No får elevar og lærarar i Vestland ei trygg KI-løysing
Vestland fylkeskommune rullar ut ein felles KI-plattform til dei vidaregåande skulane. Målet er å gi elevane tilgang til moderne verktøy innanfor trygge rammer.
Sikt KI vil gje nær 4000 lærare og 21 000 elevar tilgang til eit brukarvennleg verktøy der det er enkelt å laga og dela læringsassistentar. Målet er at slike assistentar kan vera med på å styrke det faglege og pedagogiske arbeidet på skulane våre.
– Med Sikt KI kan læringsassistentar delast både internt på skulane og på tvers av heile fylkeskommunen. Til lansering av tenesta i slutten av mai førebur vi eit utval ferdige læringsassistentar som vil vera klare til å ta i bruk. I tillegg kan den einskilde lærar enkelt laga og dela sine eigne assistentar, skreddarsydd for si elevgruppe og fag, seier seniorrådgjevar Ole Henrik Mølmann i Vestland fylkeskommune
Kva er Sikt?
Sikt er staten si tenesteleverandør for kunnskapssektoren. Dei utviklar og driftar digitale løysingar for skular, universitet og forsking i Noreg.
Vestland fylkeskommune er den første offisielle kunden til Sikt si KI-plattform. Fleire kommunar og fylkeskommunar er framleis i pilotfasen.
Slik kan skulane nytte KI-verktøyet
Verktøyet kan støtte både elev og lærar i kvardagen. Til dømes kan dei:
- få hjelp til å forstå fagstoff og forklare vanskelege omgrep
- skrive og strukturere tekstar
- lage utkast til oppgåver og vurderingar
- få forslag til undervisningsopplegg
- øve på språk og omsetjing
- arbeide med kjeldekritikk og refleksjon
Poenget er ikkje å erstatte læraren, men vere ei støtte til læring og utvikling.
Slik blir løysinga innført
Vestland fylkeskommune lanserer KI-plattforma i fleire steg:
- 19. mai: lansering i Teams for alle skuleleiarar
- 20. mai: lansering for det pedagogisk-digitale støtteapparatet
- Informasjon til skulane kjem i byrjinga av mai