Budsjettsprekk for Bybanen til Fyllingsdalen
Bybanen til Fyllingsdalen, som opnar 21. november i år, vert om lag 1 milliard kroner dyrare enn budsjett. Dette skuldast auka entreprisekostnader, kraftig prisvekst i bygg- og anleggsbransjen og meirkostnader til grunnerverv. I tillegg kjem ein del ikkje-føresette kostnader.
– Fylkeskommunen, som har ansvaret for utbygginga av Bybanen i Bergen, har gjennomført alle tidlegare byggjetrinn i samsvar med budsjett og avtalte framdriftsplanar. Utbygginga til Fyllingsdalen er meir omfattande med komplekse og kostbare løysingar, som har medført større risiko. Prosjektet har diverre ikkje hatt tilstrekkeleg kontroll med den løpande kostnadsutviklinga, og dét tar vi sjølvkritikk for, seier Håkon Rasmussen, avdelingsdirektør for mobilitet og kollektiv i Vestland fylkeskommune.
Dette er meirkostnadene
Budsjettsprekken er knytt til fylkeskommunen si styringsramme for prosjektet (P50), som er på vel 7,7 milliardar kroner (2017-kroner). Tidlegare varsla meirkostnader inngår i denne budsjettoverskridinga. Dei auka kostnadene fordelar seg grovt sett slik:
- 500 millionar kroner er knytt til auka entreprisekostnader
- 200 millionar kroner er relatert til prosjektering
- 200 millionar kroner er relatert til grunnerverv og andre felleskostnader
- 100 millionar kroner skuldast den uvanleg høge løns- og prisveksten i bygg- og anleggsbransjen
Vil ta lærdom
Prognosen viser at prosjektet framleis er innanfor den kostnadsramma som Stortinget har vedteke (P85). Budsjettoverskridinga i prosjektet vil bli dekka innanfor den økonomiske ramma til Miljøløftet.
Avdelingsdirektøren er klår på kva som er den viktigaste lærdomen frå byggjetrinn 4 til Fyllingsdalen:
– Dei involverte partane i utviklinga av Bybanen må velje løysingar som reduserer kostnader og risiko. I tillegg må vi ha tettare oppfølging og kontroll med økonomien i alle fasar av prosjektet, understrekar Håkon Rasmussen.
Prosjektdirektøren ber om avløysing
Roger Skoglie, som sidan 2012 har leia arbeidet med å byggje ut bybanen i Bergen, ber om at andre tek over leiinga av prosjektet. Utbyggingssjef Terje Simmenes vert konstituert som prosjektdirektør. Stillinga som prosjektdirektør for neste byggetrinn til Åsane vert lyst ut i løpet av hausten.
– Eg vil takke Roger Skoglie for den betydelege innsatsen han har lagt ned gjennom mange år i prosjektorganisasjonen. Han skal ha ein stor del av æra for den suksessen som Bybanen har blitt, både som transportmiddel og byutviklingsgenerator i Bergen. Vestland fylkeskommune tar no grep for å sikre kompetanse og tilstrekkelege ressursar i det vidare arbeidet med utbygginga av Bybanen, seier Håkon Rasmussen.