Frå betong-lego til cybersikkerheit – sjå kven som får støtte til berekraftig verdiskaping

Vestland fylkeskommune har fordelt 17,7 millionar kroner til 19 utviklingsprosjekt gjennom tilskotsordninga berekraftig verdiskaping 2025. Sjå kva prosjekt som har fått støtte.

Foto av Voss kommune
UTVIKLINGSPROSJEKT: Både Voss herad og Hardanger og Voss Næringshage får midlar til kvar sine prosjekt gjennom tilskotsordninga berekraftig verdiskaping 2025. (Arkivfoto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune)
  • Vestland fylkeskommune har tildelt 17,7 millionar kroner til 19 utviklingsprosjekt gjennom ordninga Berekraftig verdiskaping 2025.
  • Målet er å fremje grøn, inkluderande og kompetansedriven næringsutvikling i fylket.
  • Prosjekta som får støtte spenner frå kunstig intelligens i industrien og cybersikkerheit, til grønt reiseliv og oppsirkulering av betong.
  • Det kom inn 51 søknader, og 46 vart vurderte.
  • Fylkeskommunen prioriterer prosjekt som støttar dei fire satsingsområda: grøn næringsutvikling, areal til næringsutvikling, innovative og inkluderande samfunn, og kompetanseutvikling i arbeidslivet.


– Det er inspirerande å sjå kor mange gode prosjekt som arbeider målretta for å utvikle eit grønare og meir inkluderande Vestland. Desse midlane gjev fart til framtidsretta løysingar over heile fylket, seier Sigrid Brattabø Handegard, leiar for hovudutval for næring i Vestland fylkeskommune.

Tildelinga vart gjort i hovudutvalet onsdag denne veka.

Totalt kom det inn 51 søknader innan fristen. Av desse vart 46 godkjende og vurderte, med ein samla søknadssum på 46,8 millionar kroner. Interessa og ambisjonsnivået i prosjekta er høge.

Gjennom tilskotsordninga ynskjer fylkeskommunen å vere med på å få fram nye idear, skape synergi og nye løysingar for berekraftig verdiskaping.

– Prosjekta vi støttar viser korleis næringslivet i Vestland klarer å tenkje nytt med utgangspunkt i det vi allereie er gode på. Det gir både grobotn for nye næringar og styrkar dei vi har frå før. Vi skulle likevel sett fleire søknader innan satsinga areal til næringsutvikling. Tilgang til nok eigna næringsareal basert på berekraftig bruk av naturressursar er ei viktig satsing for framtida, seier Handegard.

Desse prosjekta får støtte

Følgjande 19 prosjekt får til saman 17,7 millionar kroner i støtte:

  • Atheno – Industriell grøn omstilling og konkurransekraft med kunstig intelligens: 1 329 800 kr
  • Osterøy kommune – Omsorg+: Verdiskapingssymbiose helse/teknologi/bygg: 995 000 kr
  • Universitetet i Bergen – Mikroemnepakke innan berekraft og klima: 1 500 000 kr
  • Region Sunnhordland IKS – Regenerativt reiseliv Sunnhordland: 567 375 kr
  • NCE Finance Innovation – Bank for alle – Digital inkludering: 700 000 kr
  • Høgskulen på Vestlandet – Y-veg innan elektroteknologi: 799 400 kr
  • Hardanger og Voss Næringshage – Grøn mobilitet – Regionalt utviklingsprosjekt for grøne reiser i Vestland: 1 500 000 kr
  • Hub for Ocean / Ocean Hyway Cluster – Green Maritime Energy Station: 335 000 kr
  • Hub Yrkesfag – Meistringsskulen: 1 900 000 kr
  • Proptech Innovation – Betong-lego: Oppsirkulering av betong: 654 450 kr
  • Startuplab – 2030 Ocean: 1 500 000 kr
  • Sogn Næring AS – Sognacamp: Kompetanse og rekruttering: 580 000 kr
  • Hardangerrådet IKS – Arbeidsstad der du vil: 300 000 kr
  • NONEDA – Kartlegging av spelutviklingsbransjen på Vestlandet: 200 000 kr
  • Voss herad – Datadrevet modellering av symbioses verdi og impact: 846 000 kr
  • Sunnfjord Utvikling – Fjord Impact Lab: 1 500 000 kr
  • Maritime Clean Tech – Tillit til nullutslepp i maritim transport: 1 000 000 kr
  • NCE Finance Innovation – Cybersikkerheit i Vestland: 1 000 000 kr
  • Kompetansesenter for teknologi og sirkulærindustri – Utvikling av kompetansepakkar innan teknologi og sirkulærindustri: 500 000 kr

Satsingar og prioriteringar

Tilskotsordninga støttar prosjekt som er forankra i ein eller fleire av dei fire hovudsatsingane i den regionale planen Berekraftig verdiskaping – regional plan for innovasjon og næringsutvikling. Satsingane for utlysinga i 2025 var grøn næringsutvikling, areal til næringsutvikling, innovative og inkluderande samfunn og kompetanseutvikling i arbeidslivet.

Grøn næringsutvikling

Denne satsinga har eit næringsliv i Vestland med netto nullutslepp som mål. Vi etterspør spesielt prosjekt som bidreg til å styrke sirkulærøkonomi og industriell symbiose, energieffektivisering, auka bruk av fornybar energi, eksporten frå fastlandsnæringar, arbeidet med heilårsarbeidsplassar i reiselivsnæringa og besøksforvaltning.

Areal til næringsutvikling

I denne satsinga er målet rett areal til rett føremål til rett tid. Prosjekt skal spesielt bidra til at Vestland har tilgang til nok eigna næringsareal som er basert på berekraftig bruk av naturressursar. Vi etterspør her samarbeid for å utvikle smartare og meir berekraftig bruk av areal i ein bu- og arbeidsmarknadsregion. Det kan gjelde på land og i sjø.

Innovative og inkluderande samfunn

I denne satsinga er målet verdiskaping og grøne arbeidsplassar i heile fylket. Her opnar fylkeskommunen for prosjekt knytt berekraftige bu- og arbeidsmarknadsregionar med like moglegheiter til å delta i verdiskaping. Vi etterspør spesielt prosjekt som kan styrke kommunane sitt arbeid med verdiskaping og sysselsetting og prosjekt som kan bidra til å inkludere fleire i arbeidslivet.

Kompetanseutvikling i arbeidslivet

Fleire arbeidstakarar med rett kompetanse er målet i denne satsinga. Her ønskjer vi spesielt prosjekt som bidreg til utvikling av kompetansehevings- og utdanningstilbod etterspurt av arbeidslivet, mobilisering til auka bruk av slike tilbod, og ulike strategiske samarbeid knytt til rekruttering av rett arbeidskraft.

Mange av søknadene som har fått støtte kombinerer fleire av satsingsområda.

Vil du vite meir?

Les meir om dei ulike søknadane i vedlegga til den politiske saka:

PS/52 2025 Tildeling av tilskot til berekraftig verdiskaping 2025