Dette skjer under havveka One Ocean Week

Frå 18. til 24. april er det igjen klart for One Ocean Week i Bergen. H.K.H. Kronprins Haakon kjem, og Statsraad Lehmkuhl returnerer etter 12 månader til sjøs. Vestland fylkeskommune løftar fleire sentrale tema.

foto av bryggen i bergen med båtar og folk
HAVVEKE FOR ALLE: Gjennom heile One Ocean Week kan du vere med på meir enn 200 arrangement. I tillegg til eit rikt fagleg innhald blir det ei rekkje arrangement som er opne for alle. (Foto: Ann Kristin Loodtz/Bergen kommune)

One Ocean Week er ein møteplass for debatt, erfaringsutveksling og opplevingar knytt til berekraftig utnytting av havet. Veka blir arrangert for fjerde gong, og mobiliserer både næringsliv, akademia, det offentlege og innbyggjarar i Bergen og Vestland. I tillegg til eit rikt fagleg innhald, blir det ei rekkje arrangement som er opne for alle.  

One Ocean Week er støtta av Bergen kommune og Vestland fylkeskommune, og er eit samarbeid mellom One Ocean Havbyen Bergen og nesten 80 partnarar. 

– Havet kjenner ingen landegrenser. Skal vi lukkast med berekraftig bruk av havet, må vi samarbeide på tvers av nasjonar, fagmiljø og næringar. One Ocean Week er ein viktig møteplass som samlar internasjonale aktørar og bidreg til å flytte oss frå prat til konkret samarbeid og handling.

Det seier fylkesordførar Jon Askeland, som også er styreleiar for One Ocean Havbyen Bergen.

foto av fylkesordførar
KUNNSKAP OM HAVET: Fylkesordførar jon Askeland ønskjer mellom anna at One Ocean Week skal vere ein folkefest for kunnskap om havet for innbyggjarane i Bergen og Vestland. (Foto: Silje Alvsaker, Vestland fylkeskommune)

200 arrangement – noko for alle

One Ocean Week er ein arena der du kan lære om tema som havnæringar, klima, politikk og ressursforvaltning, og samtidig byggje nettverk på tvers av sektorar.

Gjennom heile veka kan du vere med på meir enn 200 arrangement. Du kan velje mellom konferansar, fagmøte, opne foredrag, omvisingar og aktivitetar som passar både fagfolk og publikum.

– Vi ønskjer at One Ocean Week skal vere ein folkefest for kunnskap om havet, for innbyggjarane i Bergen og i fylket elles. Jo fleire som tek del, desto sterkare blir både engasjementet og forståinga for kor viktig havet er for framtida vår, seier Askeland.

Vestland fylkeskommune set agenda

Vestland fylkeskommune arrangerer ei rekke arrangement gjennom veka.

– Vestland er eit leiande havfylke, og difor tek vi opp tema som maritim tryggleik, fornybar energi, naturvern og berekraftig sjømatproduksjon. Dette er spørsmål som vil forme både arbeidsplassar, beredskap og miljø i åra som kjem, og som krev tett samarbeid mellom næringsliv, forsking og styresmakter, seier Askeland.

Her er arrangementa:

  • Tysdag 21. april kl. 08.30-15.30, Vestlandshuset: From Ambition to Action: Strengthening Regional Security and Preparedness. Korleis kan samarbeid på tvers av land og sektorar – med Nordsjøkommisjonen som ein viktig aktør styrkje maritim tryggleik og beredskap? Vi identifiserer konkrete mekanismar som hjelper oss å gå frå ambisjon til handling.
  • Onsdag 22. april kl. 10:00-12:00, Statsraad Lehmkuhl: What is the role of wave energy in the future energy mix of the EU and how do we get there? Bølgjekraft kan bli ein viktig del av framtidas fornybare energi i Europa, og Vestland har spesielt gode føresetnader for å utvikle denne energien. Vi samlar aktørar som jobbar med bølgjekraft frå ulike ståstader – frå næringsliv og oppstartsselskap til forskingsmiljø, offentlege styresmakter og andre som kan bidra til utviklinga av feltet. Målet er å starte ein dialog om å byggje eit samarbeid fram mot komande EU-utlysingar, og å finne felles interesser og moglege steg vidare i Vestland.
  • Torsdag 23. april kl. 08.15-10.15, Biblioteket bar: Blått hav med yrende liv - er vern nøkkelen for fremtiden? Når vi målet om å bevare 30 prosent av havområda gjennom marine verneområde innan 2030? Og korleis oppnår vi gode, demokratiske prosessar og forankring i kommunane om å få til marint vern? Saman med Klimapartnerne Vestland tek vi debatten.
  • Torsdag 23. april kl. 10.30-12.00, Biblioteket bar: Planlegging i sjø – har vi nok kunnskap? Kommunane må legge ut areal til akvakultur i sjø. Har vi nok kunnskap og når skal kunnskapen bli tatt i bruk?
  • Torsdag 23. april kl. 12.30-14.00, Biblioteket bar: Fra Rødt til Grønt 2.0: Bærekraftig omstilling av sjømatproduksjon i Vestland, med Region Nordhordland som eksempel. Saman med Region Nordhordland IKS spør vi: Er vi klare for å sjå på heile Vestland og lage ein masterplan?

