Her skal vi oppbevare den kollektive hukommelsen til Vestland
Det nye arkivbygget på Leikanger opna 30. oktober. Bygget har om lag 20 000 hyllemeter og skal bidra til å bevare den rike kulturarven til Vestland.
Fylkesvaraordførar Stian Davies stod for den offisielle opninga av bygget.
– Når vi investerer i arkiv, investerer vi i tillit. Tillit til historia, til fellesskapen, og til at dei som kjem etter oss skal ha same tilgang til fortida som vi har i dag. Arkivet er del av grunnmuren til demokratiet vårt. Det gir innsyn, rettstryggleik, og gjer at vi kan halde offentlege aktørar ansvarlege også tilbake i tid, sa Davies.
Berebjelke i kulturpolitikken
Her skal det oppbevarast både privatarkiv, arkiv frå bedrifter, lag og organisasjonar og arkiv frå kommunane i fylka. Det er fleire spesialrom for arkiv og ein infrastruktur rigga for å handtere digitale og analoge kjelder.
– Arkiv og dokumentasjon er løfta fram som ein berebjelke i kulturpolitikken og er ein viktig del av kulturplanen til Vestland. Det nye bygget vi opnar i dag, er eit resultat av langsiktig, kulturpolitisk arbeid. Det er ei investering i kunnskap og demokrati, sa Per Morten Ekerhovd, direktør for kultur og folkehelse i Vestland fylkeskommune.
Bygget har kosta om lag 113 millionar kroner å få på plass. Det skal sikre nødvendig arkivkapasitet for både Vestland fylkeskommune og for kommunar i fylket. Vestland fylkeskommune er vertskap for kommunearkivordninga i Vestland, eit kommunalt oppgåvefellesskap som består av 18 kommunar og fylkeskommunen. Dei samarbeider om arkivtenester for å sikre at arkiva vert handterte, tekne vare på og formidla.
Investering i kompetansearbeidsplassar
Sogndal kommune er både vertskommune for nybygget og medlem i kommunearkivordninga. Ordførar Stig Ove Ølmheim deltok på opninga.
– Takk for investeringa! Det er vi verkeleg glade for. Vi var spente ved fylkessamanslåinga, men dette nybygget saman med oppussinga av fylkeshuset, syner at Vestland byggjer kompetansearbeidsplassar i kommunen vår. Vi er også stolte av å vere med i kommunearkivordninga. Det viser at kommunane står saman for å ta vare på arkiva våre, sa Ølmheim.
Teknisk avansert bygg
Fylkestinget vedtok bygging av arkivbygget i desember 2021, om lag tre år etter det første innspelet frå brukarane om behov for meir kapasitet. Åsen & Øvrelid AS har hatt totalentreprise på bygginga, og det er eit teknisk avansert bygg som no blir teke i bruk. Her er blant anna fem ventilasjons- og klimaanlegg, kjøle- og frysemagasin for foto og film og eigne rom for mottak, ordning og sanering.
– Her er gjort ein del tiltak for at vi skal unngå skadar på materiale som blir oppbevart her. Vi har blant anna hatt strenge funksjonskrav til klima, brann og sikring. Eg må takke Åsen og Øvrelid med arkitekt Invest Consult AS for samarbeidet, men også alle tilsette på seksjon arkiv. Her har vi hatt fantastiske bidrag og kompetanse på det arkivfaglege, sa utbyggingssjef Jan Tore Rosenlund i Vestland fylkeskommune.
Arkivbygget har eit samla areal på 2141 kvadratmeter bruttoareal. Det er om lag 20 000 hyllemeter lagringskapasitet. Det er også lagt til rette for at bygget kan utvidast mot aust, dersom det blir behov for det.
Ros frå riksarkivaren
Det var ikkje berre utbyggingssjefen som kom med skryt til arkivarbeidet i Vestland fylkeskommune. Riksarkivar Inga Bolstad hadde sendt ei videohelsing til opninga.
– Med 20 000 hyllemeter opnar vi i dag eit av Noregs største arkivbygg. Ein spesiell takk til politikarane i Vestland. De har valt å satse på arkiv! Det er eit sterkt og framtidsretta val. Sterke institusjonar kjem ikkje av seg sjølve, dei må prioriterast og løftast politisk. Arkiv sikrar dokumentasjon og etterprøvbarheit, og det vernar rettane til enkeltmennesket, sa Bolstad.
Svært plasseffektivt
Om lag 1300 hyllemeter arkivmateriale er flytta frå fylkeshuset på Leikanger og til det nye bygget, noko som frigir plass på fylkeshuset. Magasinet i nybygget er svært plasseffektivt, og i kvar hylle er det akkurat plass til ein arkivboks. Arkivet frå Hordaland fylkeskommune skal også flyttast hit, saman med arkiva etter ei rekke kommunar, bedrifter, lag, organisasjonar og privatpersonar.
Vestland fylkeskommune oppbevarer i dag om lag 1800 privatarkiv, hovuddelen frå lag og organisasjonar. Rundt 300 arkiv er frå bedrifter og rundt 360 frå privatpersonar.
Det nye arkivbygget er særleg eigna til å ta vare på arkivmateriale i form av foto, film og lyd. Her er det tre magasin med tre klimasoner, deriblant eit fryserom.
Handlar om identitet
Ei av stemmene i arkivet er norskamerikanaren Owen Veum. Vestland fylkeskommune har nyleg digitalisert 60 lydband han sende heim til slekt i Luster frå 1969 til 2001.
– Dette er ei stemme frå fortida, ei autentisk, audiovisuell stemme. Treng vi dette, er det nokon som spør. Kunne vi ikkje brukt kunstig intelligens til å gjengi det Owen sa? Men det er noko eige med stemmer frå fortida. Det handlar om identitet. Vestland er eit arkivfylke, og vi har lang tradisjon for å ta vare på og formidle. Difor er dette ein stor dag for oss som jobbar med arkiv i fylkeskommunen, sa Arnt Ola Fidjestøl, leiar for seksjon arkiv i Vestland fylkeskommune.
Lesesal på fylkeshuset for publikum
Fylkeskommunen legg til rette for at publikum skal kunne bruke arkiva og kjeldematerialet i ulike samanhengar. Det kan vere som grunnlag for historisk forsking og formidling, dokumentasjon av rettar eller til bruk i samfunnsforvaltning. Du kan bestille materiale frå arkivmagasina og studere desse på lesesalen på fylkeshuset på Leikanger.
Ingen tilsette i fylkeskommunen vil ha fast arbeidsplass i det nye arkivbygget, men blir der etter behov.