Fylkesdirektør Rune Haugsdal gir seg i stillinga

Dette var det noko overraskande bodskapet fylkestinget fekk i talen frå fylkesdirektøren under opninga av fylkestinget i Florø i dag.

Rune Haugsdal
GIR SEG: Fylkesdirektør Rune Haugsdal avslørte på fylkestinget i Florø 17. juni at han gir seg som fylkesdirektør 31. desember 2025, eller når ny etterfølgjar er på plass i 2026. (Foto: Hilde Joranger Mæland/Vestland fylkeskommune)

Haugsdal held fram i stillinga som fylkesdirektør ut 2025, eller til ny fylkesdirektør er på plass i 2026.

– Med noko vemod og ein viss lette, ønskjer eg no å gi stafettpinnen som fylkesdirektør vidare. I samsvar med tilsetjingsavtalen min, ønskjer eg å gå av som fylkesdirektør 31.12.25 eller på det tidspunktet i 2026 ny etterfølgjar er på plass. Etter 37 år i ulike reiarroller og snart 66 år, ein alder som kan beskrivast som meir «moden» enn ung og lovande, er dette rett for meg og bra for Vestland fylkeskommune midtvegs i ein politisk periode. Det er ei tid for alt, sa Haugsdal til fylkestinget.

I talen rosa han dei tilsette i Vestland fylkeskommune.

– Å få jobbe saman med dyktige medarbeidarar, og spesielt med det kompetansenivået vi har i Vestland fylkeskommune, er på alle måtar givande og ei stor glede. Her er fantastisk mange flinke og kunnskapsrike menneske innanfor alle fagfelt, sa fylkesdirektøren.

Fekk første leiarjobb som 28-åring

Rune Haugsdal fekk sin første leiarjobb som 28-åring tilbake i 1988. Seinare vart det nye leiaroppgåver i andre organisasjonar.

– At åra har gått fort, trur eg kjem av gleda med leiarutfordringane, anten dette har vore hos Sande, Selmer, Kværner, Skanska, Bergen kommune eller Hordaland og Vestland fylkeskommune, fortalde Haugsdal.

Han byrja som fylkesrådmann i Hordaland fylkeskommune i februar 2013. Vervet har vore ein livsstil.

– Å vere fylkesrådmann eller fylkesdirektør er ingen 8 til 4-jobb, men ein livsstil. Ein livsstil med oppgåver eg trivst godt med, og som føreset ein svært forståingsfull heimebane. Gunhild er i tillegg til å vere ektefelle, også den gode samtalepartnaren min, støtte og utviser eit eineståande tolmod.  Då eg søkte og fekk stillinga som fylkesdirektør i Vestland fylkeskommune, gjorde Gunhild og eg ein avtale. Åra etter fylkessamanslåinga har også gått fort. Eg har for vane å halde avtalar, og sjølvsagt også den med Gunhild, røper Haugsdal.

Open for andre arbeidsoppgåver i fylkeskommunen

I talen sa Haugsdal at han er open for andre arbeidsoppgåver i fylkeskommunen:

– Etter eiga meining, meiner eg hovudet framleis fungerer bra, og engasjement og energi er på plass. I samsvar med tilsetjingsavtalen stiller eg meg derfor til disposisjon for andre arbeidsoppgåver i Vestland fylkeskommune. Eg skal love for eigen del å utvise stor endringsvilje.  

Ferie utan bybanediskusjonar

Han avslutta talen med å røpe eigne ferieplanar. Tradisjonen tru kjem Haugsdal til å feriere i seglbåt.

– Om nokre veker er det ferie for dei fleste av oss. Også i år blir det for min del segling langs vestlandskysten, på ein ferie forhåpentleg fri for bybanediskusjonar som i fjor.  Eg vil ønskje oss alle eit godt fylkesting, ein god sommar og i september – eit riktig godt val! avslutta Haugsdal.

Sjå heile talen i Haugsdal i politisk nett-tv.

Fleire bilde av Haugsdal i fotobanken til Vestland fylkeskommune.