Oppmodar dei vidaregåande skulane til å nytte regnbogeflagget
Fylkesutvalet har vedteke ni tiltak som skal betre levekåra for skeiv ungdom i Vestland, i tillegg ei oppmoding til skulane om regnbogeflagget.

Dette er eit resultat av rapporten «Korleis har skeiv ungdom i Vestland det? Vestlandsanalyse 20224/02». Her kjem det fram at skeiv ungdom i Vestland har dårlegare levekår enn ikkje-skeiv ungdom. Skeiv ungdom er også meir utsett for mobbing, deltek mindre i fritidsaktivitetar og manglar møteplassar.
– Slik skal det ikkje vere i fylket vårt eller nokon annan stad. Difor må vi gjere det vi kan, med dei verkemiddel vi har, for å bidra til eit inkluderande og rettferdig samfunn, med like moglegheiter for alle, seier fylkesordførar Jon Askeland.
Oppmodar om flagging i juni
I tillegg til ei rekke konkrete tiltak, kom fylkesutvalet i møtet 4. juni med ei oppmoding til alle dei vidaregåande skulane i fylket om å flagge med regnbogeflagget.
– Flagget er eit viktig symbol på mangfald, inkludering og tilhøyrsle. Difor oppfordrar vi skulane til å nytte flagget i løpet av pridemånaden og ved lokale pridearrangement i nærområda til skulane. På vegner av fylkeskommunen ønskjer eg alle happy Pride, seier Askeland.
Oppmodinga vart vedteken med 16 mot 1 stemme.
Tiltak mot mobbing og for auka deltaking
Fylkesutvalet vedtok også at Vestland fylkeskommune skal gjere meir for å stoppe mobbing knytt til kjønn og seksualitet på skulane. Det skal kartleggjast kva som allereie blir gjort, og sørge for at dei tilsette på skulane har god nok kunnskap.
Det skal også haldast ein workshop saman med brukarorganisasjonar og relevante frivillige lag og organisasjonar. Målet er å finne ut korleis få fleire skeive ungdomar til å delta i fritidsaktivitetar, støtte arenaer der dei allereie er aktive og skape møteplassar for skeiv ungdom og familiane deira.
Kunnskap i sentrum
Vestland fylkeskommune skal også jobbe for å inkludere spørsmål retta spesielt mot kjønns- og seksualitetsmangfald i den årlege elevundersøkinga.
– Slik kan vi sikre endå meir kunnskap. Vi treng å vite stoda for skeiv ungdom, for å hjelpe og leggje betre til rette. For å auke kunnskapen i samfunnet, skal fylkeskommunen også invitere til eit webinar om kvifor desse ungdomane er underrepresenterte i fritidsaktivitetar, og kva vi kan gjere med dette, seier fylkesordføraren.
Fylkeskommunen skal også følgje opp levekåra for skeiv ungdom blant anna gjennom handlingsprogram for folkehelse, og når det skal lagast retningslinjer for framtidige fylkeskommunale bygg.
Fylkesutvalet vedtok desse ti punkta i møtet 4. juni
- Auke innsatsen mot kjønns- og seksualitetsrelatert mobbing i den vidaregåande skulen ved å kartlegge pågåande tiltak i dei vidaregåande skulane i Vestland for å sikre kompetanse hjå tilsette. Kartlegginga skal gjerast ved at fylkesdirektør sender ut ei undersøking til skulane.
- Gjennomføre ein workshop saman med brukarorganisasjonar og relevante frivillige lag og organisasjonar, for å identifisere korleis barrierar for skeiv ungdom si deltaking i fritidsaktivitetar kan brytast ned, støtte arenaer der skeive ungdommar er aktive, og skape møteplassar for skeiv ungdom og deira familiar.
- Invitere til eit webinar for å auke kunnskapen rundt kvifor skeive ungdom er underrepresenterte i fritidsaktivitetar og korleis auke deltaking blant skeive ungdom.
- Jobbe for å ta med krav til omsyn til inkluderande garderobar/skilting i anlegg som mottek spelemidlar.
- Jobbe for å inkludere spørsmål retta spesielt mot kjønns- og seksualitetsmangfald i Elevundersøkinga.
- Utarbeide retningslinjer til framtidige fylkeskommunale bygg, som stiller krav til vurdering av kjønnsnøytrale toalett og tilgang til private garderobe, der det er formålstenleg (til dømes idrettsanlegg, kulturarenaer, skular osb.), og der gjeldande lovar og forskrifter tillèt det (jf. Arbeidsplassforskriften § 3-7).
- Følge opp skeiv ungdoms levekår i Handlingsprogram for folkehelse i samband med rullering av handlingsprogrammet.
- Inkludere Rosakompetanse-kurset i regi av Fri Vestland i Mangfaldsveka.
- Inkludera fagleg kompetanse frå ulike brukarorganisasjonar og offentlege institusjonar som Likestilling – og Diskrimineringsombodet i mangfaldsveka.
- Fylkesutvalet slår fast at regnbogeflagget er eit viktig symbol på mangfald, inkludering og tilhøyrsle. Fylkesutvalet oppmodar alle dei vidaregåande skulane i fylket til å flagga med regnbogeflagget i løpet av pridemånaden juni og ved lokale pridearrangement i skulane sitt nærområde.