– Dette er heilt unikt og sjeldan vare

I 1969 byrja ein norskamerikanar i Wisconsin å sende lydband med amerikabrev heim til slekt i Sogn. No kan du lytte til dei rundt 60 opptaka der Owen Veum snakkar om mellom anna bensinprisar, borna sine og tobakksavlingane.

Gamalt opptaksutstyr, lydband og konvoluttar.
LYDBAND OG UTSTYR: Arkivet etter Owen Veum inneheld over 60 lydbrev, som han sende til slektningar i Noreg. Både lydbanda og opptaksutstyr er levert inn til Vestland fylkeskommune, seksjon arkiv. Slektningar i Noreg sende lydband tilbake til Veum, men desse er ikkje tekne vare på. Truleg vart banda spelte over brukte opp att. (Foto: Javad Montazeri/Vestland fylkeskommune)

– Dette er unike opptak, og vi kjenner ikkje til liknande samlingar verken i Noreg eller andre land. Dette er heilt ufiltrert norskamerikansk. Frå før har vi både amerikabrev og lydband av norskamerikansk, men ikkje «fri prat», slik som dette er. Opptak av norskamerikansk er gjerne forskarintervju, som er gjort i meir kunstig setting, seier Karl Peder Mork i seksjon arkiv i Vestland fylkeskommune.

Sende lydband i 32 år

Owen Veum vart fødd i USA i 1917 og døydde i 2015. Begge foreldra hans utvandra frå Sogn, faren i 1899 og mora i 1901. Dei budde i Stoughton i Wisconsin, i eit område med mange nordmenn. Her vaks Owen opp i eit norsk miljø og med nære slektningar rundt seg: faktisk heile 19 søskenbarn. Heime snakka dei norsk.

I 1969 tok Owen til å sende lydband over Atlanteren til norske slektningar i Marifjøra i Luster kommune. Det siste lydbandet sende han i 2001.

Gamalt avisutklypp med tittelen Owen Veum gets jump on tobacco harvest.
Owen Veum var tobakksfarmar. Her er han intervjua om avlinga i 1978 i lokalavisa The Capital Times. (Faksimile/skjermbilde: The Capital Times, 18. august 1978. Brukt med løyve frå The Capital Times, Madison, Wisconsin, USA.)

– Noko av det som er spanande med desse lydbreva er nettopp lyden. Du høyrer med ein gong at Owen har vakse opp mellom sogningar. Det er ekte sognemål, men med amerikansk vri. I tillegg inviterer Owen nokre av søskenbarna sine til å prate på banda. Det viser at dei vaks opp med sognemål som morsmål, sjølv om dei vart fødde i USA. Det at dei held såpass godt på målet, er heller uvanleg, fortel Mork.

Stemmene til utvandra nordmenn

På lydbanda snakkar Owen om kvardagslege saker, slikt ein ville ha snakka om på telefon, eller skrive i brev. Det er snakk om prisar på bensin og andre varer, om kva som er nytt på garden med oksar og tobakksplanter og om borna. I tillegg fortel Owen mykje om andre norskamerikanarar i området, nemleg dei som til liks med hans eigne foreldre utvandra frå Noreg.

Høgdepunkta er kanskje likevel når Owen får nokre av dei gamle til å prate. Nokre av røystene på banda tilhøyrer nemleg nordmenn som sjølve utvandra ved det førre hundreårsskiftet. Dette gjer at arkivet er høgaktuelt for språkforskarar, meiner Mork.

Gamle lydband og emballasje
Owen Veum sende lydbrev til slektningar i Sogn i 24 år, frå 1969 til 1993, då det siste lydbandet er frå. I arkivet er også konvoluttar/pakkar banda vart sende i. (Foto: Javad Montazeri/Vestland fylkeskommune)

Interesse blant forskarar

– Det har vore interesse for dette arkivet mellom dei som forskar på amerikanorsk. I april vart nokre fåe smakebitar spelt av under eit arrangement i Bergen. Ryktet om at vi sat på dette arkivet begynte å gå, seier Mork, som no endeleg kan gjere alt innhaldet tilgjengeleg.

Vestland fylkeskommune jobbar i haust med å lansere ei ny teneste for å gjere tilgjengeleg digitaliserte foto, lyd- og filmopptak. Som del av det arbeidet, er dei rundt 60 breva frå Owen Veum no tilgjengelege på nett.

Rådgjevar Karl Peder Mork ved seksjon arkiv i Vestland fylkeskommune har også publisert ein artikkel om arkivet etter Owen Veum i fagtidsskriftet iasa journal:

Les artikkelen “To prove to you I haven’t forgotten my Norwegian” her.

NRK Vestland hadde eit radioinnslag om arkivet etter Veum i morgonsendinga for Sogn og Fjordane onsdag 22. oktober. Du kan høyre innslaget her.

Gamal avisartikkel med tittelen Steady cultivation.
(Faksimile/skjermbilde: The Capital Times, 12. Juni 1989. Brukt med løyve frå The Capital Times, Madison, Wisconsin, USA.)