Til topps med såpe laga av kaffigrut

Med ei berekraftig og miljøvennleg såpe laga av kaffigrut gjekk Naturlig UB ved Amalie Skram videregående skole til topps og vart beste ungdomsbedrift i Vestland.

Oppstilt bilete av fem personar som held diplom og gullbilett. Foto.
FYLKESMEISTER: Piriyanga Jeyaqumar (f.v.), Ati Khaleqi, Kine Helen Hilleren, Cassandra Tjong, Madeleine Simonsen i Naturlig UB skal representere Vestland i NM for ungdomsbedrifter. Foto: Ungt entreprenørskap

Fylkesmeisterskapen i ungt entreprenørskap gjekk av stabelen både i Bergen og i Førde tysdag 15. mars. Dei fem elevane i Naturlig UB er Piriyanga Jeyaqumar, Ati Khaleqi, Kine Helen Hilleren, Cassandra Tjong og Madeleine Simonsen. Dei skal representere Vestland i NM for ungdomsbedrifter seinare i år. 

Naturlig UB produserer ei bærekraftig såpe/skrubb for miljøbevisste i nærmiljøet. Ved å gjenbruke kaffigrut og emballasje tar dei steget videre mot ein meir sirkulær økonomi. Kaffigruten gir såpa god skrubbeffekt, fjernar lukt og gir mjuke hender.

Imponert jury

Juryen er full av lovord: «Årets ungdomsbedrift fullfører helhetlig og i alle dimensjoner av de ulike oppgavene ved det å drive en ungdomsbedrift. Elevene har svært godt eierskap til alle ledd av produksjonsprosessen. Juryen er imponert over hvordan elevene tilegner seg kunnskap og ferdigheter og justerer produksjonen når produktet ikke blir suksess ved første forsøk. Dette er bærekraft i praksis og et godt bevis på at sirkulærøkonomi kan resultere i nye produkt gjennom gjenbruk av råstoff med håndlaget teft. Hos denne ungdomsbedriften er hele spekteret – fra A til Å - inklusive svært gode kommersielle resultater - og det helhetlige og godt gjennomførte arbeidet gjør at dette er årets vinner. Vi gratulerer NATURLIG UB som årets ungdomsbedrift» seier juryen.

Naturlig UB gjekk og til topps i kategorien beste produksjons- eller tenestebedrift.

Oppstilt bilete av tre personar som viser diplom og gullbillett. Foto.
Showtime UB ved Firda vidaregåande skule gjekk til topps i to kategoriar, beste marknadsføring og beste verdiskapingspotensial. Foto: Ungt entreprenørskap

Musikalskule i Sogn

Dei tre elevane i Showtime UB ved Firda vidaregåande skule gjekk til topps både i kategori beste marknadsføring og beste verdiskapingspotensial.

Dei driv musikalskule i Sogn for barn i alderen 6-14 år og set årleg opp førestellingar i Sogndal kulturhus, med utdrag frå ulike musikalar. Dei har plass til alle og satsar på trivsel og meistring, samt skape førestillingar med så høgt nivå som mogleg.

Juryen seier «Denne ungdomsbedriften har en gjennomtenkt tilnærming til hvordan de skal treffe og engasjere nye deltakere. Juryen vil trekke frem at de har valgt å ta i bruk flere tradisjonelle metoder og virkemidler, som den gode gamle «lappen» i sekken, omtale i lokalavisen og direktesending på lokalradioen, oppslag på kulturhuset og oppmerksomhet i kommunene. Samtidig viser de god bruk av digitale kanaler med smart bruk av sosiale medier. Gjennom minishow og filmklipp tar de med seg målgruppen inn i sitt univers – «show, don’t tell»! Showtime UB uttrykker seg profesjonelt, ekte og formidler konseptet sitt på en måte som skaper engasjement».

Oppstilt bilete av tre ungdommar som viser råvarer som er brukt i produksjon. Foto.
– Vi lagar spennande og nye smakar, seier Susanne Larsen Wulff, Hoang Kha Le og Ida Vedvik i Naturlig Godt UB ved Sotra vidaregåande skule. Foto: Bjarte Brask Eriksen/Vestland fylkeskommune

Beste video

Fjellbia UB ved Voss vidaregåande skule vann to kategoriar, beste videopitch og beste arbeidsprosess.

