Klar beskjed - Vestland må prioriterast i NTP
Eit samla fylkesting gir tydeleg svar til arbeidet med ny Nasjonal transportplan: – Vi har dei største behova, den dårlegaste vegstandarden og dei farlegaste fylkesvegane. Vi må få høg ramme i NTP, og meir av midlane må styrast vestover, seier fylkesordførar Jon Askeland.
        Fylkestinget handsama saka Nasjonal transportplan 2025–2036 – Høyringsfråsegn i møte 15. juni. Vedtaket er Vestland sitt høyringssvar til arbeidet med neste NTP.
Kan ikkje kutte samferdsleprosjekt
Det er varsla mindre midlar til samferdsle med eit stramt statsbudsjett når ny Nasjonal transportplan blir lagt fram våren 2024.
– Regjering og Storting må uansett prioritera Vestland fylke med auka løyvingar i NTP, seier fylkesordførar Jon Askeland. Han seier vidare at innspelet er
med brei politisk einigheit.
– Vi står i lag i kampen om midlar til fylket, både til vegutbygging, kollektiv, jernbane og rassikring.
Vestland har særleg store utfordringar innan samferdsle, mange er naturgitte, og vi kan ikkje i kutte i prosjekta våre. Det er prosjekt som samlar fylket og som sikrar verdiskapinga vår og trafikktryggleik, seier Askeland.
Kjempar for tryggleik og rassikring
Fylkestinget prioriterer framleis seks statlege prosjekt for oppstart, med E16/Vossebanen Arna–Stanghelle (K5) som det høgast prioriterte.
– Det er heilt uhaldbart at dette prosjektet ikkje er prioritert i framlegget frå etatane, det er viktig for liv og helse og er klart for realisering allereie frå 2024, seier Askeland, som også viser til at fylkestinget krev fleire prosjekt i heile fylket realisert.
Og trafikktrygging og rassikring er ei særleg utfordring i Vestland. Fylket ser òg ut til å bli hardare råka av klimaendringane med hendingar som flaum og skred.
– Midlane til rassikring av fylkesvegar må tre-doblast i første periode, dette gjev vi klar beskjed om. Då kan vi planlegge dei seks mest kritiske rassikringsprosjekta innan ein 10-årsperiode. Staten må gjere fylka i stand til å ivareta ansvaret sitt på fylkesvegnettet, seier Askeland.
Også riksvegane i Vestland er i dårleg stand og utsette for ras, og fylkestinget er usamde i at «Rassikring» skal fjernast som eigen budsjettpost til desse.
Vil sikre Miljøløftet og det grøne skiftet
– Vi har den mest velfungerande byvekstavtalen i landet, og den må sikrast! Den samla ramma til Miljøløftet kan ikkje bli redusert, og byvekstavtalen må vidareførast etter 2029, seier Askeland.
Bybanen i Bergen er ei prioritert satsing for Vestland, og fylket har ei klår forventning om at staten hausten 2023 kjem med garanti for statlege midlar til byggetrinnet mot Åsane med byggestart av Fløyfjellstunellane.
I det grøne skiftet gjev elektrifiseringa av transportsektoren og kollektiv store utfordringar for fylket knytt til hurtigbåt, ferje og buss, og Vestland ber staten om å bidra til omstillinga gjennom Enova.
Kyst og luftfart
Vestland held fast på at fleire avgangar og lågare prisar på flygingar på kortbanenettet må prioriterast, og er glade for at vestlandet vert pilotområde for elfly på både det kommersielle rutenettet og på kortbanenettet.
Fylkeskommunen støttar også Kystverket i at det er eit stort behov for utbetring av farleier langsetter kysten, og føreset at Stad skipstunnel vert bygd. Denne er no utsett grunna prisauke.
Høyringsuttalen er blitt til med innspel frå heile fylket gjennom m.a. innspelsmøte våren 2023.
– Eg er veldig glad for støtta vi har fått frå heile fylket i kampen for samferdslemidlar. Nå må det vere vår tur, mange prosjekt kan ikkje vente lenger, seier Askeland.