Krev endring i klimatilskotsordning

Staten må koste flaumsikringstiltak også for fylkeskommunal infrastruktur. Dette vedtok fylkesutvalet i Vestland , og meiner det må gjelde for ny bru i Innvik.

Staden Innvik
FLAUMSIKRING: NVE meiner Storelva bru på fylkesvegen i Innvik må bytast ut som eit flaumsikringstiltak. Fylkeskommunen har ikkje slike midlar, og meiner staten må koste tiltaket og få fylkesvegnettet inn under statleg tilskotsordning for flaum- og skredsikring. Foto: Statens vegvesen

Fylkesutvalet i Vestland fylkeskommune handsama saka i møte 6. april.  

Behovet for å vedlikehalde og sikre dei mange bruene i Vestland er allereie stort og kostbart, forfallet er bekymringsfullt. No meiner Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) at fylkeskommunen må erstatte Storelva bru på fv. 60 i Innvik grunna fare for flaum i framtida.

Fullt ut statleg ansvar

– Flaumsikring er eit statleg ansvar, og då må statlege NVE sikra midlar til flaumsikring av fylkesvegbruene. Fylkeskommunen får sine midlar frå Staten, og då kan ikkje NVE sidestilla flaumsikring av riksvegar og fylkesvegar, seier fylkesordførar Jon Askeland.

– Med det fylkeskommunen får i dag og med det store vedlikehaldsetterslepet vårt kan vi ikkje prioritere å bytte ut ei godt brukandes bru framfor andre prosjekt.
Fylkesutvalet krev at kostnadane med skifte av brua i Stryn kommune som eit flaumsikringstiltak blir fullt ut dekt av staten som ein del av ordninga for flaum- og skredsikringstiltak.

– Å sikre infrastruktur mot framtidige flaum- og skredhendingar er viktig,  men det kan ikkje gå ut over kritisk vedlikehald i fylket, difor må staten ta denne kostnaden.

Må også gjelde fylkesveg

Fylkesutvalet ser den statlege tilskotsordninga for flaum- og skredsikring som eit viktig klimatilpassingstiltak, men meiner den må endrast slik at den tar opp i seg fylkeskommunal infrastruktur. Dei økonomiske rammene for ordninga må bli også bli auka og regelverket endrast.

– Klimatiltak blir meir og meir aktuelt med klimaendringane som skjer, ikkje minst for veg og infrastruktur. Vi må kunne sikre fylkesveg på same måte som resten av vegnettet, seier Askeland.

Kartlegging i samband med Regional transportplan viser at det kostar om lag 3,6 milliardar kroner å utbetre forfallet av bruene i Vestland. Det er ikkje blitt avdekka kritiske skader på den eksisterande Storelva bru i Innvik, men NVE meiner brua har for liten kapasitet på vassgjennomstrøyming. Total kostnad på ny bru og tilhøyrande veg kan nærme seg NVE sitt beløp for tiltaket i Storelva på 85 millionar kroner.

– Vi har ikkje moglegheit til å prioritere slike tiltak, da må det følge pengar med, seier Askeland.

Situasjonen synleggjer eit behov for midlar til føremål det ikkje finst midlar til i dag, og fylkeskommunen vil no gå i dialog med Olje- og energidepartementet og Samferdselsdepartementet om saka,  samt med NVE der overlappande interesser treff vegnettet.