Dei fem elevane er Synne Herfindal, Liv Harterink, Agnes Djønne, Rønnaug Herre og Johanne Hoflandsdal.

Produktet deira er bivokspapir laga av bivoks frå eigen hage og resirkulert materiale. Det er laga for ein grønnare framtid.

Juryen seier «Gjennom avdempet virkemiddelbruk og presis historiefortelling beskrives produktet effektivt og tydelig. Bedriften setter seg inn i en større, global sammenheng: Produktet deres er bra for både deg og planeten. Som seere får vi på en overbevisende måte se hvordan produktet brukes - og gjenbrukes. Helstøpt!»

Oppstilt bilete av tre personar med lik t-skjorte. Foto.
Kommandantgjengen UB ved Stend vidaregåande skule vann berekraftprisen. Her er nokre av dei: Mira, Eli Strand og Brage. Foto: Bjarte Brask Eriksen/Vestland fylkeskommune

Snegleskrekk

Berekraftprisen gjekk til Kommandantgjengen UB ved Stend vidaregåande skule

– Vi har jobba fram eit nytt produkt av chili som vi sjølv dyrkar på skulen. Vi moser chilien og blandar med olje eller eddik. Dette blir gele som vi dyppar i tau og plasserer rundt blomsterbed. Det held sneglene vekke, og blomstene får stå i fred. Vi kallar dette snegleskrekk, seier Eli Strand.

Juryen seier «Denne bedriften utmerker seg med svært gode vurderinger for å sikre bærekraft i alle ledd. Produktet er nedbrytbart og giftfritt slik at det heller ikke skader sine naturlige omgivelser. Alt i alt vurderer juryen at Kommandantgjengen fra Stend vgs. har utviklet et produkt det er behov for i markedet. De har gjort gode vurderinger på bærekraft, både sosialt, miljømessig og økonomisk, og de treffer svært godt på flere av FNs bærekraftsmål».

Elevar ved stand for ungdomsbedrift
BioStercus UB ved Knarvik vidaregåande skule fekk innovasjonsprisen. Foto: Ungt entreprenørskap

Dyrkar salat i fiskemøkk

Innovasjonsprisen gikk til BioStercus UB ved Knarvik vidaregåande skule.

Elevane sel lokalt produserte grønnsaker som både er ferske og billige. Det skal dekke behovet for billig, sunn og bærekraftig mat

Juryen seier «De tar i bruk ny teknologi for å dyrke salat i fiskemøkk. Ved hjelp av aquatronics-teknologi vil de dyrke frem frisk og næringsrik salat. Juryen lot seg imponere».

Oppstilt bilete av 4 personar, tre av dei med svart forkle med fylkeskommune logo.
Kvalmaten UB ved Fitjar vidaregåande skule fekk Jord-fjord-bord-prisen. Foto: Bjarte Brask Eriksen/Vestland fylkeskommune

Gamle smakar tilbake

Jord-fjord-bord-prisen gikk til Kvalmaten UB ved Fitjar vidaregåande skule.

Dei steikar og sel burgarar av kvalkjøt lokalt i Fitjar. Målet er å bringe gamle smakar tilbake med ein moderne vri. Kvalkjøt i dag er både etisk og berekraftig.

Juryen seier «Denne bedriften har tatt tak i et produkt som kan få en ny hverdag. Juryen mener produktet absolutt kan ha noe for seg og vil særlig peke på at ungdomsbedriften gjennom dette produktet kan bidra til at det blir noe mindre bruk av storfekjøtt i hamburgerproduksjonen».

Elevar i ungdomsbedrift
Includit UB ved Høyanger vidaregåande skule hadde beste presentasjon og utstilling i Førde. Foto: Ungt entreprenørskap

Digital utanforskap

Prisen for Beste presentasjon og utstilling i Førde gikk til Includit UB ved Høyanger vidaregåande skule. Dei førebygg digitalt utanforskap hos eldre over 65 ved å arrangere treff, samlingar, kurs og rettleiing der dei hjelper til med bruk av smarttelefon, nettbrett, pc, digitale tenester og kommunikasjon.

