Fylkestinget i Vestland ber om at forhandlingane om bygging av ferjeavløysingsprosjektet Atløysambandet held fram
Etter handsaming av sak om prosjektet i fylkestinget 25. mars vil fylkeskommunen gå vidare med forhandlingar med sikte på å få fram ein avtale om bygging.
Fylkestinget godkjende kostnadsramme og byggestart for Atløysambandet i juni 2025, etter at det vart godkjent som ferjeavløysingsprosjekt av staten i 2023. Etter utlysing av anbod hausten 2025 og handsaming av sak i fylkestingsmøte 25. mars 2026 vil fylkeskommunen forhandle vidare med tilbydararar med sikte på å få fram ein avtale om bygging.
– Atløysambandet er eit stort investeringsprosjekt for Vestland fylkeskommune. Prosjektkostnaden tilsvarar til dømes to til tre store vidaregåande skular, og utfordrar soleis det fylkeskommunale handlingsrommet framover, seier Jon Askeland, fylkesordførar i Vestland.
– Kostnadsveksten sidan prosjektet vart godkjent som ferjeavløysingsprosjekt i 2023 har auka den fylkeskommunale eigenandelen til å bli nærare halvparten av prosjektkostnaden. Dette tyder at berre omlag halvparten av kostnadene no er statleg investeringsstøtte i form av ferjeavløysingsmidlar. Det er samstundes eit viktig prosjekt for samfunnsutviklinga i området, så fylkestinget vedtok å gå vidare med forhandlingar innafor ei auka kostnadsramme, seier Jon Askeland, fylkesordførar i Vestland.
Fylkesordføraren understrekar at det er aukande politisk uro knytt til kostnadsutviklinga i prosjektet.
Atløysambandet er ein planlagt fastlandsforbindelse på fylkesveg 608 mellom Atløy og Askvoll i Askvoll kommune, som skal erstatte dagens ferjesamband med veg og fleire bruer.