Statsraad Lehmkuhl kjem heim 18. april

Etter 12 månader til sjøs returnerer Statsraad Lehmkuhl til Bergen som ein del av One Ocean Expedition – eit tokt som har kombinert segltrening, forsking, utdanning og internasjonalt samarbeid for å styrkje kunnskapen om havet.

18. april blir alle båteigarar inviterte til å delta i ein felles kortesje for å ønskje Statsraad Lehmkuhl velkommen heim. Heimkomsten markerer starten på One Ocean Week 2026.

Kortesjen startar ved Askøybroen klokka 10.45 og følgjer skipet inn mot byen. Kortesjen blir leidd av KNM Hitra, og Bergen brannvesen stiller sjølvsagt med «Sjøbrand». Skipet er venta å vere synleg i Vågen cirka klokka 11.30 og fortøydd klokka 12.00.

Befolkninga i Bergen blir oppmoda til å møte opp og vere med når byen tek imot sin «flytande ambassadør» for FNs havtiår.

Her kan du lese meir om innseglinga

foto av seglskute
ENDELEG ATTENDE: 18. april kjem Statsraad Lehmkuhl attende etter 12 månader på tur. Under One Ocean Expediton har skipet vore innom 24 hamner i Europa, Nord-Amerika og Sør-Amerika for å knyte band mellom ungdomar, forskarar, sjøfolk, diplomatar og folk flest. (Foto: Silje Alvsaker, Vestland fylkeskommune)

Maritim helg på Festningskaien

Festningskaien blir forvandla til eit stort festivalområde denne laurdagen, der maritim næring, forsking og teknologi står i sentrum. Her blir det aktivitetar både ute på kaien og inne i det 166 meter lange fartøyet Trans Sol, der ein kan oppleve fleire av utstillingane.

Søndag vert Festningskaien blir fylt av store og små fartøy og det blir smaksprøvar, idrettsaktivitetar og ulike verkstadar. Dagen er lagt opp for at alle skal kunne utforske, lære og delta.

Her kan du lese meir om maritim laurdag, 18. april

Her kan du lese meir om familiedagen, søndag 19. april

foto av barn som leikar
FAMILIEDAG: Det vert familiedag på festningskaien søndag 19. april med mange kjekke aktivitetar. (Foto: Thor Brødreskift, One Ocean Week)

Skuleprogram med over 1000 påmelde

Måndag 20. april er sett av til ungdomsskular og vidaregåande skular i regionen. Målet er å vise elevane kva utdannings- og karrieremoglegheiter som finst innan havnæringane. Over 1000 elevar er venta til arrangementet. Langs Festningskaien og om bord på fartøyet Trans Sol er det utstillingar og demonstrasjonar av teknologiske nyvinningar frå bedriftene og forskingsmiljøa i regionen. Her kan elevane bli kjende med reiarlaga i byen, lære om framtidas energiløysingar, besøkje sjømatteltet, møte sjøforsvaret, bli kjent med oppdrettsnæringa og mykje, mykje meir.

Her kan du lese meir om «Eit hav av moglegheiter», måndag 20. april

foto av kronprins haakon som snakkar med tre andre personar
KRONPRINSEN KJEM: Kronprins Haakon kjem til Bergen for å delta på toppmøtet One Ocean Summit i Håkonshallen. I fjor deltok han og på De unges havdag på Festningskaien der han blant anna snakka med skulelevar. (Foto: Helen Daae Frøyseth, Vestland fylkeskommune)

Kronprinsen kjem

Same dag deltek H.K.H. Kronprins Haakon på toppmøtet One Ocean Summit i Håkonshallen.

Då samlar nasjonale og internasjonale krefter seg i Håkonshallen for å diskutere og belyse korleis vi kan jobbe saman for det havet vi treng for den framtida vi ønsker. Dette er i tråd med FN-tiåret for havforskning for bærekraftig utvikling. 

Årets hovuddtema for One Ocean Summit er «A Safe and Predicted Ocean” – eit trygt og føreseieleg hav. Temaet omhandlar to av aksjonspunkta FNhar for havtiåret vi er inne i.

Under møtet vil leiande ekspertar, avgjerdstakarar og internasjonale representantar diskutere og adressere dei presserande utfordringane som verdshava står overfor.

Sjå heile programmet for One Ocean Week

foto av sand og stein, strand
HANLDAR OM HAVET: One Ocean Week er eit årleg arrangement som skal skape merksemd og dele kunnskap om rolla havet spelar for berekraftig utvikling i eit globalt perspektiv. (Foto: Helen Daae Frøyseth, Vestland fylkeskommune)