100-årsjubileum med gåveoverrekking og opning av ny uteplass

Firda vidaregåande skule feirar 100 år i haust, og denne veka har det vore jubileumsveke på skulen på Sandane. Onsdag var hovudutval for opplæring og kompetanse på plass, og leiar Karianne Torvanger både klypte snor og planta magnoliatre.

foto av kvinne og mann som plantar eit tre
MAGNOLIATRE: 100-årsgåva frå hovudutval for opplæring og kompetanse til Firda vidaregåande skule var eit magnoliatre, som utvalsleiar Karianne Torvanger og rektor Hallgeir Hansen tok ansvar for å plante. (Alle foto: Birthe Johanne Finstad/Vestland fylkeskommune)

– Det er ei ære å få vere med å feire det som er meir enn ein skule, for å sitere skulen sitt eige slagord. I 100 år har det vore undervisning her, først på Firda gymnas og så på Firda vidaregåande. Det er ein skule som både før og no har samla elevar frå heile tidlegare Sogn og Fjordane, noko som gjer at veldig mange har eit forhold til Firda, seier Torvanger.

Ho og resten av hovudutvalet hadde møte i aulaen ved skulen 14. september, og dei var også inviterte til å ta del i 100-årsfeiringa. Til lunsj fekk dei servert skive med brunost og havresuppe, mat som har lange tradisjonar ved skulen.

foto av Karianne Torvanger som klypper snor for å opne ny utescene ved Firda vgs.
NY UTESCENE: Karianne Torvanger stod for snorklyppinga då den nye utescenen og uteplassen på Firda vgs. vart opna 14. september.

Skårar høgt på trivsel og skulemiljø

Mat, kantine og det sosiale har vore viktig sidan starten og er det framleis. Rektor Hallgeir Hansen fortel at «damene på kjøkenet» var limet på skulen i den tidlege tider. Og der kantina var i starten, i kjellaren i hovudbygget som arkitektonisk liknar Eidsvollsbygningen, der er det no open skule.

– Her har vi mange aktivitetar gjennom skuleåret,  kjøkenet og open skule er viktig for å bygge eit godt skulemiljø. Dette er noko som alltid har vore viktig for elevar og tilsette ved skulen. Elevane er basen i det gode skulemiljøet, fortel Hansen.

foto av mange folk framfor hovudbygningen på Firda vgs.
JUBILEUMSVEKE: Firda vgs. har vore viktig for mange i den 100-årige historia til skulen, og i løpet av jubileumsveka har mange tidlegare elevar lagt turen innom skulen, i tillegg til politikarar og andre besøkande.

Framleis blir det servert gratis frukost ved skulen kvar dag, i tillegg til gratis kvelds ein dag og billeg middag ein dag, men no i ny kantine nabobygget.

Opna ny utescene

Hovudutvalet hadde med eit magnoliatre i gåve til 100-årsjubilanten, som Torvanger og Hansen planta i utkanten av den nye skuleplassen. Plassen mellom alle bygga ved skulen har nemleg fått seg eit løft sidan sist skuleår. Her har kome bord og benkar, plantekassar, ei huske og ikkje minst ei utescene, som nok kjem til god nytte på skulen med musikk, dans og drama som eit av opplæringstilboda.

Dette er ein YouTube-video YouTube krever at du tillater markedsføringscookies for å sjå denne videoen

Scena vart opna med korsang av elevane, før Karianne Torvanger klypte snora, og tidlegare elev og musikar Sigrid Moldestad inntok scena med fele.

– Musikk, dans og drama er kanskje det utdanningsprogrammet Firda har vore mest kjent for dei siste åra, men skulen har òg idrett og studiespesialiserande og har i alle år rekruttert elevar frå heile fylket. Her har elevar frå ulike stadar møttest for å dyrka interessene sine og gjerne skape seg eit levebrød av dei, seier Torvanger.

foto av Firda vgs
UTEPLASS: Bygningane ved Firda vgs. ligg samla rundt skuleplassen, som i løpet av sommaren har fått seg eit skikkeleg løft. Gymnasbygget til høgre stod ferdig i 1924. Seinare har blant anna realskulebygget og Trivselshagen kome til.

Demokrati og medborgarskap i jubileumsveka

Sjølve 100-årsdagen til skulen var 23. august. Då var det feiring med pizza til alle, lansering av boka «Firda. Meir enn ein skule i 100 år» og fellesbilde av alle elevane som går på skulen dette skuleåret. Men det er denne veka i september som har vore hovudfeiringa.

Den vanlege timeplanen har gått ut, og elevane har hatt temaa demokrati og medborgarskap på timeplanen heile veka. Rektor Hansen fortel at det har vore historiske tilbakeblikk, samstundes som elevane har blitt utfordra til å sjå framover.

– Tysdag var aktivisme tema. Elevane har blant anna øvd på appellar som dei har framført for kvarandre. Onsdag var det historisk dag, då var det songundervisning i bedehuset og latinundervisning i den gamle skulestova i museet. Latin og realfag var dei to faga ein kunne velje dei fyrste åra ved skulen. Torsdag såg vi framover og hadde innovasjonsdag, der vi utfordra elevane til å kome opp med idear og løysingar på dagsaktuelle samfunnsutfordringar, seier han.

Feiringa blir avslutta med ein jubileumsfest i kultursalen i Trivselshagen fredag 16. september, der Sigrid Moldestad skal vere konferansier.

Dette er ein YouTube-video YouTube krever at du tillater markedsføringscookies for å sjå denne videoen