Kulturell kraftblokk i Jon Fosse-land
– Nye Kvam vidaregåande skule skal bli ein kulturell kraftblokk i Jon Fosse-land. Ein skule som er noko meir enn ein tradisjonell vidaregåande skule, seier fylkesordførar Jon Askeland. 30. januar opna han det nye bygget i sentrum av Norheimsund.
Fylkesordføraren hadde med ei helsing frå nobelprisvinnaren til opninga. Jon Fosse gjekk nemleg på Øystese gymnas, som no er historie. Den nye skulen i Norheimsund har samla både gymnaset og yrkesskulen i eit heilt nytt bygg.
Helsing frå nobelprisvinnaren
– Alle veit at tida Jon Fosse hadde på Øystese gymnas var viktig, sa fylkesordføraren.
Fosse helsar: «For meg var Øystese gymnas ein framifrå god skule. Det var der eg lærte mest og best i livet. Øystese gymnas var ein solid nynorskbastion, og det vonar eg at den nye vidaregåande skulen òg kjem til å verta», skriv Jon Fosse, mellom anna i helsinga.
Miljøvennleg
Den nye skulen er mellom dei mest miljøvennlege skulane som fylkeskommunen har bygt. 90 prosent av byggematerialet over bakken er av tre. Berre 10 prosent er av stål og betong. Energiforbruket er så lågt som 80 kilowattimar pr. kvadratmeter i året. Til samanlikning hadde det tidlegare fylkeshuset i Bergen eit energiforbruk heile 240 kilowattimar pr. kvadratmeter pr. år.
– Nøkkelen til slike klimavennlege bygg er å bruke mykje tre. Kvam og Askøy vgs er dei to skulane vi har brukt mest treverk i. Det er ikkje berre klimavennleg, men bygget fremstår også behageleg og fint, i motsetnad til hus med mange betongflater. Mykje tre skapar god atmosfære. Vi må huske at vi bygger for menneska som skal vere her, og dei skal ha det bra. Dette er vi bevisste på, seier Jon Askeland.
Brukar veldig lite straum
Energien i den nye skulen kjem frå varmepumpar og solcellepanel. Straum er berre som backup. Ved svikt skal ein elektrisk kjele bringe vassboren varme rundt i skulen.
– Vi brukar veldig lite elektrisk straum, seier prosjektleiar for bygginga, Gunnar Hemre Ringheim.
Den nye skulen i Kvam er eit samarbeid mellom Vestland fylkeskommune og Kvam herad. Her blir Øystese gymnas og Norheimsund yrkesskule vidareført. I tillegg til skulen inneheld bygningen bibliotek, kino, vaksenopplæring og kulturskule, alt i regi av heradet. Totalt areal er 9000 kvadratmeter. I tillegg leiger skulen ein idrettshall av heradet på 1200 kvadratmeter. Total kostnad er 600 millionar kroner, der skulen står for 500 og heradet for 100 millionar.
Flottast i landet
– Dette er den flottaste skulen, kulturhus og bibliotek i landet. Dette blir storstova i bygda. Vestland fylkeskommune er i leiinga med skulebygg. Vi har høgt tempo med å fornye skulemassen vår, om lag eitt i året. I fjor var det Stord vgs og neste år kjem Langhaugen. Dette er gode, flotte bygg. Skulen skal opne døra mot verda og framtida. Elevane skal få opne auga, sansar og sinn for resten av livet og utvikle Noreg. Den gamaldagse undervisinga er ikkje her lenger. Skulen i dag har ein heilt annen dynamikk. Her har gode krefter jobba godt saman. Det er meir enn eit bygg. Den skal vere ein kraft i Hardanger, seier fylkesordføraren og peikar på at slagordet for skulen er «Med hjartet i Hardanger og ope for verda».
Midt i sentrum
Ordførar Torgeir Næss i Kvam er tidlegare elev på Øystese gymnas.
