Skal gjere barn bevisst på ureining i havet

– Målet med boka er å gjere barn i ung alder bevisst på korleis vi menneske ureinar havet, seier elevar ved Odda vidaregåande skule. Dei står bak ungdomsbedrifta Barnas mål UB som deltok i fylkesmeisterskapen i Ungt Entreprenørskap 15. mars.

Oppstilt bilete av tre smilande jenter som viser ei bok. Foto.
FYLKESMEISTERSKAP I UNGDOMSBEDRIFTER: Emilie Svensson Srow (f.v.), Mia Nes og Eline Lillestraum i Barnas mål UB har skrive og utgitt boka "Havets helter" om miljøproblema. Foto: Bjarte Brask Eriksen/Vestland fylkeskommune

I Barnas mål UB er Emilie Svensson Srow, Mia Nes og Eline Lillestraum engasjert seg i miljøproblema.

–Vi vil informere barn om berekraftsmåla og lære dei om miljøproblema på ein gøy måte. Vi har skrive eit eventyr som vi har gitt ut som bok med tittel «Havets helter». Vi har fått Frode Grytten til å skrive forordet. Boka er skrive som eit eventyr som viser at vi menneske ureinar havet. Eventyret handlar om to fiskar og ei havfrue som oppsøker menneske for å lære dei kva som skjer i havet når vi kastar boss, seier dei tre elevane.

2. og 3. plass

Ideen til boka fekk dei sjølve. Dei fekk to prisar på fylkesmeisterskapen. 2. plass for største verdiskapingspotensiale og 3. plass for beste forretningside.

Juyen seier «Et fint eksempel på hvordan man kan kombinere forretningsforståelse med miljøbevissthet og ønsket om å skape engasjement om klimautfordringer og bærekraft hos barn og unge på en positiv måte. Et spennende og visuelt imponerende litteraturprosjekt med solid opparbeidet kontaktnett innen kultur og litteratur danner grunnlaget for en velskrevet plan og forretningsmodell. Fine vurderinger knyttet til fremdrift, utvikling og samarbeid».

– Elevane lærer å starte og drive ei bedrift og tek kunnskapen om dette med seg vidare i livet, seier avdelingsdirektør for opplæring og kompetanse, Bjørn Lyngedal, her med assisterande rektor på Amalie Skram videregående skole, Maria Olsen og elevane i  Kapp UB ved Bergen private gymnas. Foto: Bjarte Brask Eriksen/Vestland fylkeskommune
– Elevane lærer å starte og drive ei bedrift og tek kunnskapen om dette med seg vidare i livet, seier avdelingsdirektør for opplæring og kompetanse, Bjørn Lyngedal, her med assisterande rektor på Amalie Skram videregående skole, Maria Olsen og elevane i Kapp UB ved Bergen private gymnas. Foto: Bjarte Brask Eriksen/Vestland fylkeskommune

Strålande arrangement

Avdelingsdirektør for opplæring og kompetanse, Bjørn Lyngedal i Vestland fylkeskommune er veldig nøgd med fylkesmeisterskapen og nivået på ungdomsbedriftene.

–Dette er eit strålande arrangement. Ungt entreprenørskap er veldig viktig for elevane. Elevane viser engasjement, ikkje berre i klassen og timane, men også i helgane og ettermiddagar. Dei lærer å starte og drive ei bedrift og tek kunnskapen om dette med seg vidare i livet. Vi mange små bedrifter, seier Bjørn Lyngedal som er med i juryen og er styreformann i Ungt entreprenørskap.

Fylkesmeisterskapen vart skipa til i Førde og Bergen. I Bergen har den vore på Amalie Skram videregående skole i alle år etter at den vart opna. 30 elevar ved skulen stod bak arrangementet og var verter og organiserte det heile.

Oppstilt bilete av ungdommar frå Stend vidaregåande skule. Foto.
Johan Hansen Lange, Lucas Solheim, Julie Marlen Waage Knappskog og Lina Landmark i Zoophoria UB ved Stend vidaregåande skule arrangerer bursdagsfestar og tilbyr dyreglade barn minneverdige opplevingar. Foto: Bjarte Brask Eriksen/Vestland fylkeskommune

Minneverdige dyreopplevingar

 Elevane i Zoophoria UB går på Stend vidaregåande skule.

–Vi skipar til barnebursdagar på skulen hos oss på smådyravdelinga. Vi UB tilbyr dyreglade barn minneverdige dyreopplevingar. Dei får sjå dyra og klappe dei. Barna får og mat og drikke, seier Johan Hansen Lange, Lucas Solheim, Julie Marlen Waage Knappskog og Lina Landmark.

På smådyravdelinga er det mellom anna reptilar, virvellause dyr, gnagarar, fiskar og fuglar.

Best på rekneskap

Zoophoria UB vann fylkesprisen for beste rekneskap

– Vi har gjort ein god jobb, men forsøkte eigentleg ikkje å vinne, seier elevane.

Juryen seier «Zoophoria UB har utarbeida ein svært god beskrivelse som gjer det enkelt for juryen å få oversikt over hovudpostar i resultat og balanse samt anna relevant informasjon. Juryen er og imponert over korleis Zoophoria UB har nytta Vippsrapportane for å forklare dei underliggande transaksjonane frå Vipps. Dette vitnar om ei ungdomsbedrift med svært god rekneskapsforståing. I møte med juryen forsterkar Zoophoria UB dette inntrykket».

107 ungdomsbedrifter

680 elever i 107 ungdomsbedrifter frå 25 ulike skoler i Vestland deltok. Vi kjem attende med meir om Ungt entreprenørskap og resultatlista.