Vestlandsrådet: Klimaendringar krev meir vegpengar

Klimaendringar med enda meir nedbør med både flaum og skred som resultat, krev at vi intensiverer arbeidet med vegvedlikehald. No må vi få meir pengar frå statleg hald, seier dei tre fylkesordførarane i Møre og Romsdal, Vestland og Rogaland.

Elv som fløymer over i Flåm.
FLAUM: Slik såg det ut i Flåm i november 2022, då fylkesveg 5624 vart stengd på grunn av flaum. (Foto: Foto: Henning Elgåen, Aurland kommune)

Dei har hatt møte i Vestlandsrådet 7. februar, og fylkesordførarane Jon Askeland i Vestland, Line Hatmosø Hoem i Møre og Romsdal, og Marianne Chesak i Rogaland var tydelege i krava.

Vedlikehaldsetterslepet langs fylkesvegane på Vestlandet er stort, og auka særleg etter 2010, då fylkeskommunane fekk overført ansvaret for ei rekke tidlegare riksvegstrekningar utan tilstrekkeleg økonomisk kompensasjon for dette. Sidan har det blitt innført ei rekke nasjonale krav som krev auka løyvingar til vegdrift, vedlikehald og oppgraderingar av bruer, tunnelar og ferjekaier. Dei siste åra har også våtare og villare vêr gitt fleire ustabile periodar. Samla har dette bidratt til auka behov for midlar til vedlikehald, samstundes som kostnadsutviklinga innanfor samferdselssektoren har vore formidabel. Det betyr at løyvingar til vedlikehald dei siste åra har gitt mindre att for pengane.

To menn og ei kvinne i dressjakkar, Jon Askeland, Marianne Chesak og Line Hatmosø Hoem.
FYLKESORDFØRARAR: Dei tre fylkesordførarane i Vestlandsrådet. Frå venstre: Jon Askeland, fylkesordførar i Vestland, Marianne Chesak, fylkesordførar i Rogaland og Line Hatmosø Hoem, fylkesordførar i Møre og Romsdal. (Foto: Rune Haugsdal/Vestland fylkeskommune)

Våtare og villare vêr på Vestlandet

Vestlandet vil i følgje vêrprognosar som er utarbeidde bli ramma av både våtare og villare vêr i tida framover. Dette vil få store konsekvensar på Vestlandet, med auka risiko for flaum og erosjon, skred, dårleg framkome og regularitet, i tillegg til auka behov for beredskap.

– Når vegar blir stengde på grunn av skred er det ikkje berre framkome som rammast gjennom lange omkøyringsvegar, det gjer folk sin kvardag utrygg, seier Jon Askeland, leiar i Vestlandsrådet og fylkesordførar i Vestland.

Lågare løyving

Vestlandsrådet er positiv til den øyremerkte statlege tilskotsordninga til vedlikehald av fylkesvegnettet, men tilskotsordninga vart ikkje trappa opp i statsbudsjettet for 2023 i samsvar med det som var lagt opp til i Nasjonal transportplan for 2022–2033. Det er i Nasjonal transportplan lagt opp til ei årleg gjennomsnittleg løyving på 775 mill. kr for åra 2022–2027, i statsbudsjettet for 2023 er det løyvd 389,6 mill. kroner til dette formålet.

– Fylkeskommunane vil prioritere dette så høgt som mogleg innanfor eigne budsjett, men treng statleg medfinansiering for å kunne ta att etterslepet, fortset Askeland.

Naudsynt med statleg medfinansiering

Ei kraftig opptrapping av den statlege medfinansieringa for vedlikehald av fylkesvegnettet er naudsynt for å kunne stanse og redusere veksten i vedlikehaldsetterslepet. Vestlandsrådet ber derfor regjeringa og Stortinget om å auke det øyremerka tilskotet til vedlikehald av fylkesvegane i statsbudsjettet for 2024, i tråd med det som vart varsla i Nasjonal transportplan for 2022–2033.