Mot byggestart for rassikringsprosjektet Heilevang
Vestland fylkeskommune har innstilt Hæhre Entreprenør AS til oppdraget med å rassikre fylkesveg 609 mellom Hestvika og Heilevang, og byggestart kan bli i februar 2026.
Prosjektet kryssar kommunegrensa mellom Sunnfjord og Askvoll kommunar, og vegen skal sikrast med ein 2,4 kilometer lang vegtunell. Fylkestinget har vedteke ei kostnadsramme for prosjektet på 1 320 millionar kroner.
Svært rasutsett
Fylkesvegen mellom Hestvika og Heilevang går langs foten av bratte fjellsider langs Førdefjorden. Den har vore utsett for ras, jord- og sørpeskred og nedfall av stein og is gjennom mange år. Vegen blir også ofte stengt på grunn av fare for ras og stein i vegen, særleg på dagar med mykje nedbør og dårleg vêr, sokalla preventiv stenging.
– Dette er eit svært etterlengta prosjekt for innbyggjarane i området. Strekninga er ei av dei mest rasutsette i fylket, og vi er veldig glade for at vi no er eit steg nærare sikring av denne vegen, seier Dina Lefdal, avdelingsdirektør, avdeling for infrastruktur og veg.
Det skal også byggast 600 meter ny fylkesveg på kvar side av tunellen, og ny bru over Heilevangselva.
Vil signere kontrakt i januar
Prosjektet vart lyst ut i marknaden som ein totalentreprise med forhandlingar, og fire aktørar vart inviterte til å levere tilbod hausten 2025. Vestland fylkeskommune innstilte Hæhre Entreprenør AS til å gjennomføre prosjektet 18. desember 2025, og tek sikte på å signere kontrakt etter at klagefristen går ut 12. januar 2026. Tilbodssummen er på 784,5 millionar kroner eks.mva.
Byggestart er planlagd til februar 2026, og ferdig tunell, veg og bru kan stå klare i oktober 2029. Sjølve tunelldrivinga skal etter planen starte i juni 2026.