Fylkestinget gir 150 000 kr til tv-aksjonen
– Tv-aksjonen i år går til Redd Barna sitt arbeid med å hjelpe born som er ramma av krig og konflikt og gje dei høve til å leike, lære og leve i fred. Det er eit tema som treff oss alle, seier fylkesordførar Jon Askeland.

Pengane frå årets tv-aksjon skal blant anna gå til å gje born høve til å gå på skulen, å gjenforene dei med familie dei har kome vekk frå, og å hjelpe born som har flykta til Noreg til å ha ei aktiv fritid.
Skal få vere born
– Vi har alle vore born, og mange av oss har både born og barneborn. Dei skal få lov å vere nettopp born. Dei skal få gå på skulen og ha trygge leikeområde. Dei skal ikkje vere soldatar, og dei må få hjelp til å handtere vonde opplevingar. Fylkeskommunen har tradisjon for å støtte tv-aksjonen, og vi er sikker på at støtta kjem veldig godt med, seier Askeland og oppmodar alle til å støtte tv-aksjonen.
Pengane som kjem inn til Redd Barna skal organisasjonen fordele mellom prosjekt i Ukraina, Syria, Bangladesh, Sør-Sudan, DR Kongo og Noreg.
Søndag 22. oktober
Fylkestinget vedtok løyvinga til tv-aksjonen under det konstituerande fylkestinget i Vestlandshuset 18. oktober. Det er vanlegvis fylkesutvalet som løyver pengar frå fylkeskommunen til tv-aksjonen, men sidan aksjonen går før fylkesutvalet har møte fatta fylkestinget vedtaket.
Les meir om årets tv-aksjon og korleis du kan støtte. Bøsseberarane er ute og går søndag 22. oktober.