Vil fornye reisevilkåra for kollektivtrafikken

Kva for rettar og pliktar har du som reisande med Skyss, og kor mykje må du betale dersom du ikkje har gyldig billett? Avgifta har ikkje vore endra på ti år, men fylkesutvalet vedtok i møte 8. april å endre reisevilkåra.

Buss og passasjerer.
GIR OVERSIKT: Forslaget til nye reisevilkår for kollektivtrafikken gir ei oversikt over rettane og pliktene til dei som reiser med Skyss. Foto: Bjarte Brask Eriksen, Vestland fylkeskommune.

Men før dei nye reisevilkåra kan tre i kraft, må dei godkjennast av Samferdselsdepartementet.  

–Vi føreslår desse endringane for å gjere regelverket tydelegare, justere avgiftene i takt med prisutviklinga, og å sikre at vilkåra for kollektivtransporten blir lettare å forstå, seier fylkesordførar Jon Askeland.  

Han legg til at det er behov for å fornye reisevilkåra, slik at dei er oppdaterte og i samsvar med dagens kollektivtilbod, og ansvaret fylkeskommunen har for dette. Endringane er òg nødvendige for å ha like vilkår i heile fylket. 

Dyrare utan gyldig billett 

Dei nye reisevilkåra justerer opp takstane for tilleggsavgift for dei som ikkje har gyldig billett. Tilleggstaksten for manglande betaling har vore uendra sidan 2015. For å sikre at avgiftene står meir i forhold til gjeldande prisar på billettane, er det føreslått å justere opp satsane ved manglande gyldig billett med 100 kroner og ved misbruk eller forfalsking med 700 kroner.  

Fylkesutvalet føreslår desse satsane:

  • Betaling med faktura: kr 1250,- 
  • Betaling på staden: kr 1050,- 
  • Ungdom mellom 15 og 18 år: kr 1050,-, uavhengig av oppgjersform 
  • Ved misbruk eller forfalsking: kr 2200,-, og billetten blir inndratt

Målet med å auke tilleggsavgifta for dei som reiser utan gyldig billett, er å få fleire til å betale for seg og samtidig sikre betre inntekter til Skyss. Satsen som er føreslått for betaling med faktura utgjer om lag 150 prosent av ein 30-dagars periodebillett for vaksne for ei sone. Dette er tilsvarande som hos til dømes kollektivselskapet Ruter. 

Enklare å forstå

Dei nye reisevilkåra for kollektivtrafikken gir ei oversikt over rettane og pliktene til dei som reiser med Skyss. Vilkåra er formulert og strukturert slik at dei skal vere godt forståelege for alle reisande. Mellom anna beskriv dei passasjerane sine rettar ved større forseinkingar og kva reglar dei må følgje når dei reiser. 

Reisevilkåra er ein avtale mellom Vestland fylkeskommune ved Skyss og dei reisande som bruker kollektivtilbodet. Fylkeskommunen har sett til arbeidet som er gjort av Kollektivtrafikkforeningen, og dessutan kartlagt kva vilkår andre tilbydarar av kollektivtrafikk har.  

Vil du vite meir?

For meir informasjon om reisevilkåra, sjå saksframlegg under sak PS 79/2025.