Ferja Krokeide–Hufthamar får fleire avgangar og betaling for køyretøy
Frå 1. november set Skyss inn fleire avgangar på ferjesambandet Krokeide–Hufthamar. Bakgrunnen er auka trafikk og tidvise kapasitetsutfordringar på sambandet.
Skyss innfører samstundes betaling for køyretøy på ferja.
– Dette er dessverre naudsynt for å dekke inn noko av kostnadane ved det utvida tilbodet, forklarer Skyss-direktør Målfrid Vik Sønstabø.
Ho understrekar at turen framleis vert gratis for passasjerar, og at prisen for køyretøy vert lågare enn det han var før ferja vart gratisferje.
Betaling vil skje med Autopass, som les bilskiltet ved ombordkøyring. Autopass-forskotsavtale gir maksimal rabatt. For reisande som har ein slik avtale, vil det koste 38 kroner med elbil, og 54 kroner dersom bilen ikkje har nullutslepp. Utan forskotsavtale vert prisen høvesvis 75 og 107 kroner.
Dei nye rutene er tilgjengelege i reiseplanleggaren på skyss.no.