150 nye studieplassar til Fagskulen Vestland – doblar satsinga på maritime fag og elektro
Auken kjem i fag som er særleg viktige for det grøne skiftet, og utdanningar som styrker forsvar og sivil beredskap.
Fakta Fagskulen Vestland
- Eigd av Vestland fylkeskommune
- Ein av dei største offentlege fagskulane i landet, med 2000 studentar og om lag 200 tilsette
- Åtte studiestadar i Vestland fylke – Bergen (Nygård og Nordnes), Stord, Voss, Austevoll, Hjeltnes, Førde og Måløy
- Tilbyr høgare yrkesfagleg utdanning som ligg på eit nivå over vidaregåande opplæring
- Skal tilby utdanningar som er i tråd med arbeidslivets behov
- Gjennomsnittsalderen for studentane er 32 år
– Vestland satsar historisk på kompetanse, med rekordmange studieplassar til Fagskulen Vestland i 2026. Ingen andre fylke har større behov for arbeidskraft, i alle sektorar. Dei ekstra studieplassane passar godt inn i vår offensive satsing for å hjelpe næringslivet. Fagskulen vår gir folk høve til å ta yrkesretta høgare utdanning nær heimen, og med denne satsinga møter vi behovet for kompetanse innan grøn næring og beredskap, seier fylkesordførar Jon Askeland.
Det var like før jul at regjeringa løyvde midlar til 900 nye studieplassar i fagskulane over heile landet. 85 heiltidsplassar var øyremerka Vestland. For Fagskulen Vestland tilsvarer det nær 150 nye studieplassar. Vestland fylkeskommune har valt å doble tal studieplassar innan elektro og maritime fag, og styrke helsefaga med blant anna 30 nye studieplassar innan psykisk helse hos barn og unge.
– At Vestland fylkeskommune gir oss så mange studieplassar, er eit tydeleg signal om tillit til kvaliteten i utdanninga vår og verdien vi skaper. Det er vi svært nøgd med. No er det vår tur til å levere – og vi er avhengige av at rammevilkåra rundt oss klaffar, seier Torbjørn Mjelstad, rektor ved Fagskulen Vestland.
Doblar maritime utdanningsprogram
Fagskulen Vestland har landets beste fagmiljø for maritim utdanning og utviklar simulatorparken sin kontinuerleg. For elevar som vel maritime yrkesfag på vidaregåande, og som veit dei skal ha ein karriere på sjøen, er fagskulen vegen vidare til dette. Her får dei moglegheit til å løyse ut dei høgaste sertifikata etter ferdig utdanning.
– Vi veit det er ein enorm etterspurnad etter sjøfolk. Vi må ta vår del av beredskapsansvaret, og noko av dette er å sikre at landet har nok folk med maritim utdanning. Difor doblar vi talet på studieplassar til dekksoffiserutdanninga i Bergen, frå 30 til 60. Målet er også å doble talet på studieplassar til maskinoffiser-utdanninga, men per i dag får ikkje fagskulen tak i nok lærar i faget, seier Mjelstad.
Elektro – eit framtidsyrke
I Førde doblar fagskulen talet på studieplassar innan elektro.
– Årsaka er at vi ser og veit at heile den grøne omstillinga vi skal gjennom i samfunnet krev elektrokompetanse. Den verdiskaping som skjer i fylket vårt er avhengig av den kompetansen. Vi er rimeleg trygge på at vi greier å fylle eit tilbod både i Førde og på Nygård i Bergen, seier Mjelstad.
Vann pris for «Stord-modellen»
2025 vart eit veldig godt år for Fagskulen Vestland som vart kåra til Norges beste fagskule gjennom utdelinga av Utdanningskvalitetsprisen.
Prisen fekk dei for Stord-modellen, som er eit langt samarbeid mellom fagskulen og industrien i Sunnhordland. I Fagskolepodden,kan du høyre meir om korleis Fagskulen i praksis har skapt kvalitet og løft for utdanning, i godt og tett samarbeid med næringslivet.
Under er lista opp dei nye studieplassane: