Gamle og dårleg sikra – men heilt naudsynte
Lokalsamfunn i Vestland kan bli hardt råka om forfallet i tunellane held fram. Ny kartlegging gir fylkestinget oversikt over kritiske vedlikehaldsbehov i tunellfylket.
– Også fylkesvegtunellane har eit stort vedlikehaldsetterslep, og vi ser at forfallet kan få dramatiske konsekvensar for både framkome og tryggleik, seier Jon Askeland, fylkesordførar i Vestland.
Fylkestinget handsama «Kunnskapsgrunnlag - tunnelar ikkje omfatta av tunneltryggleiksforskrifta» i møte 24. mars 2026.
184 tunellar i skuggen av forskrifta
Nær annakvar fylkesvegtunell i landet ligg i Vestland. 89 av dei 274 tunellane på fylkesveg er omfatta av tunneltryggleiksforskrifta, og får statleg merksemd. Nå er kartlegging av 184 tunellar som fell utanfor forskrifta i gang, og til saman kan vedlikehaldsetterslepet på tunell reknast til meir enn to milliardar kroner.
Nye inspeksjonar slår fast at manglande styrking av vedlikehaldet i verste fall kan tvinge fram redusert ferdsel eller stenging av tunellar.
– Dette er tunellar som er heilt avgjerande for kvardagsreiser og næringsliv i lokalsamfunna, og for beredskapen i heile fylket, seier Jon Askeland, fylkesordførar i Vestland. – Med ny kunnskap kan vi gjere prioriteringar om fylkesvegtunellar og heile vegnettet meir heilskapleg, meir rettferdig og meir langsiktig.
Dårleg sprøytebetong og brannfare
Tunellane som no blir kartlagde er dei som er kortare enn 500 meter, og dei som er lengre men har årsdøgntrafikk på mindre enn 300. På lista over dei med store vedlikehaldsbehov finn vi m.a. Trengereidtunellen som er kort (61 m.) men har høge trafikktal, og Berdalstunellen i Aurland som er lang men har lågare trafikktal.
Tilstanden og alderen på tunellane varierer, men vanlege funn i kunnskapsgrunnlaget er mangelfull fjellsikring som gir nedfall av stein og is, tynn og dårleg festa sprøytebetong og utilstrekkeleg brannsikring av PE-skum som ved brann utviklar svært giftig gass. Det er estimert fleire 100 000 kvadratmeter med usikra PE-skum i fylkesvegtunellane i Vestland. Dette er ting som direkte påverkar tryggleiken til trafikantane. Mange stader har heller ikkje reell omkøyringsveg om tunellen blir stengd.
Store konsekvensar for tunellfylket Vestland
Tilstandsoversikta gjer det mogleg å vurdere samfunnskonsekvensar i tillegg til tekniske manglar, som at tunellen ofte er einaste tilkomst til bygder, næringsliv og marknad, og at stenging og redusert ferdsel får farlege følgjer for utrykking.
– Igjen viser faktisk kunnskap kor store konsekvensar tunellforfallet kan få og kor omfattande det er i Vestland som leiande tunellfylke, det er nok eit fylkesvegelement med stort vedlikehaldsetterslep. No kan vi prioritere betre, men fylkesvegane må få eit løft i neste nasjonale transportplan, seier Askeland.