To skular er i ferd med å bli til ein i Førde

Då skuleåret starta hadde Mo og Øyrane vgs. elevar og undervisning åtte ulike stadar. No har innflyttinga i nye Førde vgs. starta, og rektor for nyeskulen er godt i gang med å slå saman to skular og å samle over 200 tilsette og nesten 1000 elevar.

foto av Mats Bryne inne på nye Førde vgs.
REKTOR: Mats Bryne er i dag prosjektrektor for Førde vidaregåande skule. Denne hausten har han saman med fleire elevar og tilsette flytta inn i nybygget på Øyrane, som framleis held på og bli bygd. (Foto: Birthe Johanne Finstad/Vestland fylkeskommune)

Mats Bryne har gjort dette før, det han beskriv som noko av det vanskelegaste du kan gjere som skuleleiar, nemleg å slå saman to skular. Den gongen var det Forus og Lundehaugen som vart til Vågen vgs. i Sandnes. No er det Mo og Øyrane og Hafstad som skal bli til Førde vgs.

– Om det er ein fordel å ha gjort det før? Det står att å sjå, men eg håpar og trur det, seier Bryne.

Skape ny skulekultur

Inntil vidare er han prosjektrektor for nye Førde vidaregåande skule og samarbeider tett med rektor Liv Horvei på Mo og Øyrane vidaregåande skule og Nina Bygstad på Hafstad vidaregåande skule.

– Eg trur på samskaping, at vi skal jobbe oss fram til ei felles forståing og lage noko nytt saman. Vi skal lage ein ny skule og skape ein ny skulekultur. Det er ein stor fusjon og veldig ulike skular. Vi har laga ein strategi ilag, og det handlar i stor grad om involvering av både tilsette og elevar, seier Bryne på det midlertidige kontoret sitt på nye Førde vgs.

Han flytta inn hit etter haustferien, saman med elevane som går på studieprogramma elektro, bygg- og anleggsteknikk og teknologi- og industrifag (TIF). Framleis er det undervisning ulike stadar i Førde, men talet på stadar er redusert, fleire elevar er samla på Øyrane, nokon i nybygget og nokon i Concorde-bygget rett over gata. I februar flyttar vg2 transport og logistikk frå midlertidige lokale i Førde til skulestaden på Mo. Og frå skulestart i august neste år skal heile det store nye skulebygget på Øyrane i Førde vere ferdig.

foto frå inne i nye Førde vgs.
UNDERVISNING OG BYGGEPROSJEKT: Det kan vere ei utfordring både å bygge ein skule som er delvis teken i bruk, og å ha undervisning i ein skule som held på å bli bygd. Men samarbeid og dialog er stikkord for å få det til å fungere for alle. (Foto: Birthe Johanne Finstad/Vestland fylkeskommune)

Ungdom opptekne av skulen

Då går Førde frå å ha ein yrkesfagleg og ein studiespesialiserande skule til å ha ein vidaregåande skule som rommar alt, men som framleis er lokalisert to stadar, i Førde og på Mo.

– Eg opplever at ungdom i regionen er opptekne av dette. Mange av dagens elevar seier det er bra det blir ein vidaregåande skule, med skulestadar i Førde og på Mo. Eg trur og håpar vi får ein meir samla elevkultur når vi fjernar valet mellom Hafstad og Mo og Øyrane.  Elevane skal velje utdanningsprogram, ikkje skulebygg. Skulen skal bidra til oppvekstmiljøet og er ein ekstremt viktig arena. Det er kanskje den siste fellesarenaen som er att, seier Bryne.

foto av Hafstad vgs i Førde
HAFSTAD VIDAREGÅANDE SKULE: Nye Førde vgs. samlar dagens to vidaregåande skular Mo og Øyrane og Hafstad til ein skule. Bygget som i dag husar Hafstad vgs. er selt til Sunnfjord kommune. (Foto: Vestland fylkeskommune)

Bruke læringsarenaer på tvers

Han er oppteken av læringsarenaene som opnar seg med den nye skulen, når ein samlar så mange utdanningsprogram, elevar og lærarar.

