Desse styrer Vestland dei neste fire åra
Det nye fylkestinget er konstituert og fotografert. Det er valt medlemmar til både fylkesutvalet og dei fire hovudutvala. Vi oppsummerer.

Fylkestinget var samla i Vestlandssalen på Vestlandshuset 17. og 18. oktober. Dei 65 representantane godkjende valresultatet og gav Jon Askeland (Sp) fornya tillit som fylkesordførar. Stian Davies (Ap) er ny fylkesvaraordførar.

Nytt fylkesutval
Fylkesutvalet er det nest øvste politiske organet i fylkeskommunen. Det er arbeidsutvalet til fylkestinget, har møte kvar månad og er leia av fylkesordføraren.
Det nye fylkestinget valde desse til å sitje i fylkesutvalet i den komande perioden: Jon Askeland (Sp), Stian Davies (Ap), Kine Dale (Ap), Karianne Torvanger (Ap), Sigrid Brattabø Handegard (Sp, stiller for Aleksander Øren Heen, som har fått fritak), Marthe Hammer (Sv), Trude Brosvik (KrF), Nils-Anders Nøttseter (MDG), Åsta Årøen (V), Silja Ekeland Bjørkly (H), Noralv Distad (H), Kåre Martin Kleppe (H), Tora Kildehaug (H), Silvia Haugland (H), Terje Søviknes (FrP), Sigbjørn Framnes (FrP), Bjarte Helland (INP).
Fire nye hovudutval
Under fylkesutvalet har Vestland fylkeskommune fire hovudutval. Det er fagutval som jobbar fram saker innan fagfelta sine og som har delegert mynde til å ta avgjersle i nokre saker. Fylkestinget valde 17. oktober nye medlemmar til og leiarar for alle hovudutvala:
Hovudutval for kultur, idrett og inkludering
Kine Bratli Dale (Ap), Marita Oen (Ap), Tonje Såkvitne (Sp), Kaya Stæger-Breisnes (MDG), Arne Normann (KrF), Jacob Nødseth (leiar, V), Alexander Papas (Sv), Kurt Hæggernæs (Pp), John Torsvik (H), Kristin Mjanger (H), Silvia Haugland (H), Sigurd A. Maraas (FrP), Gustav Bahus (FrP), Rita Tonning (R), Tommy Sævereid (INP)
Hovudutval for næring
Siri Sandvik (Ap), Per Jarle Valvatne (Ap), Hege Lothe (SV), Sigrid Brattabø Handegard (Sp), Oddmund Klakegg (leiar, Sp), Nils-Anders Nøttseter (MDG), Marius Hellan Hindenes (V), Beate Dybendahl Nordvik (H), Noralv Distad (H), Lise Strømmen (H), Ida Lutro (H), Silja Ekeland Bjørkly (H), Helge Stormoen (FrP), Terje Søviknes (FrP), Bente Spissøy (INP)
Hovudutval for opplæring og kompetanse
Espen Edvardsen (Ap), Karianne Torvanger (Ap), Nina Haug (Ap), Alexander Fosse Andersen (Sp), Jon Olav Økland (KrF), Åsmund Berthelsen (leiar, SV), Marianne Sæhle (SV), Åsta Årøen (V), Elias Eide (H), Stig Stellberg, Tora Hodneland Kildehaug, Stig Abrahamsen (FrP), Martine Jordana Baarholm (FrP), Jeanette Syversen (R), Bjarte Helland (INP)
Hovudutval for samferdsel og mobilitet
Arve Helle (leiar, Ap), Emil Tomasgaard (Ap), Lillian Vangberg (Ap), Marthe Hammer (SV), Trude Brosvik (Krf), Suzanne Michelle Rødseth (MDG), Marianne Nordhus (Sp), Sigurd Reksnes (Sp), Hanne Eva Kristensen (H), Gunnar Moland (H), Kåre Martin Kleppe (H), Frank Willy Djuvik (FrP), Renate Møgster Klepsvik (FrP), Sigbjørn Framnes (FrP), Trond Tystad (BL)

Leiaren for kontrollutvalet held fram
Vestland fylkeskommune har også eit eige kontrollutval, som skal føre kontroll med den fylkeskommunale forvaltninga på vegner av fylkestinget. Kontrollutvalet skal òg sjå til at fylkeskommunen har ei forsvarleg revisjonsordning og gjev innstilling i revisjonssaker direkte til fylkestinget.
Dan Stian Femoen (H) har vore leiar for kontrollutvalet dei siste fire åra. Han fekk fornya tillit frå fylkestinget og held fram i vervet også i neste valperiode.
Desse sit i kontrollutvalet 2023–2027: Dan Stian Femoen (H), Arne Jæger (Ap), Camilla Elen Berg Larsen (V), Ann Jorun Hillesøy (INP), Knut Inge Andersen (PP), Iril Schau Johansen (H), Hogne Bleie (FrP)
Portrett og gruppebilde i fotobanken
Alle representantane i fylkestinget vart fotograferte i løpet av det konstituerande møtet, og det vart også teke gruppebilde av ei samla fylkesting i Vestlandssalen.
Bilda ligg i fotobanken til Vestland fylkeskommune. Der kan alle som ønskjer (enkelt) opprette ein brukar, søke opp bilde og laste dei ned. På kvart bilde er det lagt inn informasjon om motiv, fotograf og ikkje minst kopirettar, altså om du kan bruke bildet og korleis.
Gå til fotobanken til Vestland fylkeskommune.
Opptak av det konstituerande møtet
Møta i fylkestinget, fylkesutvalet og nokre møte i andre organ i Vestland fylkeskommune, blir sende direkte på nett. Du kan også sjå opptak av møta i etterkant.
Du finn både direktesendingar og opptak av alle politiske møte i nett-tv på denne lenka.