Lurer du på korleis menneska kan ha budd i steinalderen?

No kan du reise til Alver for å finne det ut.

To menneske som byggjer ei lita hytte av tre og skinn ute ved sjøen.
STEINALDERHYTTE: Vestland fylkeskommune har samarbeidd med Alver kommune om å byggje steinalderhytta våren 2023. No står hytta ferdig, og målet er blant anna at eit slikt konkret tiltak kan gje ei betre forståing av kulturminna i området. (Foto: Robert Stormark/Vestland fylkeskommune)

På Ramsvikneset heilt nord i Alver har nemleg Vestland fylkeskommune og Alver kommune samarbeidd om å byggje ei steinalderhytte.

Den eldste kulturarven vår

Hytta ligg på ei grøn, lita flate, nesten heilt ytst på neset, og syner korleis dei små husværa til jegerar og sankarar i Vestland kan ha sett ut for 9000 år sidan. Like ved ligg Fosnstraumen, som er kjent for rike førekomstar av fisk og dyreliv.

– Steinalderhytta vert bygd for å vere eit levande eksempel på den aller eldste kulturarven vår. Hytta og kulturminneskilta i området er med og synleggjer historie og kan bidra til ei betre forståing av kulturminna i området. I tillegg gir det besøkande ei oppleving utanom det vanlege. Vi håpar difor at endå fleire vil ta turen innom hytta og steinalderstiane i Fosnstraumen, seier Robert Stormark, seniorrådgjevar i kulturarvseksjonen i Vestland fylkeskommune.

Ei såkalla steinalderhytte bygd av tre og skinn, som står ute ved sjøen.
Steinalderhytta står på Ramsvikneset. Ho blir brukt av blant andre skuleklassar, men er også tilgjengeleg for andre som ferdast i området. (Foto: Robert Stormark/Vestland fylkeskommune)

Bygd av treverk og skinn

Hytta er bygd av enkle råmateriale som var tilgjengelege for folk i steinalderen: treverk og skinn. Ho har eit enkelt, men solid reisverk av hassel. Tresorten er både mjuk og sterk og kan bøyast og flettast saman. Over rammeverket er det veggar og tak av skinn, som er festa stramt ved hjelp av tynne og lange striper med skinn.

Hytta har ei døropning og eit hol i toppen, som gir nok lys og god luft på innsida. I steinalderen vart det truleg også nytta torv og never til å tekke tak og veggar på hyttene. I Noreg reknar vi steinalderen frå om lag 9500 til 1800 fvt. Det er såleis ein svært lang periode, og byggjeteknikkane kan ha endra seg mykje på desse åra.

Steinalderhytta er brukt av skulelevar, men er òg tilgjengeleg for andre som brukar området. Ramsvikneset er ein populær plass blant fiskarar og turfolk. 

Tre personar byggjer ei lita hytte av tre og skinn.
Reisverket av hassel blir dekka av skinn for å lage veggar og tak i hytta. (Foto: Robert Stormark/Vestland fylkeskommune)

Steinalderstiar med kulturminneskilt

I området rundt Fosnstraumen fann arkeologar på 80-talet ei mengde steinalderbuplassar, i samband med bygging av bru mellom Radøy og Austrheim. Fleire av buplassane er gravne ut av Universitetetsmuseet i Bergen, og dette har gjeve ny kunnskap om korleis folk levde på denne tida.

Blant anna er funn av forskjellige beinrestar av dyr frå sommar og vinter klare teikn på at fangstfolket oppheldt seg på same stad over lenger periodar og jakta ulike dyr på ulike årstider. Dei var meir bufaste året gjennom enn tidlegare tenkt.

I dag går det steinalderstiar på begge sider av Fosnstraumen. Det er turstiar med kulturminneskilt, som gir informasjon om buplassane og om landskapet dei ligg i. På skilta finn du òg QR-kodar som tek deg til nettside med meir informasjon om steinalderen i området.

Kart som syner Fosnstraumen i Alver kommune.
Fosnstraumen er eit sund mellom Radøy og Fosnøyna i Nordhordland. Den grøne prikken på kartet syner kvar steinalderhytta ligg. Dei blå felta på kartet syner kulturminne i området.