Deler ut pengar til gode formål etter nok eit økonomisk godt år

– Vi har lagt bak oss eit godt økonomisk år og kan difor dele ut ein del pengar til politisk prioriterte tiltak, seier fylkesordførar Jon Askeland.

Stor bygning og open plass.
MANGE FÅR STØTTE: Vitensenteret Vitemeir på Kaupanger er ein av mange som får støtte av fylkestinget. Foto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune

– Dei tre første åra i Vestland fylkeskommune har vore gode, og vi har brukt ein god del mindre pengar enn budsjettert. Også 2022 var godt. Vi har hatt god skatteinngang og større kraftinntekter enn budsjettert. Vi har også kome oss gjennom dei krevjande åra med pandemi. Dei reisande i kollektivtrafikken er tilbake, og næringslivet i fylket går godt. Dermed har vi også fått høgare skatteinntekter enn rekna med, seier fylkesordførar Jon Askeland.

Det var 260 millionar kroner frå mindreforbruk på fylkesbudsjettet for i fjor, der noko av midlane er brukt til rekneskapsmessige korrigeringar.

Slik har fylkestinget vedteke å fordele pengane som var til disposisjon: 

Veg

  • Dekkelegging 40 mill. kr

Kultur

  • Nasjonalt jubileum for kristenretten, markeringa i Moster 2024: 1,85 mill. kr 
  • 750 årsjubileum for landslova til Magnus Lagabøte i 2023: 3,5 mill. kr 
  • Teater Vestland i Førde: 1,2 mill. kr til prøverom og gjestespel 
  • Utlån av vidaregåande skular till frivillig sektor: 1,0 mill. kr 
  • Kirkens bymisjon, KIA-vest, menneske i limbo 1,5 mill. kr 
  • Edvard Greiegkvartalet - arkitektkonkurranse 1,5 mill. kr 
  • Holevikjekta, kompensasjon prisauke 2,5 mill. kr 
  • Hardanger og Voss, kompensasjon prisauke 7 mill. kr 
  • Samvirke Fjaler 5,5 mill. kr 
  • Flygel Askøy 0,5 mill. kr 
  • Cornerteateret 0,4 mill. kr 
  • Spillhuset Bergen 1,2 mill. kr 
  • Raftohuset 2 mill. kr 

Skule

  • Os vgs: Ny buss 4,5 mill. kr 
  • Flora vgs: Brennebord Tif 2,5 mill. kr 
  • Årdal vgs: Brennebord og hydraulikkbenk 1 mill. kr 
  • Eid vgs Sveiserobot 1 mill. kr 
  • Stryn vgs: CNC-fresemaskin 0,18 mill. kr 
  • Bømlo vgs: Utstyr vg2 akvakultur 1,5 mill. kr 
  • Slåtthaug vgs: CNC-maskin og robotteknologi 1,5 mill. kr 
  • Stord vgs: Utstyr automasjon 1 mill. kr 
  • Austevoll vgs: Utstyr TIF 1 mill. kr 
  • Dale vgs: Div handutstyr 0,1 mill. kr 
  • Olsvikåsen vgs: Velferdsteknologi HO 0,3 mill. kr 
  • Knarvik vgs: Plateknekker TIF/prosess kjemi 1,5 mill. kr 
  • Åsane vgs: Velferdsteknologi HO: 0,2 mill. kr 
  • Odda vgs: Rubhall byggfag 0,8 mill. kr 
  • Årstad vgs: Utandørs aktivitetspark 0,2 mill. kr 
  • Nordahl Grieg vgs: ydanlegg/knutepunktskule for elevar med nedsett hørsel 1,65 mill. kr 
  • Voss vgs: Mjølkerobot 2 mill. kr 
  • Yrkes NM: 2 mill. kr 

Næring

  • Vilvite og Vitemeir, fellessøknad 3,7 mill. kr 
  • Vitemeir, 3,2 mill. kr 
  • Sogn kompetanse- og utdanningssenter i Årdal, teknologipark 3 mill. kr 
  • Støtte til utbygging Njøs 3,5 mill. kr 
  • Superklynge havvind 1 mill. kr 
  • Grøn region Vestland, styrking av søknadsordningar 15 mill. kr 
  • Vaksdal møllemuseum 2,5 mill. kr 
  • Veksthus Bømoen Voss 0,15 mill. kr 
  • Vekst i lag - Kunnskapsparken 0,4 mill. kr 
  • Ladeinfrastruktur 8 mill. kr 
  • Nordfjordakademiet 1 mill. kr 
  • Klimaplan 4,3 mill. kr 
  • Regional plan for klima; 2 mill. kr 
  • Villakssenter Lærdal, utstilling 1 mill 

Tannhelse

  • Rekruttering og stabilisering 1,5 mill. kr 

Vaksdal Mølle

Fylkestinget har tidlegare gjeve 1,5 mill. kr til museum på Vaksdal Mølle og viser til tildeling på 2,5 mill i dette fylkestinget som gir ei samla løyving på 4 mill. Føresetnad for ytterligare løyving er at Felleskjøpet og Norgesmøllene saman med prosjektgruppa utarbeider ein forpliktande plan for vidare finansiering, realisering av prosjektet og drift.

Humanitære føremål i Ukraina

Eit samrøystes fylkesting vedtok også å gi 2 mill. kr til humanitære føremål i samband med krigen i Ukraina. Fylkesutvalet fekk fullmakt til å fastsette tilskotsmottakar.