Slitne ferjekaier trugar framtidas ferjetilbod

Fylkestinget vil prioritere opprusting av ferjekaier som ikkje kan nyttast i framtidas ferjetrafikk. Store skadar og manglar gjer at mange kaier i Vestland ikkje tilfredsstiller dagens krav.

Vi ser ei ferjekai frå lufta med land i forgrunn og grå sjø bak. Ein smal veg går ned til kaia, der ligg det ei ferje inn til ei smal utstikkande kai. Ferjebrua er og smal og lita, og mykje mindre enn det ferja eigentleg treng i høve si breidde. Ferja er lita, kvit med grønt dekke, med sidestilt styrehus. Bommen er nede og 5 bilar er synlege på ferja. det er snø på bakken og mykje rust på kai og ferje.
FOR DÅRLEG: Varaldsøy ferjekai er for kort, og ferjekaibrua for lita. Her kjem det tiltak i 2030, men det er ei av mange ferjekaier i Vestland som må rustast opp for fleire titals millionar kroner før det i verste fall går ut over rutetilbodet. Foto: Håvard Strandabø Kvalen/Vestland fylkeskommune

Fylkestinget handsama saka "Kunnskapsgrunnlag for ferjekaiar knytt til 2030-anbod" i møte 25. mars 2026.   

Forfallet kan endre rutetilbodet

Det nye kunnskapsgrunnlaget viser store og kritiske behov for både vedlikehald og tilpassing av ferjekaiene i Vestland, med ein estimert kostnad på mellom 600 og 900 millionar kroner. Fleire av ferjekaiene har så store skadar, manglar og slitasje at dei ikkje tilfredsstiller dagens krav eller kan ta i mot nye ferjer. 

– Vi er svært uroa over forfallet, og må også ta tak i tilpassing til ny og grøn ferjedrift. Konsekvensane kan uansett bli redusert kapasitet, endra rutetilbod eller bruk av mindre ferjer, som går ut over både reisande og næringsliv, seier Jon Askeland, fylkesordførar i Vestland. 

Blandt dei med estimert høgast vedlikehaldsbehov er Gjermundshamn ferjekai i Kvinnherad kommune med 60 millionar kroner og Skånevik i Etne kommune med 53 millionar kroner. 

Treng ladestruktur og betre bereevne 

Vestland har 63 ferjekaiar i dagleg drift på fylkesveg, og berre tre av dei er bygde etter dagens regelverk. Oversikta viser at fleire kaier har omfattande rust-, betong-, og erosjonsskadar. I Hordaland har el-ferjer nytta gamle eksisterande ferjekaier i fleire år, og slitasjen er no kritisk fleire stader.

Og nye ferjer og nye krav kjem: i 2030 skal Vestland fylkeskommune lyse ut eit nytt ferjeanbod som omfattar 17 ferjesamband og 38 ferjekaiar i Hordaland. Her kjem det i tillegg til forskrift om nullutslepp i offentlege ferjeanskaffingar nye formelle krav til ferjekai. Elektriske ferjer er tyngre og lengre, dei treng m.a. ladeinfrastruktur, tekniske bygg og god bereevne på kaiene. Til dømes tilfredsstiller heile 23 av 38 inspiserte kaier ikkje lengdekrava i dag.  

– Utan oppgraderte kaier som kan ta i mot nye ferjer og drifte dei vi har risikerer vi å måtte svekkje ferjetilbodet for innbyggjarane i fylket, seier Askeland. 

Harde prioriteringar i ferjefylket

Dei nye funna viser at det berre for dei 13 høgast prioriterte kaiane er rekna eit behov for om lag 400 millionar kroner i oppgraderingar, og det hastar for fleire. Kunnskapsgrunnlaget er eit avgjerande verktøy for å planlegge den framtidige ferjedrifta, men det må og sjåast i samanheng med andre store behov på fylkesvegnettet.

–  Vestland har eit stort vedlikehaldsetterslep på fylkesvegar, bruer, tunnelar og ferjekaier, det største i landet. Skal vi klare både ferjesamband, klimaambisjonar og trygge vegar, må vi prioritere kunnskapsbasert og innan dei same stramme rammene. Det kan klare betre no med fleire nye kunnskapsgrunnlag,  avsluttar fylkesordføraren.

Prioriterte ferjekaier i kunnskapsgrunnlaget

Bilde av tabell som viser oppgraderingsbehovet med summer til 13 ferjekaier i Vestland fylke.