Kulturlandskapsprisen til Lars Tyssebotn med familie
Familien på Osterøy får prisen for framifrå og langvarig innsats med å ta vare på og vidareutvikle kulturlandskapet i landbruket.
– Lars Tyssebotn med familie er eit førebilete for andre i arbeidet med levande kulturlandskap. Takk for innsatsen, og gratulerer med ein velfortent pris!, sa Sigrid Brattabø Handegard, leiar for hovudutval for næring i Vestland fylkeskommune.
Prisen vart delt ut under eit arrangement i Fotlandsvåg på Osterøy i dag. Før utdelinga på Fjordslottet Hotell var det omvising på garden til Lars Tyssebotn og familien.
Aktivt og nyskapande landbruk
I juryen si grunngjeving står det blant anna at prisvinnarane gjennom mange år har drive med aktivt geitehald, ei driftsform som tek vare på både naturen, tradisjonane og framtida. I eit landskap som kan vere krevjande frå naturen si side har familien drive aktivt og nyskapande landbruk.
Lars og familien har bygd opp drift og bygningsmasse på tre stølar og to gardsbruk, òg i veglause område. Dei har rydda beite og teke i bruk både innmark og utmark i låglandet og i fjellet til tradisjonell drift med geit og sau.
Dei tek vare på artsrik slåttemark, artsrik beitemark og gamle kulturminne. Gjennom drifta skapar dei grunnlag for eit levande kulturlandskap, der både biologisk mangfald og kulturminne blir teke vare på for kommande generasjonar.
Formidlar og deler kunnskap
Familien held landskapet ope og tilgjengeleg for ålmenta, og er opne og delande i formidlinga si. Mange kjem kvart år for å sjå og lære – og reiser heim med inspirasjon. Ein får forståing for at det er mykje arbeid, men òg mykje glede i livsstilen som gardsdrifta gir.
På garden og stølen held dei oppe handverkstradisjonar som å koke geitost, lage pølser og spekemat. Produkta er særs populære. Dei visar korleis innovasjon og nytenking kan gå hand i hand med tradisjonell landbruksdrift.
Talsperson for landbruket
Lars Tyssebotn har òg vore aktiv i fleire organisasjonar i landbruket, og har arbeidd for betre rammevilkår og større kunnskap om berekraftig drift. Han er ein sterk talsperson for eit landbruk bygd på eigne ressursar og naturens eigne premiss. Lars Tyssebotn tok initiativ til å redde gammalnorsk spelsau og stifta ein organisasjon for denne rasen, som no tel fleire tusen dyr.
Mange nominerte
Kulturlandskapsprisen er eit samarbeid mellom Statsforvaltaren i Vestland og Vestland fylkeskommune vert delt ut annan kvart år. Dette er andre gongen prisen vert delt ut.
Juryen har bestått av medlemmar frå Vestland Bondelag og Bonde- og småbrukarlaget, Vestland fylkeskommune (kulturminne og næring), Statsforvaltaren i Vestland (miljø og landbruk), og Høgskulen i Vestland (avd. Sogndal) på fritt grunnlag.
Det kom inn 27 nominasjonar i 2025.
Om kulturlandskapsprisen
- Kulturlandskapsprisen er eit samarbeid mellom Statsforvaltaren i Vestland og Vestland fylkeskommune.
- Prisen skal medverke til auka merksemd og kunnskap om kulturlandskap og -verdiar og utfordringar knytt til dette.
- Vinnaren av prisen må ha utmerka seg ved å forvalte miljø- og kulturlandskapsverdiane på ein særs god måte, og skal ha gjort ein ekstraordinær innsats for kulturlandskapet, det biologiske mangfaldet, bygningsvernet, formidling, tilrettelegging og tradisjonar knytt til kulturlandskapet.
- Prisen kan delast ut til gardbrukarar og grunneigarar, mindre organisasjonar, bygde- og grendelag, grunneigarlag eller andre formar for fellestiltak og samarbeid, kommunar, landbruksretta næringsverksemd og FoU-verksemder.