Betre plass for reisande og byhistoria

Den mest travle haldeplassen i Bergen får meir tumleplass. No blir det også meir synleg kvifor plassen heiter Nonneseter.

Oversiktsbilde av bybanesporet, ein gamal fabrikk som skal rivast, eit gamalt bygg frå 1100-talet.
BETRE PLASS: Det vert vesentleg betre plass for dei reisande til og frå den travlaste haldeplassen til Bybanen når Sølvvarefabrikken (det kvite bygget i midten) vert riven. Foto: Norconsult

Etter fleire år med venting skjer det endeleg noko på Nonneseter. Den gamle sølvvarefabrikken og leigegarden stått til nedfalls. Bergen kommune kjøpte dei to bygga i 2020 for å rive dei. No som både antikvariske og byggfaglege mynde har velsigna tiltaket, kan arbeida på den gamle klostertomta ta til.  

— Ein klar forutsetning for at vi får rive og bygge nytt byrom er at klosterbygningane frå middelalderen kjem betre fram. Byrommet skal gjerast ferdig rett i etterkant av rivinga, seier Geir Markhus, prosjektleiar i Bybanen utbygging. 

Riksantikvaren, Byantikvaren, Fortidsminneforeningen og Vestland fylkeskommune har vore sentrale i den omfattande prosessen med å utforme det nye byrommet.

Bergens travlaste

Kvar dag går ca. 6000 menneske av og på bybanen på bybanestoppet som går sørover mot Flesland og Fyllingsdalen. 

Haldeplassen Nonneseter er den mest trafikkerte i Bergen, med 1,4 meter breitt fortau å ta unna passasjerar, syklistar og andre gåande. I tillegg går ca. 25 000 menneske ut og inn av Bergen storsenter kvar dag. 

Oversiktsillustrasjon av eit kloster frå 1100-talet. Bygget er i ein firkant med ope rom i midten. Bygget har også eit tårn. Rundt klosteret er det grønt gress, trær, eit vant og fjell.
DEN GANG: Såg Nonneseter ut på 1100-talet. Illustrasjon: Arkikon i samarbeid Byantikvaren ved Bergen kommune og Universitetet i Bergen

— Vi skal ha respekt for prosessen knytt til riving av Sølvvarefabrikken, men no er den eldre byhistoria meir vektlagt enn den yngre, så på vegne av både Bergen kommune og Vestland fylke er eg glad for at vi har fått ja til å gi både passasjerar, syklande, gåande og ikkje minst byhistoria vår betre plass. No har vi mogelegheit til å løfte fram historia frå middelalderen, som har lagt litt skjult sjølv om det er midt i byrommet, seier fylkesordførar Jon Askeland. 

Skånsam riving

I mars 2026 startar arbeidet som vil pågå frem til sommaren. I løpet av hausten og vinteren 2026 og 2027 skal området stå ferdig. 

– Eg er glad for vi endeleg får synleggjort desse to klosterskattane frå 1100-talet, og samstundes betra forholda for gåande, syklande og reisande. Det, som i dag er ein trong og nedsliten passasje, skal opnast opp til eit flott torg som framhevar historia til byen vår, seier byråd for byutvikling, Eivind Nævdal-Bolstad.

Haldeplassen Nonneseter i retning mot Flesland og Fyllingsdalen blir stengt mens arbeidet pågår. Rivingsarbeidet skal gjerast manuelt og skånsamt med riveroboter. Tårnfoten og Korkapellet skal vernast og beskyttast under heile arbeidet.

Mange samarbeidspartnarar

— Som eigarar av Tårnfoten og kapellet gler vi i Fortidsminneforeningen oss til å få opna opp og tilrettelegge slik at fleire skal få oppleve og bruke dei to fantastiske romma. Så fort prosessen tillét vil vi også få restaurert dei utvendig, mellom anna med ny kalkpuss, slik at dei verkeleg skal kome til sin rett i det nye byrommet, seier generalsekretær Fortidsminneforeningen, Ola Harald Fjeldheim.

Skisse av korleis eit område blir sjåande ut etter at eit stort bygg er rive ned. Det viser to gamle bygg på frå 1100-talet med ein open plass mellom bygga der folk kan gå og sykle. Det kjem også grøne planter. Illustrasjon: Norconsult
NYTT BYROM: Tårnfoten (til høgre) og korkapellet (til venstre) vert synlege. Dei mjuke trafikantane får betre kår anten dei ventar på Bybanen, er på gjennomfart eller vil ha ei roleg stund ved det som står att av klosteret frå 1100-talet. Foto: Norconsult AS

Bergen kommune eig fabrikken og leigegarden. Fortidsminneforeininga eig dei to klosterbygga. Bybanen utbygging og Vestland fylkeskommune har ansvaret for haldeplassen og Kaigaten som er ein fylkesveg. Ein annan nabo som vil merke arbeida er Bergen Storsenter. 

Prosjektet er ein del av Miljøløftet og tiltaket blir utført av Vestland fylkeskommune ved Bybanen utbygging. 

Her er noko av det som blir nytt: 

  • Sambruksområde, eit område som gåande, syklistar og andre deler.
  • Pergolaen skal byggjast i tre og blir kledd med klatreplanter som gir assosiasjonar til den historiske klosterhagen. Ho skal bidra til å binde saman Korkapellet og Tårnfoten, og skape eit grønt og triveleg opphaldsrom i byrommet.
  • Fortidsminneforeningen skal rehabilitere fasaden på Tårnfoten og Korkapellet. 
  • Området  der fabrikken står får eit «kyrkjegolv» i granitt, slik det var på 1100-talet, klosterhagen blir bygd opp med planter, vatn og belysning.
  • Både Fortidsminneforeningen, Bergen kommune og Vestland fylkeskommune er med å betale for det nye byrommet. 

1148–1507: Benediktinerkloster

Nonneseter var eit av seks norske nonnekloster i mellomalderen. Området var del av eit større klosteranlegg med kyrkje, klostergard og bygningar for nonnene.

1507–1528: Antonitterordenen

Frå denne perioden er Tårnfoten og Korkapellet bevarte – dei to viktigaste kulturminna i området i dag.

1528–1891: Lungegården

Etter reformasjonen vart klosteret avvikla. På tomta vart Lungegården oppført, og Tårnfoten og Korkapellet vart ståande på kvar si side av hovudbygningen. Lungegården brann ned i 1891.

Frå 1890-åra: Industrialisering

Christopher Rogges skofabrikk vart etablert på området. Seinare, i 1934, kom Brødrene Lohne Sølvvarefabrikk, som har gitt namn til bygget som no skal rivast. Sølvvarefabrikken stod som eit symbol på handverk og industrihistorie.

Her kan du sjå ein visualisering Middelalderklyngen har laga av korleis det såg ut på 1100-talet.