Prisen for beste presentasjon og utstilling i Bergen gikk til Grøn tømmer UB ved Sotra vidaregåande skule. Dei bygger drivhus av gjenbrukt materiell med berekraftige løysingar som er vinnvinn for kunde og miljø.

Elevar ved stand for ungdomsbedrift
– Vi lager ladebeskyttarar for å gi ladarar eit lengre liv, seier Anniken Walløe (t.v.) og Emma Skarstein i Bevar UB ved Amalie Skram videregående skole som vann prisen for beste kundeoppleving på nett. Foto: Bjarte Brask Eriksen/Vestland fylkeskommune

Beste kundeoppleving

Prisen for beste kundeoppleving på nett gjekk til Bevar UB ved Amalie Skram videregående skole. Grace UB ved Sandsli videregående skole vann kategorien beste forretningsmodell.

Ut i villmarka UB ved Voss vidaregåande skule arrangerer barnebursdagar for barn i 2.-5.klasse for å skape gode opplevingar og mindre stress for føresette.

– Vi har god etterspurnad og har fått ein del bestillingar framover. Barna skal få klatre i gymnastikksalen og vere med ute i villmarka der vi grillar, lagar bål og pannebrød og har leikar, seier Mary Bidne, Thea Malin Lyhammer, Sunniva Kvamme, Tuva Øvsthus Skudal, Marie Hoel Hansen og Asta Eikemo.

Oppstilt bilete av smilande jenter som skal lage til barnebursdag. Foto.
– Vi arrangerer barnebursdagar, seier Mary Bidne (f.v.), Thea Malin Lyhammer, Sunniva Kvamme, Tuva Øvsthus Skudal, Marie Hoel Hansen og Asta Eikemo i Ut i villmarka UB ved Voss vidaregåande skule. Foto: Bjarte Brask Eriksen/Vestland fylkeskommune

Naturlig Godt UB ved Sotra vidaregåande skular lagar sirup av det mange kallar ugress.

– Vi brukar ulike ting frå naturen som tinnved, eple, granskot, plommer, solbær, rognebær, geitrams, løvetann og skogsbær som ved hjelp av smør og sukker blir sirup som skal gi god smak på pannekaker, is, desserter og kaker. Dette er spennande og nye smakar, seier Susanne Larsen Wulff,  Hoang Kha Le og Ida Vedvik.

Prisen for beste kundeoppleving på nett gikk til Bevar UB ved Amalie Skram videregående skole.

– Vi hadde idemyldring og mange forslag, men vi satsa på å lage ladebeskyttarar for å gi ladarar eit lengre liv og kunne bidra til lågare forbruk. Den skal hindre at festet knekk eller blir øydelagt, seier Anniken Walløe og Emma Skarstein.

Elevar ved stand for ungdomsbedrift
– Vi lagar mobildeksel i 3D-printar av nedbrytbar plast som gjer mindre utslepp når den blir broten ned, seier Eirik Sjo og May-Elise Flatebø i Grace UB ved Sandsli videregående skole vann klassen for beste forretningsplan. Foto: Bjarte Brask Eriksen/Vestland fylkeskommune

Mobildeksel i 3D-printar

Grace UB ved Sandsli videregående skole vann klassen for beste forretningsplan.

– Vanlege mobildeksel har ikkje plass til bankkort eller blir øydelagde om du har bankkort i dei. Vi lagar derfor deksel til mobiltelefon som har plass til bankkort. Deksla lagar vi i 3D-printar av nedbrytbar plast, såkalla PLA-plast. Det er ein form for bioplast som skal gje mindre utslepp av co2 når den blir broten ned, seier Eirik Sjo og May-Elise Flatebø.

Ungdom viser fram diplom. Foto.
Grøn tømmer UB ved Sotra vidaregåande skule hadde beste presentasjon og utstilling i Bergen. Foto: Ungt entreprenørskap