Vossa Jazz-prisen 2024 til Gabriela Garrubo

Fylkesordførar Jon Askeland var til stades på Vossa Jazz laurdag 23. mars for å dele ut prisen.

Gabriela Garrubo med blomar i hendene. Ho smiler.
VOSSA JAZZ: Gabriela Garrubo vann Vossa Jazz-prisen 2024. Foto: Runhild Heggem/Vossa Jazz.

– Vestland fylkeskommune har hatt gleda av å dele ut Vossa Jazz-prisen i over 30 år, og i år er ikkje noko unntak. Årets prisvinnar fekk det nasjonale gjennombrotet sitt som soloartist i fjor. Ho er ein svært dyktig musikar, bandleiar og låtskrivar og ein sentral person i jazz- og musikkmiljøet i Bergen. Vi gler oss til å følgje ho vidare, til å høyre ny musikk og sjå nye konsertar. Gratulerer med Vossa Jazz-prisen på vegner av heile Vestland! sa fylkesordføraren då han delte ut prisen.  

Prisen er på 50 000 kroner, og i tillegg eit trykk av årets Vossa Jazz-plakat, som er laga av festivalkunstnar Ståle Gerhardsen. 

Går til frilans jazzmusikarar

Vossa Jazz-prisen skal gå til den frilans jazzmusikaren frå fylket som i løpet av året har gjort seg mest fortent til denne heideren. Lista over tidlegare prisvinnarar utgjer ein stor del av dei viktigaste utøvarane i landsdelen. Fylkeskommunen står for prispengane, medan jazzfagfolka bidreg med fagkjennskap i juryarbeidet.  

Kulturlivet og festivalane i fylket er avhengige av ulike delar for å fungere: ein profesjonell administrasjon, eit stort korps frivillige og kunstnarar i det frie kunstfeltet – frilansarane. Det er dei siste Vossa Jazz-prisen skal heidre.

Grunngjevinga til juryen

Vossa Jazz-prisen 2024 går til ein musikar, bandleiar og låtskrivar som har vorte ein viktig del av jazz- og musikkmiljøet i Bergen. Vinnaren kom til Vestlandet for å starte på jazzlinja ved Griegakademiet i 2013 og har sidan den gong vore involvert i ei lang rekkje musikalske prosjekt i ulike sjangrar og besetningar. 

Dei siste åra har vinnaren vore eit like vanleg syn på Nordens største konsertscener og festivalar som på dei langt meir intime jazzklubbane. Dette inkluderer mellom anna opptredenar på Roskilde, Øyafestivalen, Oslo World, Vill Vill Vest og fleire norske jazzfestivalar.  

Årets prismottakar fekk på mange måtar sitt store nasjonale gjennombrot som soloartist i fjor. Etter å skrive låtar over ein tiårsperiode kom endeleg debutalbumet ut våren 2023, og meldarane har vore svært begeistra i mottakinga si. Bergens Tidende omtalte utgivinga som ein «bergtakande debutplate» og plasserte den øvst på lista over det beste albumet i fjor frå byen. Utover dette har vinnaren også bidrege sterkt til fleire utgivingar som har komme ut både i fjor og i inneverande år.  

Vinnaren er fødd i Oslo, men gjennomførte mesteparten av barndommen i São Paulo, der ho lærte å syngje og spele piano. Ho kom tilbake til Noreg for å studere musikk og hamna etter vidaregåande heldigvis i Bergen. Heilt utan røter på Vestlandet er jazzmusikaren derimot ikkje. Bestefaren er frå Sotra og firmenningen har spelt på Brann.  

Den varierte bakgrunnen og oppveksten gjer seg også gjeldande musikken hennar, og resulterer i eit spennande møte mellom den moderne nordiske jazzscena og innverknaden frå brasiliansk 80-tals musikk og bossa nova.