Arkeologane fann førhistorisk kultstad og gravstad i Sunnfjord

Ved elva Gaula i Sande er det gjort arkeologiske funn, som kastar nytt lys på førhistorisk gravskikk i Sunnfjord.

Arkeolog i arbeidsklede ute i terrenget ved ei elv.
GJORDE SPENNANDE FUNN: Andrea Skrede er ein av arkeologane som jobbar med den arkeologiske registreringa i Sande i Sunnfjord. Den førhistoriske gravstaden og kultstaden er funnen på neset i bakgrunnen. (Foto: Vestland fylkeskommune)

Ytst på eit nes heilt nede i elvekanten ligg ei låg forhøgning i terrenget. Området har ved høg vasstand i elva fram stått som ein liten holme eller ei landfast halvøy knytt til fastlandet med ei smal landstripe.

Sjeldan innblikk i førhistorisk ritual

Her har arkeologar frå Vestland fylkeskommune jobba i vår, og dei har gjort spennande nye arkeologiske funn. Undersøkingane og datering er ikkje ferdig, men funna er truleg frå yngre jernalder.

– Vi har funne fleire graver og kokegroper samla på eit avgrensa område. Det må tolkast som eit gravfelt, truleg frå jernalderen. Desse funna gir oss eit sjeldan innblikk i førhistorias ritual knytt til gravskikk, seier arkeolog Andrea Skrede.

Funna er gjort i samband med arkeologiske registreringar knytt til områdeplanen for Sande. Dei skal nærare undersøkast i samarbeid med Universitetsmuseet i Bergen seinare i sommar.

Arkeolog i arbeid
Arkeolog Lars Jølle Berge reinsar opp strukturane som er registrerte på Sande. (Foto: Vestland fylkeskommune)

Særleg interesserte i ei samling jernnaglar

Arkeologane set kokegropene i samanheng med rituelle måltid i samband med gravferda. Dei er eit godt utgangspunkt for dateringar av funna.

– Vi er spesielt interesserte i ei samling med jernnaglar som vi fann i området. Naglane kan stamme frå ei båtgrav, eller frå ei eller anna form for kiste, forklarer arkeolog Lars Jølle Berge.

naglar og jernfragment som er funne under arkeologiske registreringar.
Bildet syner øvst til høgre nokre av naglane og jernfragmenta som er funne i grava. Naglane er om lag 3–4 cm lange. (Foto: Vestland fylkeskommune)

Ei båtgrav er ein type gravskikk der den døde vart plassert og gravlagd i ein båt. Grava var gjerne plassert i relasjon til vatn, og skikken, som er typisk for yngre jernalder, blir ofte sett i samanheng med reisa til dødsriket.

Jobbar vidare i området

Sjølve plasseringa av gravfeltet ytst på eit nes, godt synleg frå elva, er ikkje tilfeldig. Gravminna og staden har vore synleg og kjend for alle som har ferdast på eller ved elva. Det er ein tydeleg symboleffekt som kan setjast i samanheng med eigedomstilhøve.

– Staden kan også vere valt med tanke på rituelle aspekt knytte til særskilde stadar i naturen, gjerne stadar som skil seg ut og som ligg i tilknyting til vatn. Vi jobbar vidare på staden, og håpar å finne spor frå busetjinga som gravminna kan ha tilhøyrt, fortel Berge.

arkeolog i arbeid i felt
Arkeolog Lars Jølle Berge dokumenterer grava på neset. (Foto: Vestland fylkeskommune)

Freda kulturminne i dyrka mark

Kulturminna er freda etter kulturminnelova. Føremålet er å sikre viktige førhistoriske kjelder og opplevingsverdiar mot å verte øydelagde eller fjerna. Gravfeltet ligg i dag i dyrka mark.

Kulturminnelova opnar for fortsatt drift på område nytta til beite eller innmark, så lenge markinngrep som pløying ikkje står i fare for å øydelegge kulturminna.