– Vi skal ikkje ha vasstette skott mellom avdelingane. Målet er å få til samarbeid mellom teori og praksis i alle fag, og at alle får innsikt i kvarandre sin kvardag. Vi skal bruke læringsarenaer på tvers, og det legg det nye skulebygget til rette for, fortel han.

Bygget rommar store verkstadhallar for fag som TIP og bygg- og anleggsteknikk og spesialrom for alle dei ulike utdanningsprogramma. Tanken er at alle elevane ved skulen skal få nytte av at skulen har desse fasilitetane.  

foto frå inne i verkstadhall på Førde vgs
VERKSTAD: Nyeskulen er i ferd med å bli teken i bruk, med nye og godt utstyrte verkstadhallar. (Foto: Birthe Johanne Finstad/Vestland fylkeskommune)

Variert ønskeliste frå elevane

Og nettopp elevane er viktige når den nye skulen og ikkje minst skulekulturen tek form. I fjor hadde både Hafstad og Mo og Øyrane ein prosess der alle klassar kom med innspel til nye Førde vgs. På ønskelista stod alt frå golfbane til bordtennisbord. Prosjektrektoren vil ha jamlege møte med elevråda ved begge dagens skular fram til skulesamanslåinga sommaren 2023.

– Det er viktig å ha med elevane. Dei er opptekne av korleis vi skal ha det med kvarandre, kva vi skal ta med vidare av miljøtiltaka i dag, og korleis vi skal ha det framover. Utfordringa med elevmedverknad i ein slik prosess er gjerne at dei elevane som var med i starten, ikkje får oppleve den nye skulen. Men no har vi kome så langt at mange av dei som er med, også blir med vidare til Førde vgs., seier Bryne.

foto frå fasaden av nye Førde vgs
FØRDE VIDAREGÅANDE SKULE: Store delar av det som er i ferd med å bli nye Førde vgs. er framleis ein byggeplass, men til skulestart i august 2023 skal alt stå klart. (Foto: Birthe Johanne Finstad/Vestland fylkeskommune)

Skal lage ny felles kultur

Ei anna viktig gruppe når det gjeld å skape ein ny skulekultur er alle dei tilsette, frå rektoren sjølv, til lærarar, miljøarbeidarar, reinhaldarar og alle dei andre som held skulehjula i gang. Det er ikkje nødvendigvis enkelt å gå frå to skular til ein, heller ikkje å drive undervisning på ulike stadar eller å flytte inn i eit bygg som framleis blir bygd. Alt skal fungere for dei som har flytta inn, samtidig som det som står att skal bli ferdig, og alt skal koplast saman til slutt.

– Det er mykje logistikk og mange koplingar og kan vere krevjande for både elevar og tilsette. No får vi eit nytt, flott og inspirerande bygg, men vi må følgje opp med måten vi  brukar det må, lage nye rutinar og lage ein felles kultur. Eg tykkjer vi har eit veldig god samarbeid med tillitsvalde og verneombod. Vi er einige om kvar vi vil, og vi har laga ein strategi saman. Det handlar om korleis vi kan sjå kvarandre, bli kjende og jobbe saman, fortel Bryne.

Mo held fram som skulestad

1. januar 2023 tek han over som rektor for både Hafstad og Mo og Øyrane vidaregåande skular. I mai overtek Vestland fylkeskommune heile bygningsmassen, og i august 2023 samlast alle elevar og tilsette på skulestaden Førde i nybygget på Øyrane.

Avdelinga på Mo held fram som skulestad og del av Førde vgs., med utdanningsprogramma naturbruk, vg2 anleggsteknikk og vg2 transport og logistikk. Skulestaden på Mo husar også eit eige kurssenter med mellom anna tilbod om agronomutdanning for vaksne.

foto av køyring med hest og kjerre på Mo
SKULESTADEN PÅ MO: Mo utanfor Førde har lange tradisjonar som skulestad og held fram som del av Førde vidaregåande skule. Her kan elevane blant anna spesialisere seg på heste- og dyrefag. (Foto: Birthe Johanne Finstad/Vestland fylkeskommune)