Arbeidsmiljøprisen 2025 til Årstad tannklinikk
For andre år på rad vinn Vestland fylkeskommune ein høgthengjande pris for arbeidsmiljøtiltak. Årstad tannklinikk vart i haust tildelt Arbeidsmiljøprisen 2025. No har trofeet "kome heim".
– Dette var ei hyggjeleg overrasking, og prisen betyr veldig mykje for meg og for heile klinikken. Vi har jobba hardt i ein vanskeleg og omfattande prosess. Prisen er eit resultat og ei anerkjenning av det vi har utført og gått gjennom. Å ha denne påminninga på veggen vil nok bidra til å minne alle oss på klinikken om kor langt vi har kome, og korleis vi skal jobbe vidare for å behalde det vi har fått til, seier Hazel Rødseth, klinikkleiar ved Årstad tannklinikk.
Prisen vart delt ut på Arbeidsmiljøkonferansen i Vestland 1.oktober i år, men kom først "heim" og opp på veggen til tannklinikken denne veka.
Inspirert av kollegaer
Agnete Norheim Kaldestad er områdeleiar for tannhelseområde Vest i Vestland fylkeskommune.
– Nøkkelen har vore at Hazel som leiar har vore open rundt at ho treng hjelp. Eg er utruleg stolt over den jobben Hazel og dei tilsette har gjort. Dette er ein gjeng med engasjerte folk, som frå før av var svært glad i arbeidsplassen sin, pasientane sine og kollegaene. Utan deira innsats hadde vi ikkje lukkast, seier Kaldestad.
I grunngjevinga vert trepartssamarbeidet med både vernetenesta og tillitsvalde trekt fram som viktig i prosessen med å få ned sjukefråværet.
– Trepartssamarbeidet har vore gull verd, seier Kaldestad, som legg til at dei har lete seg inspirera av fjorårets vinnar av Arbeidsmiljøprisen, kollegaene i avdeling eigedom og utbygging. Med sitt nærværsprosjekt «Tett på» lukkast dei med å redusere sjukefråværet hos dei nær 300 reinhaldarane i fylkeskommunen.
Stolt direktør
– Eg stiller meg i rekkja av gratulantar og er stolt av dykk!, seier direktør for IKT og digitalisering Paal Fosdal.
– Prisen er ei anerkjenning av arbeidet som leiinga og dei tilsette ved Årstad tannklinikk, saman med HR, vernetenesta og tillitsvalde har gjort for å handtere utfordringar med arbeidsmiljøet og høgt sjukefråvær. Prosessen dei har vore igjennom viser kva resultat ein kan oppnå ved å jobbe opent og ærleg med slike utfordringar ved den eininga som kjenner på konsekvensane direkte. I dette ligg det eit betydeleg potensiale for læring for heile VLFK, uttalar Fosdal.
Han ynskjer å takke alle dei som har engasjert seg i prosessen, og som no blir synleg anerkjent gjennom tildelinga av årets arbeidsmiljøpris.
Juryen si grunngjeving
Årets arbeidsmiljøpris
Den kandidaten som får årets arbeidsmiljøpris er ei modig, ærleg, og endringsvillig eining. Problemstillinga deira var høgt sjukefråvær og arbeidsmiljøutfordringar. Hausten 2023 bad leiaren for eininga om hjelp. I utgangspunktet gjekk meldinga til områdeleiar og intern HR.
Utfordringane vart adresserte og arbeidsgruppe vart organisert. Denne var eit godt døme på trepartssamarbeid, og bestod av fire hovudtillitsvalde, assisterande fylkeshovudverneombod, klinikkleiar, områdeleiar og representant for HR. Gruppa jobba systematisk, først med kartlegging, innhenting og vurdering av tiltak, og deretter gjennomføring av tiltak.
Nokre av suksessfaktorane dei nemner er:
- Partane jobba tett og godt saman med god støtte frå HR-partnar.
- Leiar bad om hjelp, og har vore særs open for å ta imot innspel, lære av desse, og justere praksis i tråd med innspela.
- Medarbeidarane har delteke i opplæringsøkter og teke i bruk det dei har lært. Til dømes har dei utarbeida lister over alternative arbeidsoppgåver dei kan utføre når dei ikkje kan gjere den vanlege jobben, og vore gode til å ta i bruk desse listene ved behov.
Om prisen
Fagforbundet Vestland, Utdanningsforbundet og KS deler kvart år i fellesskap ut ein arbeidsmiljøpris i samband med den årlege Arbeidsmiljøkonferansen i Vestland.
Alle kommunar, fylkeskommunen, kommunale og fylkeskommunale arbeidsplassar er moglege kandidatar til prisen, heilt ned på avdelingsnivå. Overordna for tildelinga av prisen er at det må vere eit samarbeidstiltak eller eit partssamansett arbeid mellom arbeidsgjevar- og arbeidstakarsida, og at tiltaket kan stå som eit godt eksempel for andre.