Bybanen i finalen til prestisjetung pris

– Vi er glade og stolte. Bybanen er ein stor suksess, seier fylkesordførar Jon Askeland etter at Bybanen til Fyllingsdalen vart nominert til den prestisjetunge bransjeprisen Årets Anlegg i Noreg. Prisen vart delt under Byggedagene i Oslo onsdag kveld.

Bybanevogn ved haldeplass i Fyllingsdalen.
PÅ TOPP 3: Bybanen til Fyllingsdalen var i finalen til Årets Anlegg i Noreg. Foto: Bjarte Brask Eriksen/Vestland fylkeskommune

Førsteprisen gjekk til fylkesveg 659 Nordøyvegen i Ålesund. Bybanen Bergen sentrum – Fyllingsdalen og E39 Kristiansand vest – Mandal aust var dei to andre finalistane. Bransjeorganisasjonen Byggeindustrien deler ut prisen.

Miljøvennleg og effektiv

Fylkesordførar Jon Askeland er godt nøgd med nominasjonen blant dei tre beste.

– Bybanen er fantastisk. Eg er stolt over at vi blir heidra på denne måten. Bybanen er prioritert satsing for Vestland fylkeskommune. Den gir Bergen eit høgverdig, føreseieleg og kapasitetssterkt transportsystem. Den er ryggraden i kollektivnettverket i byen og har bidratt til at fleire reiser kollektivt. Bybanen er eit miljøvenleg, effektivt og trygt transportsystem og eit sentralt grep for å nå nullvekstmålet i biltrafikken. Bybanen bidrar og til byutvikling. Der Bybanen kjem, har det skjedd ein enorm vekst, som ikkje hadde kome utan Bybanen, seier fylkesordførar Jon Askeland.

Stor anerkjenning

Representantar for Bybanen utbygging deltok under prisutdelinga, med konstituert prosjektdirektør Terje Simmenes i spissen og prosjekterande Sweco og flere av entreprenørane som har vore med på å planlegge og bygge dette viktige samferdsels- og byutviklingsprosjektet i Bergen. 

– Det er ei stor anerkjenning at Bybanen til Fyllingsdalen er ein av tre nominerte til Årets anlegg. Alle nominerte prosjekt er suksessar der resultatet er utover det vi kunne forvente. Nominasjonen er og ein heider til alle som har jobba med prosjektet. Vi har utruleg gode og motiverte medarbeidarar. Vi har etablert ein kultur som klarer å få det beste ut av våre prosjekterande, og entreprenørar som gjer at vi har levert banen i tide og med den kvaliteten som er forventa av oss, seier konstituert prosjektdirektør Terje Simmenes i Bybanen utbygging.

Mange prisar til Bybanen

Bybanen i Bergen er ein prisvinnande bane.  

2023: Haukeland haldeplass kandidat til pris for årets lysdesign i darc awards  

2020: Vinner GEOBIM – awards saman med Sweco i kategorien jernbaneinfrastruktur  

2015: Innovasjonsprisen for universell utforming 

2014: Kåra til Årets anlegg av Byggeindustrien byggetrinn 2 for 2013 

2013: Bymiljøprisen - Byutvikling knytt til berekraftig utvikling som bygging av Bybanen – tildelt Bergen kommune 

2012: BOBY-prisen (Bolig- og byplanforeningen) 

2012: Vakre vegars pris - Heiderspris for veganlegg med gode estetiske kvalitetar tilpassa omgivnadene

2012: SRF-prisen (Salgs-og reklameforeningen) 

2012: Kollektivprisen 

2011: «Worldwide Project of the Year» av Light Rail Transit Association i London 

2011: “Red Dot Design Award”