Status for utskiftinga av alle veglys til LED-lys
Alle veglys i fylket skal vere oppgraderte til LED i løpet av 2029. Her får du status per september 2025.

Fylkestinget har sett av 200 millionar kroner til å fornye om lag 30 000 veglysarmaturar langs fylkesvegar i fylket. Arbeidet er godt i gang og nærmar seg ferdig enkelte stadar i fylket.
Ikkje alt blir fiksa
Ein konsekvens av at dette arbeidet no går føre seg, er at ikkje absolutt alle feil på veglys som blir melde inn, blir fiksa fortløpande. Her kan du lese om korleis du melder inn feil på veglys.
– Det kan førekome framover at feil som blir melde inn, ikkje blir fiksa eller blir del av oppgraderinga til LED. Det er rett og slett fordi ikkje anleggja følgjer krava vi har. Det kan gjelde alt frå lysbilde, teknisk stand og Les meir om målte og umålte veglys nedst i saka.. Vi må også vurdere det som går på lysforureining, og om det er noko vi skal ta omsyn til, seier Adrian Kasin, prosjektleiar for elektro i Vestland fylkeskommune.
Bra for natur, insekt- og dyreliv
Kunstig lys kan verke negativt på naturen, skade insekt- og dyreliv og redusere opplevinga av nattehimmelen. Overgang til LED-lys med rett styring og nattdimming kan betre dette og minske den negative påverknaden frå kunstig lys. I område med lite trafikk kan tidsstyrt sløkking òg vere eit aktuelt tiltak.
– Det mest effektive grepet mot lysforureining er likevel å fjerne heile strekningar. Det vil vi gjere på strekningar der dette er aktuelt, der lysa til dømes ikkje bidreg til auka trafikktryggleik, fortel Kasin.

Lågare utgifter og mindre utslepp
Utskiftinga til LED er også eit viktig tiltak for å redusere straumutgiftene til fylkeskommunen.
– Vi ventar ein reduksjon i forbruk på om lag 60–70 prosent, og med det mindre utslepp av klimagassar, seier han.
I tillegg vil oppgraderinga til LED redusere vedlikehaldsbehovet, noko som igjen vil føre til færre feil på veglysnettet i framtida.
Veglys kan blir fjerna
Nokre av lysanlegga vi har i dag kan verke negativt inn på trafikktryggleiken. Det kan til dømes vere enkelståande lyspunkt, korte belyste strekningar eller anlegg med lange avstandar mellom lyspunkta.
– Dette er anlegg som kan opplevast som trygge, men skaper i realiteten farlege situasjonar. Mjuke trafikantar blir godt synleg under sjølve lyspunktet, men mindre synlege før og etter. I tillegg bidrar desse lyspunkta til unødvendig blending av trafikantane, fortel Kasin.
Ved oppgradering av anlegga til LED vil fylkeskommunen sjå nærare på trafikktrygging på denne type lampepunkt og vurdere fjerning.

Status for utskifting til LED
Utskiftinga til LED starta for fullt 1. januar i år. Enkelte område nærmar seg ferdige, medan nye står for tur. Her er ei oversikt:
Bergen og omland
Vestland fylkeskommune har inngått veglyskontrakt med SET Elektro for oppgradering til LED i dette området. Her er majoriteten av lampepunkta i Vestland. Oppstart av denne kontrakten er såleis ein av dei viktigaste milepælane i veglysprosjektet.
Hardangar–Voss
Vestland fylkeskommune har lyst ut vegkontrakt for oppgradering av veglysa i dette området og ventar å kome i gang med arbeidet neste år. Det vil vere ein del mørke veglys i Hardanger–Voss i haust og vinter, men i løpet av 2026 til tilstanden på anlegga vere mykje betre.
Austevoll
Vestland fylkeskommune går i haust i gang med ombygging frå umålte til målte anlegg på Austevoll no i haust. Når dette er gjort, startar oppgraderinga til LED. Målet er betre og meir komplette veglysanlegg. Det kan likevel betyr at nokre lampepunkt må demonterast på grunn av tekniske avgrensingar på lengder på målte veglysanlegg. Lange avstandar mellom lampepunkt kan også gje eit dårleg og farleg lysbilde, og kan vere grunn til at enkelte lampepunkt blir fjerna.
Bømlo
Her starta utskiftinga allereie hausten 2024 og er så godt som ferdigstilt. Det står framleis att enkelte anlegg med konvensjonelle lamper, og enkelte punkt som ikkje er oppgraderte, men dette kjem i orden seinast i 2026.
Nordfjord og Sunnfjord
Her vil truleg alt vere ferdig oppgradert og utskifta no i haust. Anlegga har vore meir stabile etter LED-oppgraderinga enn tidlegare, og tal feil har gått ned.
Forklaring på målte og umålte anlegg
Tidlegare var det ofte lokale kraftlag som sette opp og drifta veglys. Dei var då tett kopla mot straumnettet, utan at struamforbruket vart målt. Straumforbruket til veglysa vart då reka som eit «nett-tap» og var dekka gjennom nettleiga alle betalte.
I dag er reglene endra. No skal all straum som blir brukt målast, også straum som blir brukt til veglys. Det betyr at vi i utgangspunktet ikkje lenger kan ha veglys utan målar («umålte anlegg»). Difor må vi bygge om dei gamle anlegga, slik at kvart anlegg får sin eigen straummålar.
Når vi gjer dette, må vi samstundes legge om ein del av infrastrukturen. Det betyr at veglysa ikkje alltid kan koplast til same stadar som før, og det kan i enkelte tilfelle føre til at nokre strekk må byggast om eller fjernast.