Meir forsterkning av fylkesvegane: – Eit krafttak for framtida

Vestland fylkeskommune trappar opp satsinga på forsterkning av fylkesvegnettet. Nye metodar skal gjere vegane stødigare i møte med både tungtrafikk og meir ekstremvêr.

Mørkegrå grusveg i forkant med stor og gul vegarbeidsmaskin som jobbar på vegen. Kvit trehusbebyggelse, skog og fjell i bakgrunnen og blå himmel . Ein mann i knallgul arbeidsjakke med logo Vestland fylkeskommune og hjelm går på vegen som er under arbeid med ryggen mot oss.
MEIR ROBUSTE VEGAR: Strekningar på fv. 576 Strandebarmsvegen i Kvam herad blir knusefreste og djupstabiliserte for å kunne tole tyngre køyretøy og meir nedbør, som ledd i vegforsterkingsprogrammet til fylkeskommunen. foto: John Hermund Hauge/Vestland fylkeskommune.

Fylkesutvalet handsama saka "Forsterkningsbehov på fylkesvegnettet – status og plan" i møtet 23. september. 

– Dette er ei klok investering for framtida: å forlenge levetida på fylkesvegane våre og gjere dei i stand til å møte både klimaendringane og samfunnsbehova våre, seier Jon Askeland, fylkesordførar i Vestland.

Sparar pengar med meir robuste vegar

Satsinga er godt i gang. Halve fylkesvegnettet er kartlagt med tanke på bereevne og kvalitet, og viser at 25 prosent av vegane har kritisk behov for forsterkning i 2025. No skal heile fylkesvegnettet i Vestland kartleggast innan 2027, og det er sett av midlar til å djupstabilisere slitte vegar. Slik skal det bli færre akutte skadar på vegen, færre stengingar, mindre asfaltlapping, reduserte drifts- og vedlikehaldskostnadar og eit fylkesvegnett tilpassa klimaendringane.

– Gevinstane er mange. Dette handlar ikkje berre om asfalt og stein, men om å forvalte vegkapitalen vår godt og ha tryggare og meir føreseielege vegar for næringslivet, kollektivtrafikk og kvardagsreisene til folk i fylket, seier Askeland.

Gode klimatiltak

Fleire fylkesvegstrekningar er allereie forsterka og fått nytt dekke på betre vegoverbygging, som i Hausdalen i Bergen kommune og på Tysnes. No er arbeidet i gang på tre strekningar på fv. 576 i Strandebarm, vegar som har kravd mykje vedlikehald og oppfølging. Resultatet skal bli auka bereevne, mindre vedlikehald og betre trafikktryggleik. Som ein start i forsterkningsprogrammet er det planlagd utbetring av til saman 40 km veg i løpet av 2026.

– Med kartlegginga kan vi prioritere dei dårlegaste strekningane og sjå gode, langsiktige resultat. Dette er også viktige klimatiltak i  fylket, med reduserte utslepp av klimagassar og gjenbruk av massar, seier Askeland.

"Ny ryggrad" til fylkesvegane

Metodane som blir nytta er djupstabilisering og knusefres. Dei øvste 30 cm inkludert gamal asfalt og større steinar, blir knusefreste til ein meir stabil masse for nytt dekke og drenering. Ved djupstabilisering blir det nytta bindemiddel og innblanding av pukk. Særleg dreneringsevna til vegen er kritisk framover, med aukande ekstremvêr, flaum og nedbør. Difor er oppgradering av stikkrenner, grøfter og kummar med i forsterkningsprogrammet. Det same er utbetring av murar og vegkantar som sig ut.

 Med kartlegginga ser ein også om det er skilnad på faktisk bereevne og den tillatne vekta på fylkesvegane og slitasje i dag, noko som er viktig for næringslivet og vegdrifta framover.

Det er sett av om lag 164 millionar kroner til forsterkingsprogrammet i Vestland per 2025, og fylkesutvalet satsar no på fullføring av kartlegginga som eit godt grunnlag for vidareføring av programmet og berekraftig forvalting av fylkesvegane.