– Den mest moderne skulen i landet
– Dette er den aller mest moderne skulen i landet. Vi er i verdseliten, seier fylkesordførar Jon Askeland. Nye Stord vidaregåande skule på Vabakkjen vart offisielt opna 19. september. 375 elevar og 74 tilsette har tatt skulen i bruk.
Fylkesordføraren var stolt og glad.
– I dag feirar vi nok eit fantastisk løft for yrkesfag. Vi har ein 15 år lang rekke av bevisste investeringar i skulebygg i Hordaland, Sogn og Fjordane og Vestland. Vi er fremst i landet med skular og skulesatsing. Den nye skulen blir eit løft for yrkesfaga i Sunnhordland og i Noreg, seier Askeland.
Klipte elektrisk leidning
Den offisielle opninga skjedde med klipping av ei elektrisk leidning som fire elevar heldt.
– Den nye skulen er lys, open og framtidsretta. No skal den fyllast med liv, læring, vennskap og framtidsdraumar. Det blir tett samspel mellom skulen, næringslivet og offentleg sektor her på Stord. Skulen skal vere eit kraftsenter for Sunnhordland. Eg er veldig stolt av samarbeidet. Vi skal få maksimalt utbyte av det, seier fylkesordførar Jon Askeland.
Krevjande tid
Rektor Ellen Strandenes strålte.
– No er vi tilbake på Vabakkjen. Det er fantastisk å vere her etter to og eit halvt år med skule på tre stader. Det har vore ei krevjande tid, men også lærerik og spennande. Skulen starta på Saghaugen i 1947 som husflidsskule. Etter krigen var det mangel på tekstilar, og folk måtte produsere dette sjølv. Så utvikla skulen seg til gymnas, og vi fekk musikklinje og mykje meir. På vegne av elevane i Sunnhordland håpar eg vi får samla heile skulen på Vabakkjen, seier rektor Strandenes.
Stord vidaregåande skule har framleis skule også på Saghaugen, der studiespesialisering er samla. Planen er å bygge på ein til etasje på Vabakkjen og flytte skulen på Saghaugen dit. Fylkesadministrasjonen har starta reguleringsarbeidet for det, men det er uvisst når fylkeskommunen kan løyve pengar til utbygginga.
Fem ekstra klassar
Sjølv med ny skule er det trongt om plassen.
– Vi har stor auke i elevtalet og har fått fem ekstra klassar i år i høve til førre skuleår. Skulen var faktisk for liten, alt før vi opna. Vi var nøydde til å bygge om eit teorirom til elektroverkstad. I tillegg har vi jobba hardt med timeplanen, seier rektor.
Dei fem ekstra klassane er på elektro, TIF, bygg, musikk og studiespesialisering. Totalt har skulen 800 elevar og 170 tilsette samla på Vabakkjen og Saghaugen.
Heiar på Vestland
Ordførar Sigbjørn Framnes helsa frå Stord kommune.
– Gratulerer så mykje med dagen. Plasseringa her er heilt fantastisk. Skulen er midt på Stord og midt i Sunnhordland. Det er viktig at fylkeskommunen satsar på ungdommen og viser det med handling. Vi i kommunen er avhengig av samspelet med fylket på mange område. Eg heiar på Vestland. Den vidaregåande skulen er heilt avgjerande for å gje ungdommane starten på yrkeskarrieren og at vi har linjer som treffer med vårt fantastiske næringsliv i Sunnhordland. Næringslivet vårt hadde ikkje vore slik om vi ikkje hadde utdanning her, seier Framnes.
Elevar driv kaféen
I den nye skulen driv elevane på vg2 sal, service og reiseliv, kafe.
– Vi hadde skule i brakkar på Saghaugen i fjor. Her på Vabakkjen har vi det mykje betre. Vi har fått verkstader, det er mykje større, her er meir folk og det er lettare å finne fram, seier Assad Sarhan og Victoria Larsen som leier arbeidet i kafeen.
Kafedrifta er organisert i to ungdomsbedrifter. Victal UB og Better Here UB.
– Vi starta i fjor med planlegginga, men først når vi kom hit, kunne vi starte med kafeen. Vi lagar maten, kjøper inn drikke og har eigen kaffemaskin, seier de to.
Bygd 90 prosent i tre
Skulen er 90 prosent bygd i tre, med fasadar i malmfuru og karbonatisert tre. Taket er tekt med grøne planter. Skulen har fått ein ny universelt tilgjengeleg gangveg til idrettsanlegga på Vikahaugane over fylkesvegen. Idrettshall skal skulen leige av Stord kommune. Vrimleområde, kantine og bibliotek er plassert ut mot ein open plass midt i skulen. Dette blir eit indre gårdsrom med trær og plantar som gjev lys til romma i skulen. Her kan elevane opphalde seg i fint ver.
Entreprenørselskapet Consto, saman med Link arkitektur, har bygt den nye skulen. Byggekostnaden er 601 millionar kroner. Arealet er 14 600 kvadratmeter.
Klasser og linjer
På Vabakkjen har skulen desse linjer og klassar:
Elektro: Åtte klassar
Byggfag: Fire klassar
Teknikk og industriell produksjon (TIF): Seks klassar
Sal, service og reiseliv: To klassar
Informasjonsteknikk og medieproduksjon: To klassar
Tilrettelagt opplæring: 30 elevar
Saghaugen
På Saghaugen har skulen desse linjer og klassar:
Studiespesialisering: 8,5 klassar
Musikk: Tre klassar
Idrett: Seks klassar
Medie og kommunikasjon: Tre klassar
Innføringsklassar: To faste, pluss ein ekstra, avhengig av behovet til ei kvar tid
Vaksenopplæring: To klassar helse og ein generell studiekompetanse