Mobbeombodet i Vestland med årsmelding: Oppmodar til engasjement i kampen mot mobbing
Urolege klassemiljø, utanforskap, mobbing og brot på aktivitetsplikt er noko av det elevar og foreldre i grunnskule og barnehage kontaktar mobbeombodet om.
Saka oppsummert
- Mobbeombodet mottok i skule- og barnehageåret 2024–2025 156 førespurnader som gjeld barnehage og/eller skulemiljø i grunnskulen i Vestland.
- Dei fleste, og totalt 141 førespurnader, har kome frå skulefeltet.
- Foreldre til barn som ikkje har eit trygt barnehage- eller skulemiljø er dei som hyppigast tek kontakt.
- I 14 prosent av sakene har eleven eit bekymringsfullt skulefråvær grunna mobbing, manglande inkludering og/eller mangel på tilrettelegging.
- Utanforskap og relasjonelle krenkingar i skulen er det mobbeombodet høyrer mest om.
- Også dette skuleåret har mange av førespurnadane til mobbeombodet handla om urolege klassemiljø og mobbing/ekskludering som har sitt utspring i dette.
- 34 prosent av sakene gjaldt brot på aktivitetsplikta. Elevar og foreldre fortel om saker som ikkje blir undersøkte, og at dei ikkje blir tekne på alvor når dei varslar.
- Fleire opplever å bli utsette for verbal krenking, noko som ombodet ser igjen i førespurnader frå skular som ønskjer råd og rettleing om korleis ein kan arbeide med språkbruk i skulen.
- Mange av sakene er konfliktfylte. Både samarbeidet mellom skule og heim og mellom ulike føresette kan vere krevjande.
- Det er ein auke av tilsette i skule og barnehage som kontaktar mobbeombodet for å sparre eller få råd og rettleiing i krevjande saker.
- Av sakene ombodet har motteke, er det 18 elevar som har opplevd mobbing og utrygt skulemiljø 5–7 år av skuletida si.
- For ein elev har situasjonen vart i over sju år.
Årsmeldinga vart onsdag denne veka handsama i utval for opplæring og kompetanse, og skal endeleg handsamast i fylkestinget 1. oktober.
– Vi sender saka vidare til fylkestinget med oppmoding om at alle kommunar handsamar årsmeldinga politisk, då ho løftar viktige problemstillingar som kommunestyret må drøfte. Dette burde vere praksis kvart år, seier Åsmund Berthelsen, leiar for hovudutval for opplæring og kompetanse i Vestland fylkeskommune.
Oppmodar til engasjement
Årets elevundersøking viste at mobbetala i Vestland er stabilt høge samanlikna med fjoråret, og det er vanskeleg å gi eitt enkelt svar på kvifor det er slik.
– Kampen mot mobbing og utanforskap må halde fram, men ingen kan kjempe han aleine. Vi ynskjer at du som les årsmeldinga, anten du er politikar, skule-/barnehageeigar, rektor, barnehagestyrar, lærar, elev eller føresett til eit barn i Vestland, engasjerer deg i kampen. Ingen kan gjere alt, men alle kan gjere litt, oppmodar Hildegunn Hodneland og Gøril Hillersøy, mobbeombod i Vestland.
Urolege klassemiljø
Elevundersøkinga viser at det meste av mobbinga skjer i klasserommet og skulegarden – altså der vaksne burde ha oversikt. Også dette skuleåret har mange av førespurnadane til mobbeombodet i Vestland handla om urolege klassemiljø og mobbing/ekskludering som har sitt utspring i dette. Det kan handle om lærarar som treng meir støtte i arbeidet med klasseleiing, eller om skular som slit med mykje sjukefråvær blant tilsette - eller med å få tak i kvalifiserte lærarar i det heile tatt.
– Når det blir mangel på trygge vaksne eller lite stabilitet i personalgruppa, påverkar dette skulemiljøet til elevane. Når det ikkje er vaksne som sørger for klasseleiing og kontinuitet i klasserommet, vil elevane ta over styringa. Når dette skjer, er det mange elevar som opplever mobbing og utryggheit. Ein klasse som har hatt slike utfordringar, vil ofte kjenne på konsekvensane av det i lang tid, seier mobbeombodet.
Aktivitetsplikta blir ikkje følgt godt nok opp
Dei nasjonale tala frå Elevundersøkinga viser at 17, 5 prosent av dei som blir mobba seier skulen visste om det, men ikkje gjorde noko. 19,2 prosent opplevde at det vart sett inn tiltak, men utan effekt.
