Elleve tiltak for ei betre fritid for barn og unge
Vestland var første fylke ut med ei fritidserklæring for barn og unge. No har fylkesutvalet vedteke ni tiltak for å følgje opp erklæringa.

Tretten aktørar i fylket forplikta seg til å jobbe for ei inkluderande fritid for barn og unge då dei signerte Fritidserklæringa Vestland 28. september 2024.
Visjonen i erklæringa er at alle barn og unge skal delta jamleg i fritidsaktivitetar.
– Dette er eit så utruleg viktig arbeid. Det handlar om meir enn fritidsaktivitetar. Det handlar om inkludering, folkehelse, om å høyre til og å delta. På sikt handlar det om å hindre ungt utanforskap, og å hjelpe ungdomar og unge vaksne å finne plassen sin i arbeids- og samfunnslivet, seier fylkesvaraordførar Stian Davies, som leia møtet i fylkesutvalet 21. oktober.
Fylkesutvalet vedtok at Vestland fylkeskommune skal følgje opp Fritidserklæringa Vestland gjennom desse elleve tiltaka:
- Stimulere kommunane til å utforme lokale fritidserklæringar ved å følgje opp med rettleiing, kompetanse og utvikling av nettverk.
- Styrke inkludering som kriterium i relevante fylkeskommunale tilskotsordningar.
- Styrke ordninga open skule og utlån til frivillig sektor ved dei vidaregåande skulane i Vestland, med barn og unge under 20 år som prioritert gruppe.
- Legge til rette for informasjon om lokale fritidstilbod på vidaregåande skular via infoskjermar og direkte til elevar og lærlingar via digitale fellessystem.
- Vidareutvikle ordninga Lokaltransport for ungdom (LTU), for å styrke reisetilbodet for ungdom til og frå fritidsaktivitetar.
- Auke kunnskapen om barn og unge si deltaking i fritidsaktivitetar ved å delta i og formidle resultat frå Barnefamiliepanelet, Ungdata og Folkehelseundersøkinga i relevante nettverk.
- Aktivt løfte fram gode eksempel og formidle erfaringar frå arbeid med fritidserklæringa og med å inkludere alle barn i fritidsaktivitetar.
- Løfte arbeidet med universell utforming av fritidsarenaer. Kartlegge og dele kunnskap om universell utforming av turvegar, friluftsområde, idrettsanlegg, bibliotek og kulturarenaer.
- Kople måla i Fritidserklæringa saman med ABC for god psykisk helse, Vestland som rasismefri sone, levekårstiltak for skeiv ungdom og andre satsingar i fylkeskommunen.
- Fylkeskommunen skal greie ut korleis ein kan bruke tilskotsordningar og det fylkeskommunale verkemiddelapparatet til å stimulere til lågare deltakaravgifter for organiserte fritidsaktivitetar.
- Fylkesutvalet ber fylkesdirektøren tilstrebe at kollektivtilbod i rutepakkar som går ut på anbud varetar naudsynt rutefrekvens for buss, båt og ferje slik at ungdom kan delta i fritidsaktivitetar på ettermiddag og kveldstid