Tannhelsetenesta testar KI for røntgenanalyse

Alle dei fylkeskommune tannklinikkane i Vestland får eit KI-verktøy for å analyse røntgenbilete. Målet er å sjå korleis kunstig intelligens kan støtte tannlegane i vurderinga av røntgenbilete, men ikkje erstatte dei.

klinikkleiar Dorte Grønsberg sitter ved siden av tannlegestol.
ERFARAR: Dorte Grønsberg, klinikkleiar på Sogndal tannklinikk, har testa ut KI-verktøyet på røntgenbilete i nokre veker allereie. No skal alle tannleger i Vestland fylkeskommune erfare det samme. Foto: Birthe Finstad, Vestland fylkeskommune.

– Dette er eit kjekt og nyttig hjelpemiddel! Men vi må heile tida vere bevisste på at det er eit supplement, ikkje ein erstatning for fagkunnskap, seier Dorte Grønsberg, klinikkleiar ved Sogndal tannklinikk.

Frå pilot til brei testing

Sogndal tannklinikk, saman med tannklinikkane i Loddefjord og Nesttun, har sidan 15. oktober vore pilotar i eit prosjekt der dei brukar kunstig intelligens (KI) til å vurdere røntgenbilete.

No blir KI-verktøyet tilgjengeleg for samtlege fylkeskommunale tannklinikkar i Vestland, slik at fleire kan gjere seg eigne erfaringar. Prosjektet er kome i stand i samarbeid med IKT-seksjonen i fylkeskommunen. Dei ønskjer å få brei tilbakemelding frå fagmiljøet.

Slik fungerer systemet

Verktøyet heiter Det er utvikla av leverandøren Pearl og blir levert gjennom Plandent, ein av fylkeskommunen sine samarbeidspartnarar., og fungerer slik:

Når tannlegepersonell har tatt eit røntgenbilete, og vurdert dette manuelt, kan han velje å få KI-verktøyet til å analysere røntgenbileta og får tilbakemelding på moglege funn, altså ein «second opinion».

Analyseringa tek om lag 30–40 sekund, og resultatet blir vist som fargefelt på biletet, rosa område der KI-en ser teikn til karies, eller grøne område der det er forventa å finne tannstein. Fordi bileta på KI-analysen tydeleg viser med farge kor det er karies eller tannstein, gjer det det enklare for pasientar å forstå kva tannlegen ser på røntgenbiletet.

Verktøyet er òg god på å vise beinnivå, noko som er nyttig i oppfølging av tannkjøttsjukdommar.

røntengenbilete av tenner
ROSA = KARIES: Det er lett å sjå der KI-verktøyet finn karies på ei tann. Området blir nemleg rosa. Foto: Birthe Finstad, Vestland fylkeskommune.


Nokre svakheitar har tannlegane funne: Dorte erfarer at for å få bra svar frå KI, må bileta må vere teke frå rett vinkel, og med riktig stråledose. I tillegg er KI-en enn så lenge ikkje så god til å finne karies på tyggeflata.

– Men han er flink til å fange opp karies på tidleg stadium, grad 1, som vi ikkje alltid ville ha sett med det blotte auge. Det er ikkje noko vi behandlar, men det gir eit betre bilete av tannhelsa til pasienten over tid, fortel klinikkleiar Dorte Grønsberg.

Må ikkje erstatte «kompissjekken»

Ho understrekar at KI aldri skal vere ein sovepute, eller erstatte fagleg dialog mellom kollegaer.

– Vi må passe på at vi ikkje sluttar å spørje ein kollega om ein ekstra vurdering, seier Dorte. – Den faglege samtalen er ein viktig del av kvalitetssikringa vår.

to tannleger ser på røntgenbilete
Klinikkleiaren ved Sogndal tannklinikk ser på vurderinga frå KI-systemet saman med ein tannpleiar. – Vi må ikkje slutte å spørje ein kollega om ein ekstra vurdering, sjølv om vi har KI, seier Dorte. Foto: Birthe Finstad, Vestland fylkeskommune.

Trygg og ansvarleg bruk

Personvern har vore nøye vurdert før oppstart. Bileta som blir sendt til analysen, er anonymiserte og kan ikkje sporast tilbake til pasientar.

– Vi i IKT har i forkant hatt ein god og ryddig prosess med personvernrådgjevar. Pasientdata frå Vestland fylkeskommune blir ikkje brukte til å trene opp modellen. Samtidig blir KI-systemet kontinuerleg forbetra basert på fagleg kvalitetssikra datasett frå heile verda, fortel Alexander Sivertsen frå IKT kjernedrift i Vestland fylkeskommune.

Konkurranse med private klinikkar

No har alle klinikkane fått tilgang til KI-verktøyet og blitt kursa i bruk av systemet. Prøveperioden varer i ein månad, og erfaringane skal samlast inn for å vurdere vidare bruk.

– Mange private klinikkar brukar allereie denne typen teknologi, og vi skal levere like gode verktøy som dei. At vi òg testar det ut, er òg eit steg i riktig retning med tanke på rekruttering, seier Dorte og Alexander.