Skredsikringsprosjektet på fv. 53 Ljoteli er opna

Første bil køyrde gjennom den 1100-meter lange tunnelen 23. februar, etter at fylkesordførar Jon Askeland opna det etterlengta skredsikringsprosjektet i Årdal kommune.

Hilmar Høl og Jon Askeland klypper snora framfor tunellen. Foto.
ETTERLENGTA TUNNEL: Fylkesordførar Jon Askeland opna det etterlengta skredsikringsprosjektet med ein 1100 meter lang tunnel i Ljoteli i Årdal kommune, flankert av ein glad ordførar i Årdal, Hilmar Høl. Foto: Ingvild Ramstad/Vestland fylkeskommune

No kan trafikantane ferdast trygt gjennom eit særs skredfarleg område. Byggefasen tok til i 2019, og hovudentreprenør har vore Flage maskin. No har Vestland fylkeskommune opna ein moderne og trygg tunnel. I samband med prosjektet er det og bygd 700 meter ny veg ved Holsbru på deponimassar frå tunnelen. Med dette fekk ein stengt den gamle og tungdrevne Holsbru-tunnelen.

– Det å forstå verdien av ein trygg og rassikker veg gjer ein kanskje ikkje fullt ut før ein har opplevd utryggheit og skredfare som her i Ljoteli over tid. No er denne vegen tryggare, men vi har mange prosjekt vi framleis må sikre i Vestland, sa fylkesordførar Jon Askeland da han klipte snora ved Ljoteli-tunnelen.

Skredsikringsprosjektet er realisert i eit svært bratt og utfordrande terreng som er utsett for ras, snøskred og nedfall av stein og is. Planlagd opning var seint hausten 2021. Etter noko utsetting grunna utfordringar med det styringstekniske systemet og endeleg godkjenning av tunnelen, kunne fylkeskommunen opne prosjektet i kaldt snøver og med store snømengder i området.

Fylkesordførar Askeland med ordførarkjede i samtale framfor tunnelopninga. foto.
Odd Tore Moen (t.h.) frå Årdal gledde seg stort over opninga av den nye tunnelen i lag med fylkesordførar Jon Askeland. Moen køyrer vegen i Ljoteli fleire gonger i veka med hjartet i halsen og var svært glad for opninga av den nye tunnelen på fv. 53. Foto: Ingvild Ramstad/Vestland fylkeskommune

Med hjarta i halsen

Ein av dei som har venta lenge på tunnelen var årdølen Odd Tore Moen, som har vore kritisk til at opninga lot vente på seg. Han fekk med seg opningsmarkeringa i lag med om lag førti frammøtte ved tunnelmunninga i sør.

– Dette er ein merkedag, verkeleg ein gledas dag for Årdal og for heile regionen! sa Moen. – Eg køyrer her opptil fire gangar i veka på jobb og på hytta, og det har vore med hjartet i halsen kvar gang. Vi ser både ras og kva som dett ned i vegen, og med barnebarn i baksetet er det ikkje noko god kjensle. Dette har så mykje å sei for alt frå næringsliv til turisme i området, endeleg er tunnelen på plass.

Fylkesordføraren gledde seg i lag med Moen og på vegne av heile Vestland.

– Rassikring er viktig for samfunnsutviklinga i heile fylket vårt. Eg ber om at alle må vere med i kampen om at regjeringa må minst tredoble potten til fylkesvegar. Då kan vi i fylket få gjort noko som monnar dei neste ti åra, sa Askeland.

Mennesker i gule arbeidsjakkar er publikum når Ljoteli-tunnelen vert opna. Foto.
40 frammøte deltok på opningsmarkeringa for Ljoteli-tunnelen på ein kald vinterdag i Årdal kommune. Foto: Ingvild Ramstad/Vestland fylkeskommune

Tryggleiken i førarsetet

Tunnelen er prosjektert etter nyaste gjeldande krav, og er ein særs trygg tunnel. Uansett kva som måtte skje er ein aldri langt frå eit av dei 11 naudskapa i tunnelen. Den er sikra med 5400 sikringsboltar og 3300 kubikkmeter sprøytebetong. Ved den sørlege tunnelmunninga er skjeringane 28 meter høge, og i ura over tunnelinngangen er fjellet sikra med om lag 7 000 meter stålstag. 200 meter med fanggjerde er satt opp  rundt tunnelen.
Arbeid i eit slikt terreng er heller ikkje risikofritt, men det har vore jobba godt med tryggleik og HMS. Det har ikkje vore noko personskade med fråvær i prosjektet.

– Vi er veldig glade i dag for å ta enda eit steg fram mot eit tryggare fylkesvegnett, det er desse vegane folk bur langs og brukar, sa Askeland.