasjon og grunderskap er langt svakare enn dei fleste andre europeiske land. Me såg til dømes langt betre ordningar i Finland under delegasjonsreise dit i februar.

Ferjeavløysingsordninga

Denne tingseta har til handsaming fleire vegsaker. Godtfolk, det er underleg at tomme ordrebøker hjå entreprenørane ikkje viser att i reduserte prosjektkostnader. Me får også dokumentasjon på at fylkesvegforfallet aukar, no rustar også ferjelemmane sund.

Me har sak om kunnskapsgrunnlaget for ferjeavløysingsordninga. Denne er alvorleg for oss. Ferjeavløysingsordninga har fått oss til å prioritera dei to store ferjeavløysingsprosjekta hittil, på grunn av tidsfrist for igangsetjing innan 2027. Dermed har så store prosjekt fått forrang i køen vår. Kunnskapsgrunnlaget slår ned uttalane til blant andre stortingspolitikarar, som har sagt at ordninga er gratis for fylkeskommunane. Det er ho ikkje. Faktum er at Vestland fylke må betala 1 milliard av eigne midlar til Atløybrua, og eigenandelen har auka med 65 prosent frå hovudvedtaket, sidan alle kostnader etter godkjende kostnadsoverslag i departementet må dekkast av fylkeskommunen. Dermed vert det mindre ferjeavløysing, og meir fylkesmidlar tatt frå drift og andre investeringar.

Atløysambandet og Ytre Steinsund bru gir Vestland fylke 7 prosent høgare gjeldsgrad og store rentekostnader dei neste 20 åra. Dette sidan det er først dei siste 25 åra at ferjeavløysingsordninga er «positiv» i fylkesrekneskapen. Det er lettare å erstatta ferjer med bruer om ordninga vert betre, så me må bruka kunnskapsgrunnlaget til å sikra dette, for ordninga tvingar heilt nødvendige investeringar bak i køen.

Saka understrekar også behovet for at fylkesvegar får eit reelt løft i komande Nasjonal transportplan (NTP), slik saka om landsdelsanalyse til NTP viser.

Tannhelse

Så vil eg rosa fylkesdirektøren for å gjera ei ny vurdering av framtidig tannklinikkstruktur både til etter stortingsbehandling, og ved å sjå på både rekrutteringsutfordring og samarbeid med tannhelsetenesta elles før me får saka.

Ta rundar i rettssystemet

Tingsete: Eg merkar meg at ein av våre kontraktsmotpartar før helga tyr til å varsla stopp i varelevering, og seier til kundane at dette gjer dei under pågåande rettstvist, og uttalar ope at dette vert gjort for å anten få oss til å betala meir eller løysa dei frå kontrakten. Eg registrerer tilsvarande framgangsmåte i Nordland. Dette er for meg ein ny metode i rettsstaten vår, og eg oppmodar fylkestinget til at administrasjonen tek rundane i rettssystemet, og at det ikkje lukkast å lokka meg og andre utpå.

Beredskap

Me er i totalforsvarsåret, og situasjonen ute gir grunn til uro. Me veit ikkje kva krise me skal bu oss på. Det viktigaste er å styrkja det sivile samfunnet og strukturane våre kvar dag. Det gjer samfunnet vårt sterkare dersom situasjonane vert meir krevjande. Me veit ikkje kva me skal førebu oss på eller mot. Men eit samfunn med tillit i folket, me må sikra straumnettet i fredstid, sikra oss mot hacking, sikra oss mot at matforsyningane fungerer, til akseptable prisar. Priseksplosjonen på drivstoff og gjødsel kan gje dramatiske matvareprisar framover. Det viktigaste er å sikra tilliten i folket og som opplæringsansvarleg er både demokratiprosjektet og det å hindra radikalisering av unge under utdanning viktig bidrag. Alle må gjera sitt, og eg viser til Finland: Presidenten deira svarar slik på spørsmålet om finnane er redde for Russland: Nei, me er ikkje redde, me er førebudde.

Endringar

Robert og eg har drøfta endringar ved generaldebatten på fylkestinget. Fylkesdirektøren presenterer straks seg sjølv og deler nokre tankar om leiarskapen sin. Me tilrår at heretter er generaldebatten ein folkevald sekvens, der fylkesordførar kan melda sidan sist, og drøfta og få signal frå fylkestinget. Fylkesdirektør svarar sjølvsagt på spørsmål som kjem fram i debatten. Elles er det fylkesdirektør som legg fram sakene og kan innleia og ha ordet i alle debattar.

Med dette seier eg: Godt vestlandsting!