Vi har ledige skuleplassar på vgs

Ved dei vidaregåande skulane i Vestland er det ein del ledige plassar etter 3. inntaksomgang. Vi har lagt ut oversyn over desse.

Foto av elevar ved bord.
TRENG DU SKULEPLASS? Dei vidaregåande skulane i Vestland har ein del ledige plassar. Foto: Morten Wanvik

Desse skulane har ledige plassar ( oppdatert august 2023) (pdf)

Er du interessert, kan du ta direkte kontakt med den enkelte skule.

Oversynet over ledige plassar er rettleiiande. Denne oversikta blir ikkje oppdatert etter kvart som dei ledige plassane blir fordelte til interesserte søkjarar

I tillegg kan det være ein del ledige plassar på vg2 og vg3 studieførebuande utdanningsprogram (Idrettsfag, Kunst, design og arkitektur, Medier og kommunikasjon, Musikk, dans og drama, Studiespesialisering).

Møt fram til skulestart

Det er viktig at alle elevar møter fram til skulestart der dei har fått tilbod om skuleplass. Elevar som ikkje møter fram mistar tilbodet, og plassen går vidare til andre søkjarar. Informasjon om skulestart får elevane frå skulen, og det vil vere tilgjengeleg på nettsidene til skulane.