Skule-NM i yrkesfag 2026 til Bergen

Årstad vgs. og Åsane vgs., i samarbeid Knarvik vgs., inviterer elevar frå heile landet til skule-NM i yrkesfag våren 2026.

Ung kvinne sitter på huk ved en blomsterdekorasjon. En ung kvinne fletter en parykk.
VERTSKAP: Tidlegare i år tok Andrea Austrheim Iversen (t.v.) og Hanna Marie Sævold frå Årstad vgs. gull og bronse i skule-NM. No skal skulen vere vertskap for meisterskapet. Foto: Vestland fylkeskommune.

Årstad skal arrangere skule-NM i faga hudpleie, blomsterdekoratør, frisør, interiør og eksponeringsdesign 15.–16. april 2026. NM i logistikkfaget går av stabelen på Åsane vidaregåande skule i samarbeid med Knarvik vidaregåande skule 22.–23. april. 

– Vi er stolte over å få arrangere skule-NM her på Årstad og gler oss veldig til å ta imot utøvarar frå heile landet. Skule-NM gjev elevar og lærarar eit løft, både fagleg og sosialt, seier Rita Gjerde og Arthur Tøsdal, avdelingsleiarar ved Årstad vgs.  

Skulen har god erfaring med meisterskapet, og tok heile fire medaljar i fjor - mellom anna to gull.

Jens Møllerup Bernssen er lærar i logistikkfaget ved Knarvik vgs. Etter å ha vore med elevar i tidlegare meisterskap, ønskte han å bidra. Sjølve konkurransen skal vere på Åsane vgs.

– Elevane har stort utbytte av å delta i skule-NM, så dette ville vi vere med på. Dette blir spennande, seier han.

Viktig for elevane

Skule-NM er ein nasjonal yrkeskonkurranse for elvar i vidaregåande skule som tar yrkesfagleg utdanning. Meisterskapet skjer i samarbeid mellom WorldSkills Norway og fylkeskommunane 

Totalt er det 28 fag på programmet i skule-NM, fordelt på sju fylkeskommunar.  

– Skule-NM bidrar til å løfte kvaliteten i yrkesopplæringa og inspirerer fleire unge til å satse på ein yrkesfagleg karriere. Meisterskapet er ein viktig arena for å fremje kompetanse og byggje stoltheit rundt praktiske ferdigheiter, seier Bjørn Lyngedal, direktør for opplæring og kompetanse i Vestland fylkeskommune.

Slik kvalifiserer elevane seg til skule-NM

or å delta i skule-NM må ein kvalifisere seg gjennom fylkesmeisterskap. Førebels skal Vestland arrangere fylkesmeisterskap i 12 fag og innan seks utdanningsprogram. Det er ikkje for seint å melde seg som arrangørskule.

– Vi har rekordmange elevar på yrkesfag i Vestland, og difor er slike arrangement viktige å delta på. Eg oppmodar skulane til å stille som arrangør for fylkesmeisterskap, og å la elevar delta i konkurransane, seier Lyngedal.

Det blir fylkesmeisterskap i desse 12 faga:

  • Automatisering på Slåtthaug vgs.
  • Barne- og ungdomsarbeidarfaget på Knarvik vgs.
  • Blomsterdekoratør på Årstad vgs.
  • Eksponeringsdesign på Eid vgs.
  • El-energi og ekom på Slåtthaug vgs.
  • Frisør på Åstad vgs.
  • Helsefagarbeidar på Fusa vgs.
  • Hudpleie på Årstad vgs.
  • Interiør på Eid vgs.
  • Kokk- og servitørfag på Sogndal vgs.
  • Logistikkfaget på Knarvik vgs.
  • Salsfaget på Stend vgs.

Meld skulen din på fylkesmeisterskap her.