Utvandrarjubileet: Slik skal barn og unge lære om utvandringa til Amerika

Dataspel, brettspel og ei mobil utstilling skal lære elevar på grunnskule og i vidaregåande kvifor over 800 000 nordmenn la ut på reisa til Amerika på 1800- og 1900-talet.

Skjermbilde frå spelet Hands Across the Sea. Bildet syner ei kvinne på eit skip, med friheitsgudinna i bakgrunnen, og teksten What at glorious sight. We made it. under.
I dataspelet "Hands Across the sea" går elevane inn i rolla som ein ung, norsk emigrant, som forlet Noreg og reiser til Amerika. (Skjermbilde)

– Med desse hjelpemidla skal elevane få utforske den norske utvandringa gjennom interaktive digitale og fysiske opplevingar. Målet er å gje ei djupare forståing av kompleksiteten i historisk immigrasjon, noko vi trur kan vere med å gje verdifulle perspektiv til dagens debattar om blant anna innvandring, seier Jacob Nødseth, leiar for hovudutval for kultur, idrett og inkludering.

Fylkestinget vedtok i mars 2024 at  Vestland fylkeskommunen skulle utvikle eit formidlingsopplegg for barn og unge, basert på historisk kjeldemateriale for å markere utvandrarjubileet Crossings 200.

Tre ulike spel for å formidle historia

Det er utvikla tre spel i samband med utvandrarjubileet i Vestland. Opplegget er laga for femte trinn i grunnskulen og til og med vidaregåande skule.

«Hands Across the Sea» er dataspelet der elevane kan gå inn i rolla som ein ung, norsk immigrant, som legg ut på reisa over Atlanterhavet. Det ein visuell roman, der vala elevane gjer, driv historia framover.

«Emigrating to America» er eit brettspel til bruk i klasserommet. Her kan elevane simulere den historiske opplevinga av å utvandre til Amerika, og det syner mange av utfordringane emigrantane stod overfor.

«Kva er emigranthistoria di?» er eit interaktivt utstillingsspel forma som ein personlegdomstest. Her kan elevane gå gjennom plakatar og svare på spørsmål, for å finne ut kva yrke dei kunne hatt som norsk immigrant i Amerika på 1800- og 1900-talet.

Skjermbilde frå den digitale utstillinga Kva er emigranthistoria di? Bildet syner to kort/plakatar, ein med teksten What is your immigrant story? og ein med teksten The Praire.
I det interaktive utstillingsspelet "Kva er emigranthistoria di?" kan elevane finne ut kva yrke dei kunne hatt som norsk immigrant til Amerika. (Skjermbilde)

Kan tilpasse undervisningsopplegget

– No håpar vi så mange skular som mogleg tek i bruk dette nye materialet for å gje elevane både innsikt og kunnskap. Utvandringa til Amerika er ein viktig del av både norsk og vestlandsk historie, som vi må sørgje for at komande generasjonar også kjenner til, seier Nødseth.

Undervisningsopplegget kan gjerast på to skuletimar + heimearbeid, fire skuletimar eller strekkast over fleire økter. Fylkeskommunen inviterer lærarar i både grunnskule og vidaregåande til eit webinar for å lære meir om opplegget 15. august.

Spela og undervisningsopplegget er laga gjennom prosjektet «Emigrating to America». Det er eit forskings- og utviklingssamarbeid mellom Vestland fylkeskommune, Tidvis Utvikling AS, Vestnorsk utvandringssenter (MUHO), Vesterheim Museum (Iowa, USA), Voss folkemuseum og Høgskulen på Vestlandet.