Gull, glede og god stemning - Vestland imponerte i skule-NM
Elevar frå Vestland sikra seg fem medaljar, to gull og tre bronsar, under skule-NM 2025.

Vårens vakraste eventyr for 21 elevar frå Vestland gjekk av stabelen i slutten av april. Skule-NM vart arrangert på 10 vidaregåande skular i seks ulike fylke. Her møtast elevar frå forskjellige utdanningsprogram for å kåre Noregs beste yrkesfagelevar.
Det er WorldSkills Norway som arrangerer skule-NM saman med fylkeskommunane.
Medaljesanking
Vestland sikra seg fem medaljar frå konkurransane. Zora Lotte Yri frå Årstad vgs. tok gull i hudpleiefaget, medan Andrea Austrheim Iversen, også frå Årstad vgs., vann gull i blomsterdekoratørfaget.
I tillegg vart det bronse til Tiril Bjorøy frå Åstad vgs. i hudpleiefaget, Hanna Marie Sævold frå Årstad vgs. i frisørfaget, og Amira Dahle Bergstø og Isabell Hjelmeland frå Stend vgs. i lagkonkurransen i salfaget.

– Ei viktig læringsarena
Hensikta med konkurransane er auka kvalitetsarbeid, bidra til motivasjon, auke rekruttering og betre kunnskapen om yrkesfaga.
– Vi er utruleg stolte av elevane og deira faglege prestasjonar. Det å delta i skule-NM er meir enn ein konkurranse. Det er ei viktig læringsarena som gir elevane høve til å utvikle seg både fagleg og personleg. Dei får kjenne på meistring, byggje nettverk, og får eit unikt innblikk i kva som krevjast i arbeidslivet, seier Sissel Brusegård, leiar for kvalitetsutvikling i avdeling for opplæring og kompetanse.
Over 60 prosent av ungdomane som søkte skuleplass på vg1 har i år valt yrkesfag som sitt primærønske. Det er rekordmange og Vestland er det fylket med flest søkjarar til yrkesfag.