Robert Rastad blir ny fylkesdirektør

Fylkestinget har tilsett Robert Rastad som ny fylkesdirektør for Vestland fylkeskommune. Han kjem frå stillinga som direktør i PwC.

Robert Rastad
NY FYLKESDIREKTØR: Robert Rastad er 56 år, bur i Bergen og har lang fartstid frå Bergen kommune. – Eg ser fram til samarbeidet med både politisk nivå, leiarar, tilsette og tillitsvalde i Vestland fylkeskommune, seier han. (Foto: PwC)

– Eg er særs glad for at Robert Rastad har takka ja til å bli den nye fylkesdirektøren i Vestland og ønskjer velkomen til samarbeid, seier fylkesordførar Jon Askeland, som har leia tilsetjingsprosessen.

Tilsetjinga skjedde i eit ekstramøte i fylkestinget fredag 14. november. 

Viktig rolle

Fylkesordføraren legg vekt på at Rastad får ei viktig rolle i fylkeskommunen, som skal vere ein sentral utviklingsaktør for både små og store lokalsamfunn i distrikta og for Bergen.

– Vestland er Noregs viktigaste verdiskapingsfylke, og fylkesdirektøren er sentral i arbeidet med å leggje til rette for strategisk utvikling av vestlandssamfunnet. I tillegg skal han leie, utvikle og omstille fylkeskommunen som organisasjon på ein ryddig, trygg og god måte. Eg er sikker på at Rastad er den rette til å dra Vestland fylkeskommune vidare saman med våre dyktige tilsette. No ønskjer eg både han, administrasjonen og politikarane lukke til med å utvikle eit sterkt Vestland framover, seier fylkesordføraren.

Lang erfaring frå Bergen kommune

Rastad er 56 år og bur i Bergen. Han har 18 år bak seg i Bergen kommune, som kommunaldirektør for avdelinga til byrådsleiaren og som informasjonsdirektør. Han har også vore universitetsdirektør ved Universitetet i Bergen og stasjonssjef for Braathens ved Bergen Lufthavn Flesland. I tilsetjingsprosessen har erfaring frå store og komplekse organisasjonar vore vektlagt.

– Eg kjenner Vestland fylkeskommune godt gjennom tidlegare samarbeid og er svært motivert til å leie organisasjonen. Å leie ein kunnskapsorganisasjon er eit stort ansvar og privilegium, og eg ser verkeleg fram til samarbeidet med både politisk nivå, leiarar, tilsette og tillitsvalde, seier Rastad.

Han har ein Master of Management frå BI med spesialisering innan leiing, organisasjonspsykologi og personalleiing. Han har også ein cand.mag-grad frå Universitetet i Bergen med emne innan medievitskap og organisasjons- og arbeidslivspsykologi.

Komplekse prosessar og omstilling

Han tek over som fylkesdirektør i ei tid prega av global uvisse og stadig strammare kommuneøkonomi. Men det er også ei tid der innovasjon og nytenking står sentralt. Rastad har lang erfaring som pådrivar for digital transformasjon, og har også arbeidd med både samfunnssikkerheit og beredskap.

– Med til saman over 25 års leiarerfaring frå store og komplekse organisasjonar, har eg stått midt i den enorme utviklinga vi har hatt desse åra. Eg veit at Vestland fylkeskommune som mange andre, vil møte nye krav til endring og omstilling. No er eg klar til å ta over stafettpinnen og løyse alle dei spanande oppgåvene i fylkeskommunen saman med dei tilsette, seier han.

Rastad tek over for Rune Haugsdal, som har vore fylkesdirektør sidan fylkessamanslåinga i 2020, og før det som fylkesrådmann i Hordaland fylkeskommune sidan 2013. Haugsdal, som no blir 66 år, går over i stilling som seniorrådgjevar i Vestland fylkeskommune, med andre oppgåver framover.

God og samlande prosess

Til saman tolv personar hadde søkt på stillinga som fylkesdirektør. Eit arbeidsutval med desse fylkestingsrepresentantane har stått for det praktiske i samband med tilsetjinga: Fylkesordførar Jon Askeland (leiar, Sp), fylkesvaraordførar Stian Davies (Ap), Trude Brosvik (KrF), Silja Ekeland Bjørkly (H) og Terje Søviknes (FrP). I tillegg har to hovudtillitsvalde for dei tilsette delteke

– Arbeidet med rekrutteringa har vore gjennomført på ein god og samlande måte med god tidsmessig framdrift. Vi var særs godt nøgde med søkjarane, så vi hadde ein krevjande situasjon med å velje blant godt kvalifiserte kandidatar. Tilsetjingsutvalet landa ei samrøystes innstilling. Administrasjonsutvalet og fylkesutvalet tilrådde innstillinga til fylkestinget, som samrøystes vedtok tilsetjinga, seier fylkesordførar Jon Askeland.

Rastad får ei årsløn på 1 980 000 kr og tek til i stillinga som fylkesdirektør 01.01.26.