– Mine år på gymnaset er dei som har prega meg mest i livet. Eg lærte mykje og fekk gode venner. Skulen ligg midt i sentrum og samlar elevane i eitt bygg. Den er ein pryd for sentrumet vårt. Dette er ein flott arena for ungdomstida. Det er så mange detaljer på skulen som legg til rette for at elevane skal trivast, seier ordføraren.
Godt samarbeid
Rektor Arild Matland seier dei må bygge vidare på det gode samarbeidet.
– No er rammene på plass for å drive ein fantastisk flott skule. Det var utfordringar med skule på to plassar. Det kjekkaste med dette bygget er å få vere på éin plass og møte elevar og lærarar. Godt samarbeid med alle partar er sentralt for at resultatet er blitt så godt som det er blitt. Vi må bygge vidare på det gode samarbeidet. Samarbeid er stikkord for drifta av skulen. Vi må løyse nye problemstillingar gjennom samarbeid, seier rektor Matland.
På overtid
Rådmann Anita Hesthamar i Kvam har sett fram til dette.
– Det var på overtid å få samla elevar og tilsette. Det var på overtid å få samla kulturaktivitetar i ny dynamisk sameksistens med elevar, tilsette, innbyggarar og besøkande. Det var på overtid å få vidareutvikle sentrum i regionsenteret og skape ny arena for formelle og uformelle møteplassar. Det var på overtid å flytte tenestene tettare saman og tettare på folkelivet. Vi har fått eit fantastisk bygg som er laga for at vi kan samlast med god plass og god takhøgde. Det er flyt i bygget, der gamalt og nytt heng saman og dannar areal som er godt å opphalde seg i. Utanfor bygget er Norheimsund sentrum opna opp, og viser seg fram på ein heilt ny måte. Vi gler oss til ein ny vår og å sjå kva som vil vekse fram av både planter og aktivitetar, seier rådmann Hesthamar.
Studentliv
Sondre Fagerheim Lunestad og Tormod McCorkle er elevar på studiespesialisering. Siste veka før jul flytta dei over frå gamle Øystese gymnas til den nye skulen.
– Vi er takknemlege for at vi fekk overgang hit. Det er kontrast frå gamleskulen, men den fungerte heilt fint som skulehus når vi ikkje visste om noko anna. Så det var veldig kjekt å kome inn hit. Vi føler oss meir som vi har eit studentliv når vi er i eit så stort og flott bygg. Det er kjekt å vere i same hus som alle dei andre. No er vi alle elevar samla under eitt tak, seier dei to elevane, som også går på kulturskulen og som underheldt med gitar og fløyte under opningsseremonien.
Sentralt i sentrum
Emilie Kvandal er elev på vg2 produksjon- og industrifag (PIN).
– Eg likar meg ganske bra her. Det er ein fin skule, og vi har fine verkstader. Vi gjekk først eit halvt år på den gamle skulen i Steinsdalen, før vi flytta inn hit. Det var stor forandring frå alt gammalt til alt nytt. Alt er bra. Her er kjekke folk, og vi er meir samla når vi ikkje lenger har to skular. Og så er vi sentralt i sentrum. Her er butikkar og slikt, seier Emilie Kvandal som skal ut i lære til hausten. Ho har søkt i Nordsjøen og ein del andre stader.
Ikkje ille i Øystese
Heidi Sandven Botnen er lærar på studiespesialisering i norsk og psykologi.
– Eg var 19 år på Øystese gymnas, og før det på ungdomsskulen i Norheimsund. No er eg tilbake her. Eg har undervist i dei gamle husa her som er rehabilitert. Vi har venta på å samlast i en ny skule, men vi hadde det ikkje ille i Øystese. Eg er svært begeistra for denne samanslåinga med skule og bibliotek. Dette er hjartet i lokalsamfunnet. No er vi éin flokk. Før var vi to ulike verdener. No er vi her. Det kjennast godt ut. Vi er veldig takknemlege. Vi høyrer mykje om ungdomen i dag, men eg vil seie at ungdommen er ganske bra, seier lærar Heidi Sandven Botnen.