La fram tre budsjettforslag i fylkesutvalet

Dei tre forslaga kjem frå Høgre, FrP og samarbeidspartia Sp, Ap, V, SV, KrF og MDG. Forslaga ligg no ute på høyring fram til fylkestinget skal vedta endeleg fylkesbudsjett for 2026 og økonomiplan 2026–2029 i desember.

To ungdomar som sit saman ein buss og ser på ein telefon.
BUDSJETT: Samarbeidspartia i fylkestinget vil auke kollektivprisane, men fryse prisen på ungdomsbilletten. Det kom fram i budsjettbehandlinga i fylkesutvalet 25. november. (Illustrasjonsfoto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune)

Partia la fram budsjettforslaga sine i møtet i fylkesutvalet 25. november. Der vart forslaget til samarbeidspartia vedteke med 9 mot 8 stemmer.

– Vi meiner vi legg fram eit stramt, ansvarleg og framtidsretta budsjett. Dette er eit budsjett der vi prioriterer kjerneoppgåvene til fylkeskommunen. Vi skal framleis levere gode tenester innan vidaregåande opplæring og tannhelse. Samstundes skal vi sikre trygge og pålitelege reiser i bygd og by og leggje til rette for næringslivet i fylket og kultur og idrett for alle, seier fylkesordførar Jon Askeland.

Fylkesdirektøren la fram sitt forslag til budsjett og økonomiplan i oktober. Det er dette framlegget som ligg til grunn for forslaga partia no legg fram.

Vil spare 100 millionar fram til 2030

I budsjettforslaget føreslår samarbeidspartia også å setje i gang eit omstillingsprogram for heile fylkeskommunen. Innsparingsmålet i 2026 er 40 mill. kr. For heile økonomiplanperioden (2026–2029) er det målsettinga ei innsparing på minst 100 mill. kr.

– Vi må rigge oss for tida som kjem. Vestland fylkeskommune har god økonomi, men vi har høg gjeld, i tillegg til at løns- og prisveksten tek mykje av handlingsrommet vårt. Difor er det viktig at vi no ser på om vi skal organisere  tenestene våre på ein annan måte, eller om vi kan gjere andre tiltak for å drive meir effektivt, seier Askeland.

Samarbeidspartia ber fylkesdirektøren leggje fram ei politisk sak om mandat for omstillingsprogrammet til fylkestinget i mars 2026.

Samla budsjett på 18 milliardar

Det samla fylkesbudsjettet er på rundt 18  mrd. kroner i 2026. Av dette er det føreslått å setje av 12,5 mrd. til drift. Til investeringar er det i tillegg sett av 4,7 mrd. kr. Fylkesdirektøren føreslår å investere 3,6 mrd. kr på fylkesvegnettet, og samarbeidspartia i fylkestinget følgjer denne ramma.

Dei største veginvesteringane i 2026 er byvekstavtalen i Bergen, fv. 609 Heilevang i Sunnfjord, Førdepakken, Bømlopakken og Askøypakken.

I sektoren opplæring og kompetanse er det lagt inn investeringar for over 826 mill. kr i 2026. Her er dei største prosjekta Langhaugen vgs., Stord vgs., Slåtthaug vgs. og Kvam vgs.

Prioriterer ungdom, inkludering og kultur

I eit elles stramt budsjettforslag har samarbeidspartia funne noko rom for midlar utover det fylkesdirektøren har føreslått i sitt forslag til budsjett for 2026. Blant satsingane dei prioriterer er prosjektet Inkludering i Vest, som vart lansert i starten av november. Partia vil også setje av 500 000 kr til initiativet frå Vestland ungdomsutval om sommarjobb for ungdom.

Både fylkesdirektøren og samarbeidspartia går inn for å auke prisane i kollektivtrafikken med om lag 4 prosent i gjennomsnitt, men samarbeidspartia vil skjerme ungdom.

– Vi vil fryse prisen på ungdomsbilletten, fordi vi ønskjer å prioritere ungdom utan andre reisealternativ i kvardagen. I tillegg håpar vi dette skal vere med på å skape gode kollektivvanar, som ungdomane tek med seg vidare til vaksenlivet. I tillegg har vi prioritert dei faste reisande, ved at prisen på 30-dagars periodebillett berre får ein mindre auke, seier fylkesordføraren.

Samarbeidspartia har også funne rom for tre større satsingar på kulturfeltet i 2026. Dei føreslår å løyve 14,2 mill. kr til Sunnhordland Museum, 16 mill. kr til Verdsarvsenter Urnes og 9,5 mill. kr til Gamlekinoen på Voss.

Viktigast å sikre gode tenester

Det er altså budsjettforslaget frå samarbeidspartia som no er innstillinga frå fylkesutvalet til fylkestinget. I møtet i fylkestinget fremjar dei andre partia budsjettforslaga sine, i tillegg til at det også kan kome andre forslag frå parti som ikkje er representerte i fylkesutvalet.

– No skal vi bruke tida fram til fylkestinget godt. Vi ser at alle tre budsjettforslaga har punkt der vi nærmar oss kvarandre, og kanskje kan vi samstemme desse meir, slik at delar av budsjettet blir samrøystes vedteke. Det felles målet vårt er å sikre Vestland fylkeskommune ein sunn økonomi i åra som kjem, og den aller viktigaste jobben til fylkeskommunen er å levere gode tenester til innbyggjarane i fylket, seier Askeland.

Fylkestinget har møte på Vestlandshuset i Bergen 9. og 10. desember.

Alle budsjettforslaga

  1. Budsjettforslaget til Ap, Ap, V, SV, KrF og MDG
  2. Budsjettforslaget til Høgre
  3. Budsjettforslaget til FrP (pdf)
  4. Budsjettforslaget til fylkesdirektøren