– Det er eit tydeleg signal på systemsvikt, og at For å sikre retten elevane har til eit trygt og godt skulemiljø, har skulen ei aktivitetsplikt. Det står i opplæringslova § 12-4. Formålet med aktivitetsplikta er å sikre at skulen fangar opp viss elevar ikkje har det trygt og godt på skulen, og handlar raskt og rett.ikkje blir følgt godt nok opp i praksis. Difor er det avgjerande at regelverk og kontrollsystem rundt aktivitetsplikta fungerer, slik at rettsvernet til elevane blir reelt. I nokre av sakene kan vi sjå eit sprik mellom det som står i Ein aktivitetsplan skal som minimum innehalde: kva problem tiltaka skal løyse, kva tiltak skulen har planlagt, når skulen skal gjennomføre tiltaka, kven som er ansvarleg for å gjennomføre tiltaka og når skulen skal evaluere tiltaka.og dei faktiske tilhøva i saka, seier ombodet.
Hodneland og Hillersøy fortel vidare at ei sentral endring er at Statsforvaltaren ikkje lenger skal overprøve alle fem delpliktene i aktivitetsplikta. Statsforvaltar skal no berre vurdere om skulen har sett inn eigna tiltak.
– Tidlegare skulle dei følgje opp alle dei fem delpliktene i aktivitetsplikta, følgje med, gripe inn, melde frå, undersøke og iverksette tiltak. Dette er urovekkande, og kan i verste fall true rettstryggleiken til elevane, meiner ombodet.
Konflikt mellom heim og skule
Mobbeombodet erfarer at samarbeidet mellom skule og heim og mellom ulike føresette kan vere krevjande.
– Dei mest komplekse og langvarige sakene er gjerne kjenneteikna av konflikt mellom heim og skule, eller av foreldre som tek parti med eigne barn. Når foreldre hovudsakleg vernar om eigen barn, og dette blir så viktig at dei gløymer å sjå saka frå fellesskapet sitt perspektiv, kan det skape utfordringar, seier ombodet.
Eit råd til skulane er at dei må vere tydelege på forventingar til foreldre i fredstid om at det også er viktig å ta ansvar for andre sine barn.
–Trygge og robuste klassefellesskap førebygger mobbing, og skulen må halde desse fellesskapsverdiane høgt, rådar mobbeombodet.
Trår feil i starten av saka
Når mobbeombodet først blir kontakta, ser ombodet at ein ofte trår feil allereie i byrjinga av saka.
– Måten foreldre og elevar blir møtte på i første omgang er utruleg viktig for korleis saka løyser seg. Om nokon opplever å ikkje bli trudde, ikkje bli møtte på ein god måte, ikkje opplever at eigna tiltak blir sette i verk raskt, mister dei tillit til at skulen kan hjelpe. Då kan handlingsrommet til skulen til slutt bli utruleg lite, sjølv når det dei gjer etter boka burde vere rett, kommenterer ombodet.
Styrkar arbeidet inn mot barnehagane
Mobbeombodet har få førespurnader frå barnehage, med ni sist barnehage/skuleår.
Men i skulemiljøsakene mobbeombodet er inne i, høyrer mobbeombodet likevel ofte at «det starta i barnehagen». Dette, og det at Barnehagelova kap. 8 skal sørge for at alle barn får ein trygg og god barnehagekvardag. Barnehagen skal ikkje godta krenkingar som til dømes utestenging, mobbing, vald, diskriminering og trakassering. Alle som arbeider i barnehagen skal gripe inn når eit barn vert utsett for slike krenkingar.i varierande grad er implementert og informert om i barnehagane, gjer at ombodet framover vil prioritere informasjon til og samarbeid med barnehagar.
Alle oppvekstleiarar i kommunane og alle styrarar i barnehagane i Vestland fylke har fått invitasjon frå mobbeombodet om «barnehagepakken». Det er eit føredrag som mellom anna tek for seg korleis ein kan forstå mobbing og krenking blant barnehagebarn og barnehagen si aktivitetsplikt.
– Det er gledeleg å sjå at fleire har teke imot invitasjonen, og ikkje minst at dei som har hatt oss på besøk, melder tilbake at dei opplevde foredraget som både nyttig og lærerikt, seier ombodet.
Kjem med fem tilrådingar
Mobbeombodet kjem i årsmeldinga med fem tilrådingar til forbetringar og vidare arbeid. Dei kan du lese i rapporten frå side 19.
Kontakt omboda
Media kan også kontakte omboda eller utvalsleiar for utfyllande informasjon:
- Hildegunn Hodneland (Bergen), mob 918 84 213
- Gøril Hillersøy (Leikanger), mob 481 09 875
- Åsmund Berthelsen, leiar hovudutval for opplæring og kompetanse, mob 93 23 70 73
Til pressefoto av omboda i biletbanken til Vestland fylkeskommune